Dette er dei nominerte til Uprisen 2022

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det ei overveldande arbeidsmengde å lese og vurdere 500 sider med meldingar. Men det gjekk lettare og lettare etter kvart, og dagen i dag har vore ei fin erfaring.

Det seier nominasjonsjuryen til Uprisen i ei pressemelding. No er resultatet klart, og dei nominerte til Uprisen – årets ungdomsbok 2022 er:

  • Abnormium av Ida Kinden Jonassen, Kindex 2021
  • Den sorte bruden av Anne Elvedal, Cappelen Damm 2021
  • Litt redd, bare av Alexander Kielland Krag, Gyldendal 2021
  • Svarttrasta syng om natta av Tone E. Solheim, Samlaget 2021
  • Jente (17) ikke savnet av Camilla Helene Sandmo, Vigmostad & Bjørke 2021

Nominasjonsjuryen har bestått av: (Bak f.v.) Pernille Storstein-Fuglestad, Andreas Olderbakk og Isak Aleksander Unstad. (Framme f.v.) Nicoline Alten og Mathias Sommerseth Mathisen, Foto: Vibeke Røgler/Foreningen !les.

Fem forskjellige univers

Uprisen vart delt ut for første gong i 2007, og er ungdom si eiga kåring av den beste norske ungdomsboka som er gjeven ut det siste året.

I fjor var det forfattarduoen Anne Gunn Halvorsen og Randi Fuglehaug som henta heim prisen for Arvingen, første bok i serien Halve kongeriket. Året før var det Neda Alaei som mottok prisen for debutboka Dette er ikke oss, noko den takksame forfattaren fortalde hadde vore hennar aller største draum.

Prosjektansvarleg for Uprisen i Foreningen !les, Petra Helgesen, fortel at årets nominasjonsjury har måtta gjere nokre harde prioriteringar fordi meldarane har vore usamde om kvaliteten på mange av bøkene.

– Juryklassane kan glede seg til å dukke ned i fem forskjellige univers, seier ho i pressemeldinga.

Juryklasser frå heile landet skal no i gong med å lese dei fem nominerte bøkene. Uprisen vert delt ut under Litteraturfestivalen på Lillehammer torsdag 2. juni.

Prisen vert arrangert av Foreningen !les i samarbeid Norsk Litteraturfestival på Lillehammer og Den kulturelle skolesekken.


Alexander Kielland Krag (28) debuterte med romanen Dette blir mellom oss. Foto: Presse/Skjermdump frå Instagram