Cancel culture: «Svaret på eit varmare samfunn med meir aksept er ikkje å stengje folk ute»

Hedvig Frøystadvåg (15)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

For eitt år sidan slapp den verdskjente artisten Sia traileren for filmen Music. Filmen følgjer ein autistisk tenåring, og ein skulle trudd Sia skulle bli heidra for å setje lys på diagnosen. Slik vart det ikkje.

Traileren vart slakta. Måten ho hadde framstilt hovudrolla vart kalla ekstremt stereotypisk, nokon gjekk så langt som å kalla det kvalmande.

Ho vart kritisert for å ikkje ha brukt ein autistisk skodespelar og skulda for å rett og slett ha håna autistar.

Folk laga underskriftskampanjar for å få filmen stoppa og mange bestemte seg for å kutte ut musikken hennar.

Sia var eit offer for «cancel culture».

Ein utfodrar til ytringsfridomen

«Cancel culture» har i dei siste åra dukka opp som ein utfordrar til ytringsfridommen. Omgrepet vart kåra til årets nyord i 2019, men fenomenet har endå ikkje ei passande norsk omsetjing.

Wikipedia definerer det som ei utfrysing av offentlege personar, over sosiale medium, på grunn av kva haldningar eller utsegner ein har.

«Cancel culture» er eigentleg ei form for boikott. Det fungerer som eit sterkt verkemiddel for å framprovosere haldningsendringar i samfunnet.

Ved å kutte ut noko sender du ein klar beskjed. Vi kan vere med på å bestemme kven vi vil skal ha makt og luke ut dårlege førebilete vi meiner ikkje fortener ei stemme.

«Cancel culture» har ein tendens til å setja meningar i bås

Eg er redd «cancel culture» kan føre til eit polarisert samfunn, der det ikkje finst nokon mellomting.

Kritiserer du kvinneundertrykking i islam kan du like gjerne brenne koranen, ønskjer du ikkje ei samtykkelov er du valdtektsmann og alle som er skeptiske til eit tredje kjønn er transfobar.

«Cancel culture» har ein tendens til å setja meningar i bås, enten er dei rett eller feil – og er dei feil, då er det over og ut med deg. Vi kastar verdifulle stemmer ut av den offentlege debatten og samfunnet blir mindre mangfaldig.

Sjølvsagt skal rasisme, krenking og hatefulle ytringar bli slått hardt ned på. Det trur eg vi alle er einige i. Men er verkeleg det å fryse ut enkeltpersonar, tie dei og slette eksistensen deira, vegen å gå for å vise at det du sa no, det er ikkje greitt? Det trur eg ikkje. 

Eit samfunn som står stille

Kritiske spørsmål er så verdifulle i eit samfunn og eg trur det er viktig at vi ikkje lar «cancel culture» vekse. Vi må verne om det fantastiske privilegiet vi har.

Her i Noreg er vi så heldige å få lov til å seie akkurat det vi meiner, når vi vil og kor vi vil, utan å bli sett i fengsel.

Det er ein verdi som står sterkt i samfunnet vårt, og som menneskjer før oss har jobba hardt og lenge for. «Cancel culture» har ingen plass i det samfunnet vi ønskjer oss, så la oss setja ein stoppar for utviklinga, ein gong for alle.

Ytringsfridomen bidrar til ei positiv utvikling i samfunnet. Utan forskjellige meiningar, synspunkt og forslag, vil samfunnet stå stille.

Utan forskjellige meningar, synspunkt og forslag, vil samfunnet stå stille.

Ytringsfridomen gir minoritetar ei stemme, og utan den hadde verken homobevegelsen, kvinnefrigjeringa, den amerikanske borgarrettsrørsla eller demokratiet hatt ein sjanse.

På sosiale medium er algoritmar og ekkokammer ein stor trussel. Derfor er det viktigare enn nokon gong at menneske går i dialog med kvarandre. Vi må høyre på kvarandre og utvide horisonten.

«Cancel culture» stoppar denne dialogen og dreg samfunnet i ein negativ retning der dei sosiale motsetningane aukar, sjølv om intensjonen var den motsette.

Svaret på et varmare samfunn med meir aksept er ikkje å stengje folk ute, men å invitera dei med i debatten.


Har du noko på hjartet? Send tips eller eit innlegg til tips(a)framtida.no! 


Les også om korleis Vilde (26) jobbar med å sikre nyheiter inn og ut av Nord-Korea: – Det er vel mange som har inntrykk av at nordkoreanarar er hjernevaska og stolar blindt på det dei vert fortalde av regimet

Vilde Olaussen merkar på reaksjonane ho møter at både hennar nære og samfunnet generelt er interesserte i Nord-Korea og Sør-Korea: – Sjølv om eg framleis får spørsmålet «er det i Nord-Korea eller Sør-Korea du held deg?» innimellom. Foto: Privat