Korallreva vil truleg døy ut

Janne Nerheim
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior. Der kan du òg lese om Malgorzata som forskar på personvernet vårt.

Ifølgje FNs klimapanel er dei alvorlege klimaendringane allereie i full gang.

Kloden blir varmare, og politikarane har sett som mål at temperaturen ikkje skal stiga meir enn 1,5 grader samanlikna med førindustrielt nivå. Førindustrielt nivå betyr temperaturen som var på kloden i perioden før industrialiseringa skaut fart på slutten av 1700- og starten av 1800-talet.

Sårbare korallrev

Men no har forskarar sjekka korleis framtidsutsiktene ser ut for korallreva dersom verda klarar å halda seg under målet på 1,5 grader, skriv Fagpressenytt.

Det var NTB som fyrst omtala saka.

– Den brutale sanninga er at det ikkje finst ei trygg grense for oppvarming når det gjeld korallrev, seier Adele Dixon ved universitetet i Leeds, som har leidd arbeidet med studien.

– 1,5 gard er framleis for mykje, seier ho.

FNs klimapanel fortalde i august at den globale oppvarminga alt i 2030 kan komma til å passera 1,5 grader.

1,5 grader utgjer skilnaden

1,5 grad høyrest lite ut, men kan utgjera skilnaden mellom overleving eller øydelegging for små øystatar, kystområde og sårbare økosystem. Ifølgje den nye rapporten vil over 99 prosent av korallreva i verda vil døy som følgje av stadig fleire hetebølgjer i havet.

Dersom den globale oppvarminga blir på 2 grader, vil alle korallrev døy ut, ifølgje studien.


Bergen Raud Ungdom under ein aksjon i samband med deira nasjonale aksjonsveke for klima, miljø og anti-kapitalisme. Foto: Bergen Raud Ungdom