Fryktar konsekvensane om det ikkje kjem på plass ein ny avtale for tekstilarbeidarane

Ida Johanne Aadland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Om me ikkje får på plass ein ny avtale, vil arbeidarane igjen måtte gå til utrygge arbeidsplassar, og me vil igjen kunne sjå såkalla ulukker. Eg seier «såkalla» fordi dei med ein avtale kunne vore unngått, seier Carina Leffler, fagrådgjevar i Framtiden i våre hender til Framtida.no.

Utløpt avtale

– Det finst ingen grunn til å fire på krava, seier Carin Leffler i Framtiden i våre hender når tryggleiksavtalen for tekstilarbeidarar igjen er oppe til forhandling. Foto: Jon Skille Amundsen

Etter at tekstilfabrikken Rana Plaza i Bangladesh rasa saman og tok livet til 1138 arbeidarar våren 2013, signerte fagforeiningar og meir enn to hundre merkevareselskap ein avtale for å forbetre arbeidsforholda til arbeiderane.

The Accord on Fire and Building Safety in Bangladesh, ofte berre kalla Akkorden, har halde selskapa ansvarlege for arbeidstilhøva i klesfabrikkane, og har sikra arbeidarane mot brann, bygningskollapsar og andre ulukker på jobb.

Men 1. juni var avtaleperioden over.

Framtiden i våre hender fryktar for kva som skjer dersom ein ikkje får på plass ein ny avtale.

– Fram til no har det vore slik at dei tilsette kan melde frå på ein trygg og anyonym måte dersom dei ser til dømes sprekkar i veggane eller lause leidningar som kan skape brann. Om fabrikken har måtta stenge mens utbetringane vart gjort, har arbeidarane likevel hatt rett på løn.

Mange hugsar bileta frå Bangladesh i april 2013 då ein tekstilfabrikk kollapsa. I ettertid fekk kleskjedene mykje kritikk og signerte etterkvart tryggleiksavtalen som no går ut. Foto: AP Photo/A.M.Ahad

Usemje har ført til utsetjing

Merkevareforeninga der mange av dei store kleskjedene er medlemmar, skriv i ei pressemelding på sine nettsider at dei er einige om ei tre månadars forlenging av Akkorden medan dei utarbeider ein ny avtale. 

Akkorden er eit samarbeid mellom merkevarekjedene og lokale og internasjonale fagforeiningar som IndustriALL og Uni Global Union. Ifølgje Leffler skal merkevarekjedene den siste tida ha prøvd å forhandle fram ein avtale der selskapa signerer kollektivt, slik at dei enkelte selskapa slik ikkje kan haldast ansvarleg.

Fagforeinigane aksepterte ikkje dette og trakk seg derfor frå forhandlingane, men er no med igjen etter at Merkevareforeninga gjekk samla ut og sa dei likevel ville gå inn for ei forlenging av den eksisterande avtalen.

Varner Gruppen og H&M Group er blant kleskjedene som har leverandørar i blant anna Bangladesh. Varner Gruppen som driv butikkar som BikBok, Cubus, Dressmann, Carlings og Volt viser i ein e-post til Framtida.no til forlenginga av avtalen, og seier dei ønsker å jobbe for å framleis sikre trygge fabrikkar i Bangladesh:

– Avtalen forlenger Akkord-avtalen med tre månadar, og gjev tid til å forhandle fram ein ny, langsiktig tryggleiksavtale.

Også Hennes og Mauritz (H&M) støttar eit vidare trepartssamarbeid som involverer fagforeiningar, arbeidsgjevarorganisasjonar og myndigheiter.

– H&M Group samarbeider berre med fabrikkar som møter krava avtalen har til verksemdene. Når me inngår samarbeid med fabrikkar må grunnleggande tryggleikstiltak som brannutgangar, brannalarmar og brannslukkarar vere på plass for at dei skal få produsere produkt for oss, fortel Payal Jain, Head of Sustainability Global Production H&M Group, via epost.

Les også tipsa til korleis du aukar levetida til kleda dine: Dobla bruk av klede kan få ned klimagassutsleppa med femti prosent – Slik får du kleda til å vare

– Ein ny avtale må likne mest mogleg

Framtiden i våre hender er glad for at Merkevareforeninga forlenger avtalen og at han slik ikkje blir tapt ein gong for alle, men har strenge krav til korleis ein ny avtale bør sjå ut:

– Ein ny avtale må likne mest mogleg på Akkorden. Han må innebere eit uavhengig organ som passar på at selskap oppfyller sine forpliktelsar og uavhengige kontrollar med open og offentleg rapportering, seier Leffler.

I tillegg krev Framtiden i våre hender at fagforeiningane er ein del av avtalen, og at han ansvarleggjer kvart enkelt selskap. Leffler støttar også forslaget frå fagrørsla om å utvide avtalen til å også gjelde andre land med tekstilfabrikkar.

– Berre den siste månaden har det vore to større brannar på fabrikkar i Pakistan. Heldigivs gjekk ingen liv tapt denne gongen.

Avtalen har skapt enorme forbetringar

I følgje Framtiden i våre hender har Akkorden sørgja for enorme forbetringar på dei 1600 fabrikkane han gjeld for.

– Meir enn 120.000 farlege forhold knytt til brann, elekstrisitet og bygningsmasse har blitt retta opp, og fleire enn to millionar arbeidarar har kunna gå på jobb i langt sikrare eller heilt sikre fabrikkar, sier Leffler.

Også H&M har merka dei store endringane avtalen har ført til på arbeidsplassane i Bangladesh.

– Det har vore tydeleg for oss som jobbar i Bangladesh at det har skjedd store endringar i tekstilindustrien sidan avtalen vart inngått i 2013, skriv Jain.

Leffler i Framtiden i våre hender har trua på at ein god avtale kjem i hamn i løpet av dei neste månadane.

– Me forventar at selskapa vel den vegen som i åtte år har vist at ein slik avtale er den beste måten å få til trygge arbeidsplassar. Det finst ingen alternativ, og ingen grunn til å fire på krava.


Les også: Claude (29) meiner betre utdanning kan snu den urolege situasjonen på Haiti

– Ein klok kinesar seier: Viss du vil øydeleggje eit land, er det berre å øydeleggje utdanningssystemet, seier Claude Bonet. Foto: Privat