– Me som er unge er framtida, og må halda fram med å seia meininga vår, seier Ingeborg Dahle Raunholm (16).

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stordabuen vann den nasjonale skrivekonkurransen til Framtida.no og Magasinett med eit innlegg kalla «Ytringdsfridommens punktum».

Her skriv ho om manipulasjon, kritikk og mobbing på internett.

«Respekter forskjellar, aksepter ueinigheiter og ikkje minst ver greie mot kvarandre. Ord sårar meir enn du trur. Gjer mot andre det du vil at dei skal gjera mot deg.» skriv ho i vinnarinnlegget.

Les heile innlegget her.

– Usakleg på internett

16-åringen er på Facebook, men opplever at dei som skriv der og i kommentarfeltet er eldre.

– Det er ikkje alltid dei skjønar kva unge meiner og er opptatt av.

Ho saknar fleire plattformar der unge ytrar seg om saker i samfunnet.

– Det blir for usakleg på internett slik det er i dag. Me unge orkar ikkje å bruka tida på kommentarfelta.

Ho irriterer seg over eldre menn som skriv kjipe kommentarar i kommentarfelta og trykker latterfjes på klimasaker. Ho har ei klar melding til dei:

– Veks opp! Av og til føler eg at eg og andre ungdommar er meir vaksne enn dei som skriv drit i kommentarfelta.

Ingeborg Dahle Raunholm (16). Foto: Svein Olav B. Langåker

Saknar fleire unge stemmer

Ingeborg Dahle Raunholm meiner fleire unge bør bli ein del av det offentlege ordskiftet.

– Spesielt gjeld det miljøsaka og klimakrisa. Me unge er framtida – og me må halda fram med å seia meininga vår.

– Vil du koma med ei oppmoding til andre ungdommar?

– Det er jo mogleg å gjera som meg, å skriva eit meiningsinnlegg, for eksempel til Framtida.no. Du kan skriva meininga di!

VG1-eleven har hatt ein del om debatt på skulen, særleg då det var stortingsval no i haust.

– Men eg føler me kan ha meir om debatt i skulen, seier ho.

Favorittfaget

Ingeborg Dahle Raunholm går på VG1 studiespesialisering ved Stord vidaregåande skule. Ho kapra 2. plass ved sist skrivekonkurranse.

– Eg har alltid likt å skriva. Norsk har alltid vore favorittfaget mitt, fortel 16-åringen.

Ho skriv på fritida si òg.

– Det går mest i noveller og andre skjønnlitterære tekstar.

– Kva planar har du for framtida?

– Eg har ingen planar for framtida. Eg likar å skriva, og har ingen planar om å slutta med det.


Ynskjer du å sende eit meiningsinnlegg, send til tips(a)framtida.no eller ta kontakt på DM på Instagram!

Les også: Slik skriv du debattinnlegg