Vebjørn Selbekk: Å leve med frykta

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Å leve med frykta

Datoen er 11. januar 2006, og Magazinet-redaktør Vebjørn Selbekk har nettopp opna ein e-post han seint vil gløyme. Dagen i førevegen har den kristne dagsavisa trykt ein faksimile av Muhammed-karikaturane som har skapt rabalder i Danmark, og øvst i innboksen ligg ein e-post med to bilete vedlagt.

– Bileta viste eit brent lik, der det eine var eit nærbilete av personen sitt andlet, forvridd i smerte. I teksta som følgde med vart eg bedt om å identifisera meg med den avdøde. Eg hadde håna Profeten. Difor skulle eg døy.

I dagane som følgjer held truslane fram med å tikka inn. Når dei rundar 50, sluttar Selbekk å telje.

– Den første mailen kan kanskje tolkast i retning av ein teologisk trussel om helveteseld, men dei andre var direkte formuleringar som let lite vera att til guddommeleg inngripen. Det var grafiske skildringar av korleis ein skulle ta seg inn på soverommet mitt og skjere hovudet av meg.

Det me i ettertid kjenner som karikaturstriden var i gong, og Vebjørn Selbekk var i midt i  stormens auge.

LES OGSÅ: Are Kalvø om Vebjørn Selbekkog angrep på ytringsfridommen

Frå DDR til Trøndelag
Ti år seinare er det ein nesten urovekkjande hyggjeleg sjefsredaktør som ynskjer oss velkommen til Dagens kontorlokale. Den karakteristiske sveisen har halde seg. Det same har den umiskjennelege trønderdialekta. Han tek plass i sofaen, og byrjar forteljinga om kvifor namnet hans i dag av mange vert assosiert med brennande ambassadar og rasande folkemengder.

Mora kom åleine til Trondheim som flyktning frå Bautzen i Øst-Tyskland som niåring, og gifta seg seinare med ein lokal mann. Familien slo seg ned på Meråker, der mora jobba som instruktør på det lokale skigymnaset, og seinare var trenar for namn som Petter Northug.

Sommarferiane familien var i DDR sette spor som framleis er tydelege i Selbekk.

– Eg kan framleis nesten mana fram kjensla av å kryssa grensa mellom vest og aust den gongen, kjensla av uhygge og fråvær av fridom. DDR er vel det næraste me til no har kome overvakingssamfunnet Orwell skildrar i 1984. Kommunisme utført med tysk grundigheit gir eit ganske spesielt resultat.

Selbekk skildrar barndomsheimen som varm, med stor vekt på det kristne elementet, men òg som ein stad der historie og politikk stod i fokus. Det var aldri tvil om kva han ville bli.

– Eg byrja å ta freelance-oppdrag for lokalavisa som 14-15-åring, og haldt fram med det under studietida. Eg var nok ingen veldig engasjert student, og drog heller på jobb enn på førelesning.

Seinare vart han journalist og redaktør i Magazinet, og med kone og tre barn såg det ut til at livet hadde falt på plass for Vebjørn Selbekk.

Så gjekk Muhammed-karikaturane i trykken, og livet til den vesle familien vart snudd på hovudet.

LES OGSÅ: PST vil bli meir aktive på Facebook

Når pappa blir drepen på TV

Etter kvart som talet på drapstrugslar auka, vart Selbekk og familien hans flytta til hemmeleg adresse.

Politiet kom fleire gonger innom for å gjennomgå tryggleiksinstruksar, som korleis handsame mistenkjeleg post, og å alltid sjekke undersida av bilen for sprengsstoff.

I desse åra var Selbekk mest uroa for borna.

– Ungane mine har ein del erfaringar andre born ikkje har. Dei var ni, 13 og 15 på den tida, og mi største bekymring er at dei tok skade av dette i form av langtidsverknadar. Men no har det altså gått ti år, og det ser ut til at det har gått bra. Kanskje har dei til og med blitt styrkte av det.

Korleis forklarar ein borna at faren deira er i avisa og på tv fordi menneskjer der ute vil drepa han?

– Nei, korleis forklarar ein noko slikt? Ein må jo prøva å tilpassa informasjonen til alderen deira, og vera så open som mogleg om situasjonen. Dei var jo framleis born, men samstundes gamle nok til å få med seg at noko var i vegen.

Selbekk gnir seg i augo. Smilet har for lengst forsvunne, og han kremtar merkbart meir mellom kvar setning når spørsmålet om borna kjem opp.

– Eg hugsar spesielt ein gong eg og den yngste sonen min såg på TV saman, og det dukka opp eit nyheitsinnslag om ein skytevideo frå ein nettstad i Midtausten. Der såg ein eit bilete av meg og Per Edgar Kokkvold (generalsekretær i Presseforbundet, journ. anm.), begge med eit raudt kikkertsikte i panna. Lyden av skot, og glas som knuste. Då haldt eg for augo på 9-åringen, han skulle sleppa å sjå pappa symbolsk skoten på TV.

Når han ser opp att er blikket blankt, men fast.

– Som mor måtte kona min spørje seg om det mannen hennar hadde gjort kunne setje livet til borna i fare. Det er inga sjølvfølgje at me har kome gjennom dette med både livet og ekteskapet i behald.

LES OGSÅ: Forfattar og journalist meiner muslimhat kan styrka jihadistar

Truande blasfemikar
Om ikkje karikaturstriden endra Selbekks tru på ytringsfridommen, endra det i alle fall hans syn på blasfemi retta mot eigen tru.

Han har i ettertid tatt avstand frå si tidlegare haldning til satire retta mot kristendommen, ei haldning han i dag skildrar som «ullen».

At den djupt kristne Selbekk i dag står som ein av Noregs fremste forsvararar av blasfemi er eit tankekors, men han er krystallklår på at hans personlege tru ikkje er svekt

– Snarare tvert om. For min del har eg funne ein veldig styrke i trua på at livet ikkje endar med det som går føre seg her på jorda. Når eit femtitals personar vender seg til deg direkte og ytrar eit ynskje om å ekspedera deg over i evigheita, blir spørsmål om liv og død veldig aktuelle.

Då karikaturstriden herja som verst, var det få som stilte opp for Selbekk. Med unntak av den kompromisslause Kokkvold, som Selbekk fleire gonger understrekar var ei uvurderleg støtte, var det langt mellom støttespelarane.

Landets politiske elite var anten tause eller tvitydige, og Oslo-biskop Gunnar Stålsett uttala at Selbekk hadde personleg glede av å krenka muslimar. No føler han stemninga er ein annan.

– Eg trur folk i etterkant har fått eit meir riktig bilete av bakgrunnen for trykkinga; at det var ei redaksjonell vurdering for å dokumentera, ikkje provosera. Terroren og ekstremismen me har sett vekse i Europa har nok òg bidrege til at folk skjønar at me må slå ring rundt dei mest sentrale verdiane i samfunnet vårt. Berre hittil i år snakkar me fleire terrorangrep i veka verda over. Burkina Faso, Istanbul, Jakarta, Paris og så vidare.

LES OGSÅ: Desse terrorangrepa tok flest liv i 2015

Redaksjonelle yrkesskader
Den siste tida har Selbekk òg hissa på seg ein god del av sine eigne lesarar ved å gi Shoaib Sultan fast spalteplass i Dagen.

Avisa har ifølgje ein skuffa Selbekk tapt minst 160.000 kroner på at sinte lesarar har kansellert abonnementet sitt og oppgitt «han muslimen» som årsak. Men å kvitta seg med Sultan kjem ikkje på tale.

– Eg er kanskje ikkje kjent som islams beste ven i Noreg, men er ein såpass islamkritisk som eg og avisa er, blir det desto viktigare å lytte til andre sine meiningar. Framfor alt er eg skuffa over haldningar der ein ser folk så eindimensjonalt. Å nekta å høyra på nokon av den eine grunn at dei er muslim, er veldig langt frå kva eg står for.

Tittelen på den nye boka  din er «Fryktens Makt». Er frykta framleis noko du kjenner på?

– Eg prøvar å la vere, men det er klart at det som skjedde kjem til å prega meg og familien min så lenge me lever. Eg har vel blitt yrkesskada i den forstand at eg skannar gatebiletet svært nøye kvar gong eg er ute. Eg ser oftare etter naudutgangar i lokale, prøvar å halda avstand til jernbanespor og trafikkerte gater, den type ting.

På veg ut klarar ikkje Rosenborg-patrioten Selbekk å dy seg: Han gler seg til sesongstart, og moglegheitene for eit nytt Brann-nedrykk. Fotball eller religion, Brann eller Muhammed – å hisse på seg de truande ser ut til å falle naturleg for Vebjørn Selbekk.

Les saka i Studvest!

Faktaboks

• Vebjørn Kroll Selbekk (f. 1969)
• Norsk redaktør og kristenkonservativ samfunnsdebattant, kjent for å ha publisert faksimiler av tolv karikaturteikningar av den islamske profeten Muhammed frå Jyllands-Posten.
• Fekk fleire drapstrugslar, og namnet hans vart nemnt i samband med store demonstrasjonar, ambassadebrannar og drap i etterkant av trykkinga.
• Vart 30. september 2015 tildelt Fritt Ords Honnør av Fritt Ords styre, ti år etter starten på karikaturstriden.


Eit tiår med karikaturstrid

30. september 2005
Jyllands-Posten publiserer tolv teikningar under overskrifta «Muhammeds ansigt»

2005
Aftenposten publiserer ein faksimile av artikkelen frå Jyllands-Posten

10. januar 2006
Magazinet trykker faksimiler av teikningane

30. januar 2006
EUs kontor i Gaza blir storma, og den danske og norske ambassaden i Damaskus og Syria blir angripen og sett fyr på

29. desember 2010
Fire menn vert pågripne for planlegging av angrep på Jyllands-Posten og Politikens hus i København

7. januar 2015
Charlie Hebdo blir angripen. 12 menneskjer vert drepen i redaksjonslokala. 8 personar blir drept dei neste dagane

14. februar 2015
Ein mann blir skoten og drepen på debattmøte om blasfemi og ytringsfridom i København. Dagen etter blir en vakt ved en synagoge skutt og drept av samme gjerningsmann

Kjelde: Store norske leksikon