Spire: «Solidaritet med sør, klimakutt i nord»

Ingeborg Sævik Heltne og Kyra Kleinstapel
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er ein kommentar, og gjev uttrykk for skribentane sine meiningar.

Sjå føre deg dette: Noreg har eit litt trangt statsbudsjett, grunna gjeld til Sverige, som tidlegare kontrollerte landområda våre. Brasil, som kvart år set av éin prosent av bruttonasjonalprodukt til bistand, gir 300 millionar til Noreg.

Desse 300 millionane skal gå til å verne store naturområde i Noreg, som ein del av klimabistandsplanane til Brasil. Desse verneområda får vi ikkje bestemme sjølve. I realiteten er det no Brasil som styrer naturforvaltinga i Noreg.

Mellom anna vert store område av Finnmarksvidda verna. Det har ingenting å seie at samane har reindrift i desse områda. Reindrifta vert flytta. Ola må slutte å produsere møblar i skogen i Hedmark, fordi Brasil vil kutte utslepp ved å verne den dyrebare skogen i Noreg.

Brasil arrangerer fest for vellykka vern av norsk skog, der samane får opptre med eit kulturelt innslag, og servere lokale delikatesser.

Ikkje spesielt rettferdrig

Samtidig har FNs klimaforhandligar resultert i eit omfattande klimakvotesystem, som ei løysing på klimakrisa.

Guyana, som nyter godt av sin nye oljerikdom, ønskjer ikkje fase ut oljeproduksjonen i frykt for å tape økonomisk vekst.

For å få karbon-budsjettet sitt til å gå opp utan å kutte olja, kjøper dei klimakvoter av Noreg. Dei skal plante 50 000 tre på norsk jord dei neste to åra.

På den måten kan Guyana halde fram med å pumpe opp olje – og samtidig framstillast som eit foregangsland i klimakampen.

Høyres dette teit ut? Bytt om rekkefølgja på landa, så er dette skremmande likt korleis mykje av norsk klimapolitikk foregår.

I statsbudsjettet som kom no i oktober vart det sett av 1150 millionar kroner til kjøp av klimakvoter. Desse klimakvotene bidreg til at vi kan utvikle, ikkje avvikle olja.

Klimakvotene tillet at vi kan kutte marginalt i eigne utslepp, og heller få andre land – som gjerne allereie har mykje lågare utslepp enn oss – til å kutte for oss.

Det er ikkje spesielt rettferdig.

Klimakvotene tillet at vi kan kutte marginalt i eigne utslepp, og heller få andre land – som gjerne allereie har mykje lågare utslepp enn oss – til å kutte for oss. Det er ikkje spesielt rettferdig.

Å ta ansvar for klimakrisa krev meir enn bistand.

Karbonkolonialisme

Under klimatoppmøtet i Glasgow introduserte Bolivia, på vegne av ei gruppe som kallar seg «Like-Minded Developing Countries», eller LMDCs, konseptet karbonkolonialisme.

Dagens klimatiltak kjem ofte dei rikaste landa til gode – trass i at det er dei som har bidrege mest til klimaendringane, og som råkast minst av dei.

Ved å forskyve klimakutt til land i det globale sør og samtidig satse blindt på ein teknologi som ikkje finst endå, viderefører rike land ein praksis som i lang tid har prioritert økonomisk profitt over menneske og miljø.

Så, skal ikkje rike land som Noreg investere i grøn omstilling i låg- og mellominntektsland? Er ikkje klimabistand bra? For all del. Men, det er ikkje nok.

Å ta ansvar for klimakrisa krev meir enn bistand. Klimabistand kan ikkje erstatte utsleppskutt på heimebane.

Vi kan ikkje halde fram med å betale oss ut av ansvaret for klimakrisa, og samtidig halde fram med same praksis som har sett oss i denne situasjonen til å byrje med.

Bekymra

Framtida ser lys ut etter klimatoppmøtet i Glasgow, ifølgje mange beslutningstakarar. Klima- og miljøminister Espen Barth-Eide har uttalt til norsk presse at han er «svært nøgd» med resultata.

Breidda i norsk sivilsamfunn er derimot bekymra. Inntrykket etter COP26 er at det er grøn teknologi og netto null-utslepp som gjelder.

Ved netto null er ikkje målet lenger nullutslepp. Målet er å fange opp like mykje karbon som vi slepp ut. Teknologien for å lykkast med det eksisterer ikkje per no.

Resultatet av klimaforhandlingane er langsiktige mål som får det til å sjå ut som vi tek ansvar.

Det som eigentleg skjer er at rike land unngår den grøne omstillinga, og at land i det globale sør vert ansvarlige for utsleppskutta.

Medan vi drømmer om store anlegg som fangar opp våre utslepp slik at vi slepp å gjere vanskelege kutt, rammar klimaendringane først og fremst dei som har bidrege minst til dei.

LES OGSÅ: COP26: «Glade for at norsk dobbeltmoral fekk merksemd framfor heile verda»

Cari Anna King (t.v.) og Elise Åsnes er nestleiarar i Spire, og var begge observatørar under årets klimatoppmøte i Glasgow. Foto: Privat. Kollasj: Framtida.no