Avkreftar myte: Vikingane brukte ikkje hjelm med horn

Dagny Backer Johnsen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I mange år i populærkulturen, assosierte folk Viksø-hjelmene med vikingane, men faktisk er det berre tull. Det horna temaet er frå bronsealderen og kan sporast til den gamle nære austen, seier Helle Vandkilde til Live Science.

Ho er arkeolog ved Universitetet i Aarhus, og blant forskarane som rokkar ved myten om vikingar med horn på hjelmen. 

Myten om hornhjelmen

Ifølgje artikkelen The invention of the Viking horned helmet, skrive av Yale-forskar Roberta Frank, oppstod myten om hornhjelmar på slutten av 1800-tallet med kostymedesignet til ein populær teaterproduksjon.

Etter dette blei hjelmmyten reprodusert tallause gongar, heilt til det blei ein klisje.

Hjelmmyta blei endå meir forsterka i 1942. Då oppdaga ein torvarbeidar to bronsehjelmar med lange s-forma horn i ei myr i den lille byen Veksø i Aust-Danmark. Sidan metall er vanskeleg å tidfeste, kunne ikkje ekspertane seie nøyaktig kva tid hjelmane blei laga. Dei trudde hjelmane var frå nordisk bronsealder, og plasserte dei på det danske Nasjonalmuseet.

Symbol på politisk autoritet

I 2019 oppdaga ein forskar ein liten tjæreflekk på eit av horna på den eine hjelmen, og tenkte at denne vesle flekken kunne gjere det mogeleg å datere funnet. Ved å bruke radiokarbondatering på tjæreflekken og innsida av hjelmane, kunne dei bekrefte tidlegare spekulasjonar. 

No har forskarane på universitetet i Aarhus tidssett hjelmane til ca. 900 før vår tidsrekning. Det vil seie omtrent to tusenår før vikingar dro på røvartokt i Europa. 

Forskarane seier at hjelmane sannsynligvis blei frakta rundt i Europa på handelsruter laga av fønikarene, ei gruppe sjøfarande handelsmenn rundt tusen år før vår tidsrekning.

Hjelmane blei heller aldri brukt til kamp, men som eit symbol på politisk autoritet då kontroll av metallar signaliserte økonomisk og kulturell makt.