Guri Vesaas har vigd heile livet sitt til den nynorske litteraturen.
Line Omland Eilevstjønn, VTB.no
Line Omland Eilevstjønn, VTB.no

Først publisert i Vest-Telemark Blad

– Eg likar meg her blant dei unge, seier Guri Vesaas (79). Det er tysdag ettermiddag, minusgrader og blank sol i hovudstaden. På Majorstua, som har vore den andre «heimbygda» hennar dei siste 26 åra, kjem ho strålande blid inn gjennom ei kafédør. Ho bestiller seg ein dobbel americano. Ho har vore her før. Når kaffien hennar er klar avslører ho at ho helst skulle hatt ein annan kopp.

– Eg likar ikkje vide koppar til kaffi. Ein smal og høg ein held litt lenger på varmen, seier ho lurt.

Oppveksten på diktargarden Midtbø saman med Halldis, Tarjei og broren Olav, står i sterk kontrast til indre Oslo by, men heime er heime. Ho har trass alt budd i Oslo og omland i rundt seksti år, mest takka vera jobben i eit visst nynorsk forlag.

Samlaget, som har vore Guri sin arbeidsstad heile hennar vaksne liv, jubilerer i år. Det fyller heile 150. Sjølv var ho berre 27 år då ho stempla inn på nynorskforlaget i Oslo fyrste gongen i 1966.

Ho var ikkje heilt sikker på om ho ville intervjuast, men når det skulle handle om Samlaget lét ho seg overtale.

«Eg har ikkje lyst til å vera vrang med den kjære lokalavisa heller. Men det er skummelt at det er joleavisa, då kan ho bli liggande framme så lenge», sa Guri i telefonen.

Litt velkjent vesttele-sindigheit til trass – ho er glad for å kunne fortelje om forlaget som ligg hjartet hennar nærmast, der ho i ei årrekkje hadde hovudansvaret for barnebøkene som blei gjevne ut. Ho har berre hatt spreidde småjobbar for dei sidan ho gjekk av med pensjon for tolv år sidan, men har god kontakt med forlaget framleis og går aldri glipp av festane dei har.

– Eg har ståande invitasjon til festane deira. Dei er kjente for å ha veldig hyggelege festar. Eg har nettopp vore der på gangfest.

– Gangfest?

– Ja, namnet kjem av at det tidlegare forlagslokalet ikkje hadde eit stort nok rom til festing etter at forlaget vaks seg større. Så hadde vi fest på gangen,  for der var det mest plass. Det var ein lang gang, seier Guri med ein liten latter. Sidan har festen før jol blitt heitande Gangfesten.

Starta som korrekturlesar

Den lange forlagskarrieren hadde Guri ingen draumar om då ho begynte å studere på Universitetet i Oslo. Ho tok engelsk og fransk mellomfag attåt norsk grunnfag, som det heitte den gongen. Ho visste ikkje heilt kvar ho ville i verda, berre at ho var glad i språk.

– Det starta med at eg baud meg fram som korrekturlesar medan eg var student. Det fall naturleg å vende seg til Samlaget på grunn av nynorsken, og så hadde mor mange oppgåver for dei på den tida. Det var eit anna forlag ho gav ut bøkene sine på – både mor og far debuterte jo lenge før Det Norske Samlaget vart eit profesjonelt forlag  – men ho tok gjerne på seg oppgåver som redigering og omsetjing av mange slags bøker for dette unge , men samtidig svært gamle forlaget.

Eg søkte ikkje jobb der, men då eg var ferdig  på Universitetet, blei eg spurt om eg ville jobbe på Samlaget. Eg hadde aldri fått den jobben om eg hadde søkt i nyare tid, forsikrar ho.

– Det er lov å ha trua på eigne evner sjølv om ein har berømte foreldre.

– Jaudå, men det er noko med krava som blir stilte til forlagsredaktørar i dag. Eg har aldri skrive nokon jobbsøknad, eg, men fekk altså draumejobben utan heilt å skjøne det då, seier Guri.

I starten måtte dei få tilsette i Samlaget gjera litt av alt, men alle hadde òg eit spesialansvar. Guri vart redaksjonssekretær i det nystarta tidsskriftet «Vår Samtid». Målgruppa var ungdomsskuleelevar, og bladet vart kalla «veslebror» av det velkjente tidsskriftet «Syn og Segn».

«Syn og Segn» var godt innarbeidd som uunnverleg nynorsk lesestoff for gymnasiastar, men det var eit allment tidsskrift med nokså høg vanskegrad. Vår Samtid var særskilt tilrettelagt for ferske tenåringar, brukte både bokmål og nynorsk og stod etter kvart sterkt i ungdomsskulen. Det var ein artig og utfordrande jobb å skulle passe på at stoffet støtta opp om skulefaga samtidig som det skulle treffe dei unge og opplevast spennande og underhaldande. Det var her eg bl.a. fekk trening i å tilpasse både innhald og form til ulike aldersgrupper, fortel Guri.

Ein super forlagssjef

Sjølv om det då hadde eksistert i nitti år, blei ikkje Samlaget eit profesjonelt, moderne forlag før i 1958. Alle forlagsdokumenta hadde til då hatt plass i ei lita rosemåla kiste, som gjekk på rundgang hjå dei frivillige nynorskingane som etter tur tok på seg å jobbe med «Syn og Segn» og bøkene dei gav ut med ujamne mellomrom.

Men i 1958 bestemte idealistane seg endeleg for at dei måtte starte eit vanleg forlag med betalt arbeidskraft og fast tilhaldsstad. Det måtte til for å skaffe nynorsk bokutgjeving ein rettkomen posisjon. Dei andre forlaga gav naturlegvis ut nynorske bøker som kom inn av seg sjølve iblant, men det skulle mykje til før desse bøkene vart framheva på lik linje med bokmålsbøkene der, seier Guri.

Den fyrste forlagssjefen blei tilsett. Han var ung, nynorskbrukar og bibliotek-utdanna, hadde arbeidd med bokprogram i NRK og skulle vise seg  å vere rett mann.

Johs Aanderaa var vidsynt, nyfiken, energisk og dristig. Han hadde stor kontaktflate og god teft, han viste unge og talentfulle forfattarar stor tillit og gav dei ansvar og oppgåver, han hadde sans for mangslags litteratur og var oppteken av utsjånaden på bøkene også, tilsette ein dyktig bokdesignar og gav Samlaget eit nytt andlet, friskt og moderne. Og han var sterkt engasjert i barnelitteraturen, visste kor viktig den er. Den oppveksande slekt må få gode og fargerike lystlesingsbøker på det språket dei skal lære, ikkje berre skulebøker! Det forstod han, og det forstod faktisk eg òg.

Nynorsken hadde hatt ein tendens til å bli assosiert med noko tungt og tregt og alvorleg, ikkje heilt utan grunn: Nynorske barnebøker handla lenge og mykje om det harde og strevsame «livet på landet», med fattige, men svært flinke og tapre born, strenge foreldre og autoritære lærarar.

– Då eg kom inn i forlagsverda på 1960-talet var ei sterk endring av dette alt på gang, og med nye offentlege støtteordningar framover på 1970-talet vart det lettare både for forlag og forfattarar å satse på fornying og utvikling av ein aktuell, fantasirik og spennande barnelitteratur på båe målformene. Likevel sat myten om dei triste nynorskbøkene i lenge, blant anna hos bokhandlarane, som plasserte nynorskbøkene i eigne bortgøymde hyller. Det var kamplyst og trassig optimisme på gang ikkje minst blant nynorske kulturarbeidarar, svært stimulerande å få vera med på! Eg hugsar at ein bokhandlar frå eit «nynorskdistrikt» i Telemark sa til denne avisa at han ikkje tok inn nynorske barnebøker fordi dei var gammaldagse og såg keisame ut; det var seint på 80-talet og slett ikkje sant lenger. Då tente eg på dei pluggar eg hadde. No høyrer ein ikkje slikt meir, seier Guri.

– Kvifor valde du så barnebøkene som ditt felt?

– Eg er vel rett og slett litt «bånskleg», då? Nei, eg interesserte meg for born. Eg hadde dessutan vore bokslukar som barn, og eg kjende meg heime i den delen av litteraturen. Så fekk eg altså setje om eit par barnebøker frå engelsk medan eg var student, og det lika eg så godt. Kanskje eg kjende då at denne slags arbeid passa for meg. Og då eg i 1974 fekk hovudansvaret for Samlagets barnebøker, hadde eg byrja å skjøne at litteraturen for barn er den aller viktigaste, for dei lesarane er dei mest mottakelege og lettast å påverke. Til Samlaget kom det etter kvart mange unge forfattarar som var innstilte på å skrive «på bestilling», så når eg oppmoda dei til å skrive for barn òg, prøvde mange av dei det, og med stort hell! Når det også fanst mange dyktige illustratørar å velje blant, og vi i tillegg la arbeid i å leite opp og kjøpe verkeleg gode utanlandske barnebøker til omsetjing, hadde me etter måten imponerande boklister å slå i bordet med.

Plutseleg stoppar tankerekka opp.

– Er det ikkje ein vinbyggje som syng no?

Odd Nordstoga har snike seg med i samtala, og syng inn jola i høgtalarane med «Jul i Svingen».

– Han er overalt, seier ho medan ho smiler ned i den store kaffikoppen.

– Han òg gjer godt arbeid for nynorsken.

Pensjonist og omsetjingskonsulent

Dagane synest å vera alt anna enn rolege for den spreke pensjonisten. Ho kosar seg, då. Nettopp no er ho konsulent og medhjelpar for forlags- og skiensmannen Arild Batzer, som driv sitt eige suksessrike forlag i Danmark.

– Han drog til Roskildefestivalen på 70-talet og har aldri kome heim att, ler Guri.

–  Han starta bokkafé fyrst, det var «inne» på syttitalet. Bokkafeen vart til forlag, og så var han heldig og tente godt på bl.a. Per Pettersons roman «Jeg forbanner tidens elv», som fekk Nordisk råds litteraturpris. Den norsk-danske forleggjaren hadde alltid tenkt at viss han fekk råd ein dag, skulle han nyomsetje bøkene til Tarjei Vesaas, som han hadde møtt og blitt begeistra for som gymnasiast i Skien. Og endeleg har han byrja på nyomsetjingane. «Fuglane» kom ut på nytt i fjor, og no held han på med «Is-slottet». Han sender meg lister over ord og uttrykk dei er usikre på, og eg finles den ferdige omsetjinga før trykking. Dette er morosamt og meiningsfylt arbeid! Nyomsetjingar av fars bøker skjer i mange land no, eg gjer tilsvarande arbeid for eit fransk og eit svensk forlag. Og eg må henge i, for livet er ikkje så langt lenger, smiler ho.

LES OGSÅ: Litteraturen banar veg for nynorsken

Fisk og kling i diktarheimen

Permanent adresse for Guri dei siste 26 åra, og vinteradresse for Halldis etter at Tarjei døydde i 1970, har vore Jacob Aalls gate på Majorstua. Heim att til Midtbø har det aldri vore aktuelt for Guri å flytte permanent. I Oslo har ho hatt arbeid, familie og omgangskrets. Men både ho og bror Olav er i barndomsheimen så ofte og lenge som det lét seg gjera.

– Både Midtbø og Majorstua er heime for meg. Me feirar jo alle joler i Vinje, til dømes. Sonen min Øystein, eg, bror min, eldste dotter hans Hilde og hennar son Viktor – me bur alle i eller nær Oslo, men må til Vinje i jola. Medan Olavs yngste dotter Dagne har gjort det rette: slått seg ned i Vinje og bur og arbeider der, seier Guri.

Denne jola er ikkje noko unntak. Dei gler seg til å feire saman i det historisk fullpakka huset i Særensgrend. På Midtbø et dei sjølvsagt fisk og kling på jolekvelden. Klingen kjem frå Anne Tveiten på Mogane og fisken er det Dagne med mann og sønene Tarjei og Olav som har fiska i Vinjevatn.

– Men me et ikkje suppe, då. Mor mi som var frå Trysil, sette grensa ved suppe. Ho gjekk med på fisk og kling, men insisterte på jordeple til fisken. Eg veit ikkje korleis det er med dei andre som er trufaste mot fisken, eg? Tillét dei seg å eta eple til? ler ho.

Heller ikkje for Tarjei var fiskesuppa noko sakn.

– Han kunne ikkje eta middag utan eple, så for han var det grei skuring! seier Guri, og hermer etter Mattis i «Fuglane».

Frå diktarheimen på Midtbø i Vinje. Foto: Signe Marie Kittelsaa, Vinje kommune

Det er alltid godt å ta seg ein tur heim til Vinje. Særleg no som både ho og broren Olav har blitt pensjonistar, likar dei å vera heime på Midtbø i lengre periodar. Dei siste åra har dei opna diktarheimen for publikum om somrane. Det er eit spennande nytt kapittel i historia på garden.

– Dei som kjem og vil sjå, har oftast kjennskap til forfattarane som budde der og det dei har skrive. Men no har me fått eit stort, fint skilt, så til sommars kjem det nok fleire spontane besøk.

Guri trur ikkje Halldis og Tarjei ville hatt noko imot at borna opnar heimen for publikum. Ho trur tvert imot at dei hadde lika det.

– Eg kan ikkje minnast at me snakka om det nokon gong, men me har ei veldig sterk kjensle av at dei er einige.

LES OGSÅ: Sterkt og sårt om Vesaas

Oppdatert: sundag 30. desember 2018 12.53

Kommentarar

ANNONSE