Barns rettar: «Vi er ti år på overtid»

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Det er ti år sidan FN bestemte at barnekonvensjonen skulle få ein viktig tilleggsprotokoll som sørgjer for at barn kan klage til FNs barnekomité om dei vert utsette for brot på rettane sine i landet der dei bur.
Ti år seinare manglar framleis barn i Noreg denne klageretten, trass i at mange opplever brot på rettane sine kvar dag.
Det er på tide at Stortinget lyttar.
Kven skal dei klage til?
Det er vanskeleg for barn og unge å verte høyrde i saker om brot på rettar.
I Noreg handlar dette mellom anna om asylbarn opptil 18 år som er utan omsorg frå foreldra sine og ikkje får den omsorga dei har krav på. Desse barna får barndomen sin sett på vent av mellombelse opphaldsløyve. Kven skal dei klage til?
Å inkorporere barnekonvensjonen i norsk lov er ikkje nok.
Det er nemleg opp til FN sine medlemsstatar å velje om dei vil binde seg til konvensjonen sine internasjonale klageordningar eller ikkje, og Noreg har ikkje bunde seg til barnekonvensjonen si klagemekanisme.
Solberg-regjeringa meinte at menneskerettane er godt verna i Noreg, og at ratifisering av barnekonvensjonen sin klagemekanisme er unødvendig.
Eit dårleg døme for verda
Vi har tradisjonelt vorte sett på som eit føregangsland for barn sine rettar. Vi har inkorporert barnekonvensjonen, vi har verdas første barneombod og barneminister.
At Noreg vel å ikkje ratifisere klagemekanismen, fråtek dermed tilleggsprotokollen status og legitimitet. Vi set rett og slett eit svært dårleg døme for resten av verda.
Stortinget har stemt over saka før, og stemte den gong nei. Politikarane frykta mellom anna at klagemekanismen ville føre til redusert styresmakt for politikarane. Dette meiner vi i Press er eit svakt argument.
Noreg har allereie bunde seg til barnekonvensjonen, og dersom vi ikkje tilsluttar oss klagemekanismen, held vi fram å ignorere brota på rettar som barn i Noreg opplever kvar einaste dag.
- Har du greie på Barnekonvensjonen? Sjekk kor mykje du kan i denne quizen!
Ignorerer FN-kritikk
I Stortingsmeldinga om FN si klageordning fryktar politikarane spesifikt at barnekonvensjonen sin artikkel 3, om barnets beste, skal overgå innvandringsregulerande omsyn.
Men FN sin barnekomité, menneskrettskomité og torturkomité har allereie kritisert Noreg på dette området fleire gongar.
Det er absurd at politikarane ikkje vel å gje norske barn rett til å klage når rettane deira vert brotne, fordi dei nektar å ta kritikken til FN sine komitéar seriøst.
I dag må norske barn klage til eit tomrom.
Alle barn skal verte handsama med respekt, også når dei er innvandrarar.
Å nekte barn klagerett er faktisk eit brot på barnekonvensjonen sin artikkel 12, som seier at barn har retten til å seie si meining og verte høyrde.
I dag må norske barn klage til eit tomrom. Dei vert ikkje høyrde.
Barn har eigne rettar og er sjølvstendige rettssubjekt, men det finst få mogelegheiter for barn til å få prøvd sine saker på ein måte som er spesielt tilrettelagd for dei.
Sjå føre deg at vaksne ikkje lenger har mogelegheit til å klage til den europeiske menneskerettsdomstolen. Mange ville nok tenkt at det hadde gjeve lite meining å ha rettar dersom ein ikkje kan seie frå om dei vert oppfylte eller ikkje. Kvifor skal dette gjelde for barn?
Barn er ikkje foreldra sin eigedom
Vi er nøydde til å styrke posisjonen til barn sine rettar i Noreg. Det er lenge sidan barn har vore foreldra sin eigedom, og regjeringa er nøydde til å slutte å behandle dei slik.
Barn er menneske på lik linje med resten av befolkninga, og resten av befolkninga kan klage når deira rettar vert brotne.
Det kan ikkje barn i sin særeigne posisjon, og vi er allereie ti år på overtid.
Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine haldningar.
Har du noko på hjartet? Send tips eller innlegg til tips(a)framtida.no!
- Visste du at Barnekonvensjonen vert lagra som DNA? – Tek vare på det viktigaste vi har