Kongeleg kjærleikshistorie får Uprisen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– No blei me litt mållause. Dette er ekte tårer. For ei sjukt stor ære! Desse orda frå juryen si grunngjeving er noko av det mest rørande me har høyrt.

Det sa forfattarduoen Anne Gunn Halvorsen og Randi Fuglehaug, ifølgje ei pressemelding frå Foreningen !Les, då dei vann Uprisen.

Jury: – Kunne vore skrive av ein ungdom

Ungdomsromanen Arvingen er første roman i serien Halve kongerriket. Bokmeldarane har vore begeistra og VGs meldar kalla det moderne eventyret for SKAM i bokform.

Juryen til Uprisen meinte boka tok opp problem som dei kunne kjenne seg att i, og likte at karakterane ikkje var perfekte.

«Boka brukar eit språk og referansar som gjer at den like godt kunne vore skrive av ein ungdom. Trass i at boka skildrar eit miljø som var framand for dei fleste av oss, var den realistisk og truverdig. Boka var morsam, men òg nokre gonger klein,» heiter det i grunngjevinga.

Dei andre nominerte til Uprisen var: 

  • Alene gjennom av Michael Stilson, Cappelen Damm 2020
  • Utbryterne av Nina Borge, Gyldendal 2020
  • Alexander den store av Peter F. Strassegger, Samlaget 2020
  • Hør her´a! av Gulraiz Sharif, Cappelen Damm 2020

Vil sjå Musti som Lena

Bokserien Halve kongeriket handlar om 17 år gamle Lena, som kjem i klasse med dei kongelege tvillingane kronprins Karl Johan og prinsesse Margrethe. Ho forelskar seg i kronprinsen – og det er duka for drama.

I Framtida.no si bokspalte avsløra Halvorsen at ho såg føre seg musikar Ugbad Musti i hovudrolla som Lena, skulle bokserien bli filmatisert.

– Ho er lett landets kulaste tenåring. Perfekt i rolla som tøffe Lena i Arvingen, sa Halvorsen då.

https://www.youtube.com/watch?v=4_kW6R7rTNU&feature=emb_title&ab_channel=MustiOfficial


Randi Fuglehaug debuterer som krimforfattar med romanen «Fallesjuke». Romanen er alt selt til Tyskland og Danmark. Foto: Sturlason/Kagge forlag