30 år sidan Berlinmuren fall: Utrulege soger frå dei som flykta og dei som døydde i forsøket

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 06.08.2020 08:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei av historias mest markante grenser var den 45,1 kilometer lange muren som delte Aust-Berlin frå vest.

Då Berlinmuren fall hadde den stått i 28 år.

Arbeidet med å byggja muren starta ein tidleg morgon 13. august 1961. I byrjinga bestod muren av piggtrådgjerder og vaktar som heldt oppsyn, men etter få dagar kom store betongblokker på plass.

I åra som kom vart muren stadig utbygd, forsterka og overvaka. Mange stadar var muren dobbel, og området mellom vart kalla «dødsstripa». Der patruljerte soldatar dag og natt, med skarpladde våpen på skuldra og spesialtrente hundar.

Det var likevel tusenvis av menneske som freista å flykte over, under og gjennom muren, på jakt etter eit betre liv i vest. Dette er historiane til nokre av dei.

Den dåverande amerikanske presidenten John F. Kennedy står ved sidan av ein observasjonsplattform i nærleiken av Checkpoint Charlie og ser over Berlinmuren mot Aust-Berlin. 26 juni 1963. Foto: AP Photo

Full gass

Den 19 år gamle austtyske soldaten Wolfgang Engels hadde vore med å byggje Berlinmuren i 1961, men to år seinare flykta han frå DDR. Planen hans var ikkje den mest gjennomtenkte, men den var minneverdig.

Fluktplanen hadde tre steg: stel ein tanks; sikt den inn på Berlinmuren; gje gass.

Engels fekk tak i ein tanks, men klarte ikkje fullstendig bryte gjennom muren. Han laut difor klatre over piggtråden, og vart skoten to gongar. Det vesttyske politiet vart merksame på situasjonen, og skaut attende mot dei austtyske vaktene. Medan dei var opptekne i skotvekslinga, kom ei rekkje menn som hadde drukke i ein bar på vestsida og hjalp 19-åringen slik at han kunne klatre i sikkerheit.

– Eg visste eg var trygg då eg såg dei vestlege spritflaskene på hyllene, sa Engels ifølgje den tyske avisa The Local i 2014.

Sjå Wolgang Engels fortelje om si spektakulære flukt her: 

Akrobatikk

Akrobaten Horst Klein hadde ein litt annan framgangsmåte, då han planla å forlate Aust-Berlin i 1963. Han spelte til styrkene sine, og firte seg etter hendene langs ein kraftkabel som hang 18 meter over bakken.

Då han ikkje hadde meir makt i nevane svingte han kroppen opp på kabelen. Han datt til slutt ned, men då i Vest-Berlin.

Under muren

Ein av dei mest vellukka planane var Tunnel 57. I 1964 tok 35 studentar frå Vest-Berlin til å grave ein tunnel frå eit ubrukt bakeri nær grensa til aust. Studentane arbeidde døgnet rundt, i 12-timars skift, skriv britiske The Telegraph. For å ikkje vekke mistanke flytta studentane til og med inn i bakeriet.

Dei arbeidde til tunnellen var 145 meter lang og 90 centimenter høg.

Namnet sitt har tunnelen etter talet på menneske som klarte å rømme. Heile 57 personar kravla til sikkerheit i løpet av dei to oktoberdagane. Så vart tunnelen oppdaga.

Dette er tunnelutgangen frå Tunnel 57. Foto: AP Photo

Christian Zobel var ein av dei som freista å flykte i nattestimane, skriv The Telegraph. Då grensevakene kom drog han i panikk ut pistolen han hadde med seg og skaut. Han såg ikkje om han traff nokon, men dagen etter vart dødsfallet til den austtyske grensevakta Egon Schulz annonsert. Zobel hadde lukkast i flukta mot fridomen, men var overtydd om at han hadde drepe ein mann i forsøket. Han vart deprimert, og i dei seinare åra alkoholisert.

Det var først på nittitalet, etter Zobel var død, at nyleg oppdaga Stasi-dokument oppklarte mysteriet. Zobel hadde rett nok truffe grensevakta, men i skuldra. Det var ein anna grensevakt som ved eit uhell hadde avfyrt skotet som tok livet av Schulz, i det han freista å hjelpe han til føtene.

Det var ikkje berre studentar som tok spaden fatt. Det same gjorde den eldre garde. Ein 81-åring engasjerte ei rekkje tyske pensjonistar til å grave Seniortunnelen. Dei brukte to veker, og i motsetnad til den låge Tunnel 57, var Seniortunnelen romsleg og høg. Det var fordi dei ville «gå til fridomen med våre koner, komfortable og ubøygde», skriv National Geographic.

Dei utrulege brørne Bethke

Dei tre Bethke-brørne Ingo, Egbert og Holger har alle utrulege flukthistorier.

I 1975 flykta Ingo Bethke ved å padle på ei luftmadrass over elva Elbe. Åtte år seinare følgde broren Holger etter, ved å segle på ei sjølvlaga zip-line over muren. 

Redningsaksjonen av bror deira Egbert var krona på verket.

Egbert hadde tidlegare sagt nei til å forlate Aust-Berlin på grunn av kjærasten, men i 1989 klarte også han rømme. Brørne Ingo og Holger la ein plan: Dei skulle fly til Aust-Berlin og hente yngstebroren.

Ingo tok flytimar, og lærte kunnskapane vidare til bror sin Holger. Dei selde baren dei åtte, og kjøpte to mikrofly som dei tok med seg til Berlin.

Det første forsøket på å redde Egbert, 11. mai, var mislukka. Men to veker seinare, 26. mai 1989, var dei klare for runde to.

Dei målte sovjetiske stjerner på flya, kledde seg i militæruniformar for å forvirre grensevaktene, og hadde mikrofon på hjelmane sine for å kommunisere.

I Treptower park i Aust-Berlin venta broren Egbert, som gøymde seg i buskane. Ingo landa flyet sitt, og plukka opp yngstemann, medan Holger krinsa område i lufta.

Ingen såg dei, trass i at dei flaug berre 150 meter frå bakken. Klokka 04.37 landa dei framfor Reichstag-bygningen i Vest-Berlin, i sikkerheit.

Sjå video frå redningsaksjonen i dette dokumentarklippet: 

…men over hundre personar døydde i fluktforsøk

Det var også mange som prøvde å rømme frå Aust-Berlin, men ikkje lukkast.

Ifølgje Berlin Wall Memorial var det minst 140 personar som døydde eller vart drepne ved Berlinmuren i dei 28 åra den var reist. Dei har ført lister over alle dei omkomne.

Eit vindauge mot vest

Det første offeret var Ida Siekman. Den 58 år gamle kvinna budde i i ein bygning som vart ståande på delelinja mellom Aust- og Vest-Berlin. Skiljet gjekk også på tvers av slekta til Siekman: Ho var einsam i aust medan systera og slekta var i vest.

Åtte dagar etter muren kom opp, vart inngangsdøra hennar frå gata i vest spikra att, og ei ny opna frå bakgården mot aust. Då var begeret fullt.

Dagen etter heiv Ida Siekman eigendelane sine ut av vindauget i tredje etasje, det som var mot vest. Så hoppa ho sjølv etter. På gata stod det brannmenn som freista ta imot bebuarane som flykta, men dei klarte ikkje redde Siekman. Ho vart alvorleg skadd i fallet, og døydde på veg til sjukehuset. Dagen etter skulle Ida Siekman fylt 59 år.

Blodflekken på fortauskanten vart dekka av sand.

Med ballong over muren

Den siste som døydde før muren fall, var Winfried Freudenberg. Han var vaksen opp berre nokre hundre meter frå grenseområdet, rett ved piggtrådgjerder, og kunne nesten skode verda utanfor DDR frå heimen sin. Saman med kona si, Sabine, la han ein fluktplan. Dei to sette saman ein luftballong som var 13 meter høg og 11 meter i diameter, ved hjelp av plastfilm dei kjøpte i små mengder.

I februar 1989 var ballongen ferdig og alt førebudd. No venta dei berre på rett vind. 7. mars spelte vêret på lag, og rett før midnatt reiste ekteparet til ein bensinstasjon for å fylle ballongen med gass, og vinke farvel til Aust-Berlin.

Flaksen var likevel ikkje på deira side. Ein ung mann på veg heim frå jobb på nattestid, såg ballongen i det fjerne, og varsla politiet. Då politiet dukka opp fekk ekteparet hast, og dei bestemte at Winifred Freudenberg laut reise åleine. Dei frykta det ikkje var nok gass i ballongen til å bere dei begge.

Luftballongen med Freudenberg steig mykje raskare og høgare enn venta, då kona ikkje var med. Han kom til flyplassen Tegel i Vest-Berlin, men Freudenberg klarte ikkje å lande. Han miste ballast, steig endå høgare, og vart fanga i luftstraumen.

Freudenberg flaug over Berlin fram til morgonen etter. Då tok eit vindkast tak i luftballongen og han ramla ut. Han landa i ein hage i Vest-Berlin nokre hundre meter frå der luftballongen hamna. Alle bein i kroppen hans var brekte og han døydde med det same.

Sabine Freudenberg vart arrestert og dømd til tre år prøvetid, men fekk amnesti 27. oktober same året.

Arkivfoto/SCANPIX Sverige.

Muren fell

Winifred Freudenberg si ferd over muren fann stad eit halvt års tid før muren endeleg fall.

Den 9. november 1989 skulle DDR-myndigheitene legge fram nye mildare reisereglar for innbyggjarane i Aust-Tyskland.

Då ein italiensk journalist spurde kor tid desse reglane ville trå i kraft, svarar Politbyrå-medlem Günter Schabowski utan å lese på arket han hadde fått.

Han fortel at reglane trer i kraft med det same.

Det førte til ein folkestraum mot grenseovergangen, der dei møtte forvirra vakter. Den øvste leiaren bestemmer seg for å opne grensene, og muren hadde i praksis falle.

 

Sjå video frå folkehavet ved Berlinmuren i 1989: 

 

Kjelder: Videnskap.dk, Store norske leksikon, The Local, Aljazeera, National Geographic