Meir i studiestøtte for folkehøgskuleelevar neste skuleår
– No får endå fleire høve til å velje folkehøgskule, seier leiar i Folkehøgskulerådet
Studiestøtta til folkehøgskuleelevar blir auka med 10 prosent for skuleåret 2025/2026. Hausten 2025 vil ein folkehøgskuleelev dermed kunne få 151.690 kroner i lån og stipend frå Lånekassen.
– Vi er svært glade for at studiestøtta aukar frå neste skuleår. No får endå fleire høve til å velje folkehøgskule, seier dagleg leiar i Folkehøgskulerådet, Anne Tingelstad Wøien.
I budsjettforliket vart regjeringspartia og Sosialistisk Venstreparti (SV) samde om å auke støtta med 10 prosent som svarar til 13.790 kroner.
Auken i studiestøtte vil føre til at langt over halvparten av alle folkehøgskulelinjene vil bli dekt av berre studiestøtta. Prisen for eit folkehøgskuleår dekker både måltid, rom, straum, utstyr og studieturar.
Folkehøgskulane opplever i år ein stor auke i søkjartala. Frå 15. oktober til no har 4670 personar søkt folkehøgskule, som er ein auke på 97 prosent frå i fjor.