Bli med på jakta etter den originale nynorskversjonen av Santa Lucia-songen i nynorskens skog!

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 22.02.2022 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Natta har svart og stor
gøymt stall og stover.
Sola har gått sin veg
Dagen er over

Du trudde kanskje det er starten på Santa Lucia-songen på nynorsk? Det er i alle fall den både Nynorsk Pressekontor, Framtida.no, Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum har publisert.

Men nokre dagar før jul tikka det inn eit spørsmål til redaksjonen frå Inga Klokkerstuen Wangensteen. Eit spørsmål som får underteikna til å setja seg opp i redaktørstolen.

– Eg er frå Etne, heimbygda til Ingvar Moe. Me song i barndomen nynorskversjonen hans av Sankta Lucia, som også var trykt i ei songbok me hadde. I år oppdaga eg at Framtida.no har brukt ein versjon av han som eg ikkje kjenner att. Eg ser de viser til ei nettside hjå Aasentunet, som no er sletta. 

Veit de kor de har denne versjonen frå, og om Ingvar Moe laga to ulike versjonar? Er versjonen som er trykt på Framtida.no eventuelt feil?

FEIL??!!!

Eg kvepp til. Ein redaktør vil helst ikkje ha noko feil ståande i avisa.

Dette Santa Lucia-mysteriet må me prøva å finna ut av!

Litt etter har 35-åringen frå Etne sendt Santa Lucia-songen ho song i barndommen. Ho fann han i boka Sang i grunnskolen 2 frå 1979. Her startar songen slik:

Natta går tunge steg
Kring hus og låve
Sola ho gjekk sin veg
Jorda må sove

Det er heilt rett ganske ulikt verset som først stod på trykk i Song for deg og meg i 2002 – og som Framtida.no seinare har publisert. Begge omsetjingane er kreditert Ingvar Moe.

Kan Ingvar Moe ha skrive to ulike Santa Lucia-songar?

Prislønt forfattar og folkekjær kåsør

Før me går vidare, så er det god grunn til å fortelja litt om Ingvar Moe. Det er lenge sidan han var pensum i skulen og fast innslag i radioen på julaftan. Forfattaren frå Etne debuterte med diktsamlinga Løktastolpefrø i 1975. Den fekk han debutantprisen til Tarjei Vesaas for.

Forfattar Ingvar Moe.
Foto: Marit Kvammen / NPK / NTB

Moe var ein populær kåsør i NRK radio. I familien min, til liks med mange andre, var det ein juletradisjon å høyra Ingvar Moe fortelja om jul i gamle dagar på radioen. Høgdepunktet var å høyra om julebadet, der heile familien, gamle tanter, fattige naboar og hesten fekk sitja oppi badestampen midt i stova – før dei støypte lys av feittet som flaut på badevatnet.

Ironi og overdriving var viktige litterære verkemiddel for Ingvar Moe.

Ingvar Moe var både ein prislønt forfattar og folkekjær forteljar og diktar. Fleire av dikta hans er tonesette av blant anna Vamp, Olav Stedje, Jonas Fjeld, Bjøro Håland, Vestlandsfanden, Stanley Jacobsen og Rune Rudberg (!).

Ingvar Moe skreiv òg ungdomsromanar og barnebøker. Som barnebokforfattar er han særleg kjent for dei humoristiske bøkene om Oldemor.

Ottar Grepstad skriv om han i boka Skriftkultur:

«Han tok scena, men scena tok også han. Å vere der med publikumet sitt gav han den anerkjenninga også han kjende at han trong. Møta med publikum gav han krefter, men då dei blei mange, tappa dei han for liv.»

Ingvar Moe døydde i 1993.

Sunnhordlandsforfattar

Den første eg ringer for å finna spor vidare er Einar Økland. I tillegg til å vera ein samlar av rang med ein god hugs, så er han av same forfattargenerasjon og Sunnhordlandsforfattar han òg.

Einar Økland kjende godt Ingvar Moe, og fortel at han hadde fleire søner. Han peikar vidare til forfattarkollega Per Olav Kaldestad. Kaldestad har skrive om Ingvar Moe i Norsk biografisk leksikon.

Eg får namnet til den eldste sonen hans, Steinar Moe. Han tar telefonen, men står midt oppi noko då eg får tak i han. Han hugsar at Lucia-songen stod i ei lærebok, men hugsar ikkje så mykje meir enn det.

– Høyr med mor mi, Wenche! seier han.

Som kryssord

– Eg hugsar at Ingvar skreiv på teksten, fortel Wenche Moe. Ho var gift med Ingvar Moe i 28 år – frå 1963 til 1991.

Det var veldig tidleg i forfattarskapen han skreiv på songen, meiner ho å hugsa.

– Han var veldig glad i å konstruera tekstar. Han laga rimskjema – og var like glad i det som andre er glade i kryssord.

Han laga fleire omsetjingar til nynorsk i Sang i grunnskolen 2. Mellom anna dei to Astrid Lindgren-songane frå Emil i Lønneberget: «Du kjære vesle snikkarbu» og «Å, jøye meg, slikt barn han var!».

Wenche Moe hugsar dei song Santa Lucia-songen på nynorsk i barnehagen der ho jobba i Vestfold.

Men at Ingvar Moe skal ha laga to versjonar av songen, det trur ikkje Wenche Moe noko på:

– Det ville vera veldig ulikt han å flikka på den.

Ho viser vidare til sonen Yngve. Han hugsar at faren laga ein versjon av Santa Lucia-songen, men kan ikkje hugsa noko meir. Heller ikkje om faren laga to versjonar.

Her er dei to versjonane av Santa Lucia av Ingvar Moe. Den til venstre blei publisert i «Sang i grunnskolen 2» i 1979. Den til høgre blei publisert i 2002 i «Song for deg og meg». Attgjeve etter løyve frå Yngve Moe.

Ein annan forfattar?

No tikkar det inn ein epost frå Gaute Øvereng. Han er fungerande direktør ved Nynorsk kultursentrum. Inga Klokkerstuen Wangensteen har òg kontakta han. Øvereng skriv at han har vore litt skeptisk til om teksten som stod i Song for deg og meg kunne vera Moe sin.

– Eg må innrømma at eg har vore litt usikker på om dette verkeleg er ein Ingvar Moe-tekst. Mest på grunn av at me seinare fann ein annan versjon i ei anna songbok, Julens melodier frå 2003, som var tilskriven Borgny Systad, og var mistenkeleg lik den som står i Songbok for deg og meg.

– Eg finn same spørsmålet i ein epost frå 2015, då med utgangspunkt i at Vest-Telemarkbiblioteka hadde publisert Ingvar Moe sin tekst frå Sang i grunnskolen 2, og han ikkje samsvarte med teksten som me då hadde i songboka til Tunkatten. Nynorsk kultursentrum har avpublisert teksten frå Tunkattens songbok.

Kan det vera at det eigentleg er Borgny Systad sin versjon som har inspirert versjonen som står i Framtida.no og fleire andre stader?

Den aktive målkvinna

Jorun Systad er biblioteksjef for Sunnfjord folkebibliotek, og har både ein jobb og eit etternamn som kan peika på eit svar.

– Eg står midt i lefsebakinga no! seier ho lett forkava då eg ringer.

Vesle julaftan er ho tilbake på jobb. Sunnfjordingane står i kø for å låna bøker, men ho tar seg tid til å hjelpa.

– Ring Gunnhild Systad i Hyllestad – og søk på Fjognedok! tilrår ho.

Jammen står songheftet i oversikta over lokalhistoriske artiklar i Fjognedok. Og rett etter får eg ein epost med Borgny Systad sin versjon, i kopi frå Firda 17. november 1992. Den er heilt rett meir lik songen i Song for deg og meg – men likevel ikkje heilt lik.

Litt etter snakkar eg med Gunnhild Systad på telefon frå Sunnfjord.

– Borgny Systad er mor mi, det!

– Eg hugsar songen blei trykt i eit raudt hefte. Kanskje det var Sogn og Fjordane Mållag som gav det ut.

Borgny Systad gjekk ut av tida i 1997. Ho vart fødd i 1916, og heile livet var ho ei svoren målkvinne.

– Ho var nesten ein fanatisk nynorskbrukar, fortel dottera – og vedgår at ho slektar på mor si.

– Ho var av den typen som irriterte seg over bokmål og bokmålsnære ord i avisene. Heime låg det bunkar med aviser med raude strekar i.

Borgny Systad var ei driftig dame, og omsette òg mellom anna «Den gamle nissen» av Margrethe Munthe til nynorsk. Foto: privat

Nesten 70 år gamal gjekk Borgny Systad i gang med Hyllestad Mållag. Ho omsette ein god del songar til nynorsk. Dei song dei i pensjonistlaget der ho var aktiv. Kopimaskin hadde ho ikkje, så då dottera skulle rydda ut av huset etter ho, så var det handskrivne papir nesten over alt.

– Ho hadde ei jækla fin handskrift.

Borgny Systad dreiv lokalbutikken, og var i alle år skrivar i husmorlaget i Hyllestad. Alle protokollane skreiv ho på rim. No finn du dei i fylkesarkivet.

I dødsannonsa til Borgny Systad stod det:

Like kjært som blomar, er ei gåve til Noregs Mållag.

Men dottera kan ikkje hugsa å ha sett mora laga fleire versjonar av Santa Lucia-songen.

Songen alle vil dikta om

Så langt har det kome for ein dag at det er tre ulike nynorskversjonar av Santa Lucia-songen. Alle dei tre liknar den svenske Santa Lucia-versjonen til Arvid Rosén – Natten går tunga fjät.

Også i Sverige er det fleire versjonar av songen, sjølv om Arvid Rosén-versjonen lenge var den mest brukte versjonen. Den første kjende versjonen i Sverige blei laga av Sigrid Elmblad (1860–1926). Sankta Lucia, ljusklara hägring blei publisert allereie i 1924. Fire år etter kom Arvid Rosén sin versjon, samstundes som Lucia-toga blei vanlege i Sverige.

Seinare kom Ute är mörkt och kallt. Ifølgje Statens musiksamlingar blei den siste Lucia-versjonen først skriven av førskulelæraren i Halldis Ljungquist 1958, men òg andre forfattarar har blitt sett i samband med denne versjonen.

Luciamorgon på Koberg i Västergötland 1848, måla av Fritz von Dardel. Dagen blei med andre ord feira før dei første svenske Luciasongane me kjenner til i dag. Lisens: offentleg eigedom

Frå Napoli til Elvis

Før me kjem nærmare ei løysing på Santa Lucia-mysteriet, så må me lenger ut på viddene. Nærmare bestemt eit sidespor til Italia. Sjølve Santa Lucia-melodien har nemleg ei langt eldre historie – og har lite med skandinaviske barnetog med lys å gjera. Linda Eide fortalde om historia på språksjovet sitt for to år sidan.

Luciamelodien er eigentleg frå Napoli. Musikken og teksten blir ofte tilskriven den italienske tonesetjaren Teodoro Cottrau (1827–1879). Han var son til den franskitalienske komponisten og songsamlaren Guillaume Louis Cottrau (1797–1847), som skildra og omsette songen frå neapolitanska til italiensk. Cottrau publiserte songen som Barcarolla i 1849.

Teksten er lagd i munnen på skipperen til ein liten båt ved kai i Napoli. Han kallar inn passasjerar med å synga om den fagre bydelen Santa Lucia. «Tu sei l’impero dell’armonia, Santa Lucia!» – «Du er harmoniens rike, Santa Lucia.»

Framleis kan du besøka bydelen Santa Lucia i Napolibukta. Her finst det ei flott gamal borg, Castel dell’Ovo frå 1128.

Det skal vera akkurat her Elena ser sjøen for første gong i boka Mi briljante venninne av Elena Ferrante – den største salssuksessen til Det Norske Samlaget i dette tusenåret.

Den napolitanske sviska har blitt sungen av fleire kjende artisar. Mest kjent er Elvis Presley sin versjon frå Viva Las Vegas-filmen frå 1964.

– Håpar eg ikkje kjem i fengsel!

Etter svippturen til Italia, er det tid for å gå tilbake til grunnlaget for Santa Lucia-mysteriet. Kvifor står det ein annan Ingvar Moe-versjon i Song for deg og meg frå 2002, enn den første versjonen frå 1979? Og er det verkeleg Ingvar Moe som står bak den siste versjonen?

Sjølvaste Odd Nordstoga var redaktør for songboka før han for alvor slo gjennom med Luring i 2004. Det er snart 20 år sidan boka kom ut, men eg spør han på e-post:

Har du aning om kvar du / de fann dykkar Ingvar Moe-versjon av Santa Lucia frå? Eller veit du om nokon som kan setja meg på sporet av dette Santa Lucia-mysteriet?

– Dette var eit mysterium ja. Det var litt forskjell også, svarar Odd Nordstoga på epost.

Han peikar til sambygdingen og diktaren Stein Versto.

Festspeldiktarane i 2020: Portrett til venstre av Odd Nordstoga: Hans Fredrik Asbjørnsen. Portrett til høgre av Stein Versto: Ånond Versto.

– Det kan vera at eg eller Stein som var redaktør på Samlaget har litt skuld i dette. At me har endra litt, og det i så fall for å gjera teksten meir lik den teksten som dei fleste har eit tilhøve til. At det står «kveikte» talar for at det ikkje er meg som har vore på ferde. Men dette er eg ikkje sikker på. Det er lenge sidan. At det i så fall ikkje står anna enn Ingvar Moe har vel med det å gjera kanskje? At det er redaksjonen som har endra i versa til Moe?

– Dette var min teori i alle fall. Håpar ikkje eg kjem i fengsel i fall me har gjort noko gale.

Gaute Øvereng i Nynorsk kultursentrum bryt inn med ein epost:

– Eg har ikkje tenkt å arrestera Odd, men det kan vera han er inne på noko der.

– Det er ei gåte!

Eg prøver å ringa Stein Versto, og sender han ein sms med ærendet mitt. Han svarar i ein sms at han ikkje hugsar noko om historia til Santa Lucia-songen i Song for deg og meg. Det er nesten 20 år sidan boka kom ut. Men han peikar vidare til Guri Vesaas. Kanskje ho veit noko?

Guri Vesaas (82) er på veg heim til Vinje då eg endeleg får tak i ho. Ho skal feira jul saman med bror sin og resten av familien på Midtbø, barndomsheimen hennar og heimen til dei kjende diktarforeldra Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas.

Guri Vesaas var hovudansvarleg for å bygga opp barneavdelinga til Det Norske Samlaget frå 1974 til 2006, og kjende Ingvar Moe gjennom jobben sin.

Guri Vesaas, her saman med prisutdelar Jonas Gahr Støre, fekk heidersprisen under Brageprisutdelinga i 2007 for den eineståande innsatsen hennar for norsk barne- og ungdomslitteratur. Foto: Sara Johannessen Meek / NTB .

Men at han skulle laga ei omsetjing av Santa Lucia-songen, kan ho ikkje hugsa. Og at han skulle ha laga to ulike versjonar, trur ho ikkje på.

– Det er ei gåte dette!

– Kan det vera at omsetjinga hans blei endra på seinare?

– Ja, det kan godt vera. Ein tok seg jo mykje fridommar før. Sløyfa ting, og endra på ting slik at det skulle passa. Det er godt mogleg det kan ha skjedd, seier Vesaas.

Les intervju med Guri Vesaas: – Eg er vel litt «bånskleg», då

Kimen til suksess

Det var Guri Vesaas som engasjerte Odd Nordstoga til å laga songboka Song for deg og meg.

– Eg har tenkt på kvifor ho spurde meg om å laga boka, fortel Odd Nordstoga på telefon. Han blei engasjert i bokprosjektet fleire år før han slo gjennom som artist. Det at han var frå Vinje, og at han var musikar og lærar, trur han er noko av svaret.

– Guri har hatt ein finger med i mykje. Det var ho som let meg få gå gjennom gangane på Samlaget og leita i bøker etter dikt og songar.

Det var her han fann diktet til Ragnar Hovland som blei til suksesshiten Kveldssong for deg og meg fire år seinare.

– Men Borgny Systad, den driftige målkvinna frå Sunnfjord. Kan ho ha noko med teksten hans å gjera?

– Nei, ho kjenner eg ikkje til.

Odd Nordstoga har òg spelt inn ein heilt eigen bokmålsversjon av Santa Lucia-songen. Her er Kjetil Indregard og Atle Knudsen medforfattarar.

Noko demrar for Odd Nordstoga

Odd Nordstoga har meir tru på teorien om at han kan ha endra på teksten til Ingvar Moe.

– Det var 123 songar med i boka, om eg ikkje hugsar feil, og det var mykje jobb. Min teori er at eg kan ha pussa på han slik at han blei meir lik den folk kjenner frå før.

Han ville heidra den som heidrast burde, så derfor blei Ingvar Moe kreditert. Men så blei teksten endra meir enn berre enklare justeringar.

Odd Nordstoga ringer opp litt etterpå:

– Det byrjar å demra litt for meg, sjølv om det er lenge sidan. Dersom teorien min stemmer, om at eg kan ha gjort nokre endringar, så var det nok litt utilsikta av meg og kanskje litt freidig å gjera ei såpass stor endring på teksten. Eg var uerfaren, og det var nok ein slags misforstått audmjukheit av 28 år gamle meg å ikkje skriva at det var ei ny omsetjing av meg, basert på teksten til Ingvar Moe.

– I ettertid så ser eg at det var litt respektlaust. Men intensjonen om å gjera songen enkel å synga og til å kjenna igjen for brukarane, den står eg inne for framleis.

Vil framleis bruka den originale

I Etne brukar dei framleis den originale Ingvar Moe-versjonen som først stod på trykk i Sang i grunnskolen 2. Inga Klokkerstuen Wangensteen har ein førsteklassing og ein tredjeklassing som har sunge den på Enge skule i Etne.

– Det er kjekt å høyra at me syng den originale versjonen av Ingvar Moe, seier ho på telefon.

Oppdatering:

Kort tid etter publiseringa av artikkelen, kjem eit tips frå platesamlar og høgskulelektor ved Nynorsksenteret, Arild Torvund Olsen. Han skriv at Olav Berkaak gav ut teksten til ein Santa Lucia-song på nynorsk allereie på 60-talet – lenge før Ingvar Moe-versjonen dukka opp i Song i grunnskolen 2 i 1979.

Berkaak-versjonen stod første gong i Ringsaker Blad i 1962. Seinare kom den med i antologien Trøndsk lyrikk i 1967, og den var òg med seinare i Norsk Songbok. Berkaak var formann i redaksjonsnemda til Noregs Høgskulelærarlag som stod bak denne utgjevinga. Les meir om Berkaak på Allkunne!


Frå arkivet: Har du fått med deg kva som skjedde då ungdommane på mottaket fekk høyra nynorske songar for første gong? Les Grisen står og hyler på mottaket!

Nizamuddin, Abdullah, Mahmoud, Ahmad Amini og Enyat ler godt av Youtube-videoen med Nordstoga-klassikaren «Kveldssong for deg og meg».