ANNONSE
ANNONSE
Framsida KULTUR Då eg var 20: Vebjørn Selbekk høyrte på kristen hardrock og skulle...

Då eg var 20: Vebjørn Selbekk høyrte på kristen hardrock og skulle bli pappa

Kollasj av Framtida.no. Foto: Foto: Carina Johansen / NTB og privat.

Då eg var 20: Vebjørn Selbekk høyrte på kristen hardrock og skulle bli pappa

Då redaktør Vebjørn Selbekk (52) var 20 år gjekk han på bibelskule og jobba i matbutikk.

– Det var undervising på bibelskulen kvar morgon og føremiddag fram til lunsj. Deretter jobba eg i matvarebutikk på ettermiddagar, kveldar og helgar til heilt elendig betaling (ein kan bli sosialist av mindre).

Då Vebjørn Selbekk (52) var 20 år gamal budde han i Uppsala i Sverige og gjekk på bibelskulen Livets Ord.

– Det var eit intensivt og spennande tilvære, men fritid var det svært lite av, fortel han i ein e-post til framtida.no.

I dag er han redaktør i det kristne avisa Dagen og har i vinter vore å sjå på TV-skjermen som deltakar i Farmen kjendis.

Karikaturstriden

I januar 2006 vart han kjend over heile landet og delar av verda då han trykte 12 karikaturteikningar av den islamske profeten Muhammed, frå Jyllands-Posten i Danmark, i si eiga avis Magazinet (i dag kalla Dagen).

Mange muslimar kjende seg djupt krenkte og provoserte av teikningane. Det vart store demonstrasjonar internasjonalt og fleire mottok drapstrugslar i fleng, også Selbekk.

Likevel har han heilt sidan det hende, vore klar på at han ville ha gjort det igjen. Allereie i februar same året fekk han spørsmål frå VG om han angra og om det var verdt det når han sjølv, familien og andre nordmenn i utlandet vart trua:

– Det er jo eit ubehageleg spørsmål når ein ser desse konsekvensane. Men dersom ein angrar på at ein har brukt ytringsfridomen i eit demokratisk samfunn, då skadar det vårt demokratiske fundament, svara han til avisa.

Trudde han skulle bli misjonær

Sjølv om han hadde jobba som frilansar for lokalavisa frå han var 14-15 år, var det ikkje journalist og redaktør han trudde han skulle bli.

– Den gongen trudde eg at eg skulle bli misjonær, kanskje i Aust-Europa og Russland etter Murens fall som skjedde i 1989, akkurat det året då eg fylte 20.

Livet på bibelskulen påverka fritida, også kulturelt.

 – Naturleg nok vart det mykje Bibel og kristen litteratur knytt til bibelstudia. Favorittmusikken var kristen hardrock som Jerusalem og Stryper.

Positiv graviditetstest

20-årsdagen sin hugsar han ikkje, men det var særleg ein person som prega denne tida av livet.

– Kven var den viktigaste personen i livet ditt?

– Då, som no, var det kona mi, Catarina, som eg hadde gifta meg med eitt år tidlegare.

Bilete av Vebjørn og Catarina Selbekk frå 20-åra. Foto: privat.

– Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

– Det sterkaste minnet var ein positiv graviditetstest. Som 20-åring fekk eg vite at eg skulle bli pappa, og vår fyrste dotter, Maria, vart fødd året etter. Då hadde eg så vidt rokke å bli 21 år.

Han såg svært positivt både på framtida og på livet.

– Eg gleda meg til å bli pappa og byggje ein familie saman med kona mi.

I tillegg opna verdssituasjonen med Berlinmurens fall for høve til kontakt med ein del av verda som hadde vore ganske lukka for dei tidlegare.

– Det betydde spesielt mykje for meg som hadde ei mor som var fødd i det kommunistiske Aust-Tyskland.

– Ver litt mindre seriøs

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Eg kunne godt tenkt meg å bli kompis med Vebjørn (20), altså. Eg trur han var ein ganske hyggeleg og interessant fyr, men kanskje til tider litt for alvorleg og anspent.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Kjære Vebjørn (20): Ver litt mindre seriøs og litt meir «easy-going». Det kjem til å gå bra, skjønar du. Og så ville eg sagt: Invester i Apple og etterkvart Bitcoin og Tesla.


Hege Schøyen. Foto: Privat.// Foto: Terje Bendiksby / NTB
Oppdatert: måndag 14. februar 2022 09.40
ANNONSE