Barnekonvensjonen vert lagra som DNA: – Tek vare på det viktigaste vi har

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Camilla Viken er generalsekretær i UNICEF Norge. Foto: UNICEF Norge

– Vi må sørgje for at barns rettar står sterkast av alt, og at alle som kjem etter oss overheld dette, seier generalsekretær i UNICEF Norge, Camilla Viken, i ei pressemelding.

I høve 30-årsjubileet til Barnekonvensjonen vil UNICEF Noreg syte for at dokumentet kan bevarast for framtida – sjølv om samfunnet vert råka av naturkatastrofar, krig eller samanbrot.

Difor vert Barnekonvensjonen no lagra i syntetisk DNA. Onsdag vert DNAet plassert i Arcitic World Archive, dommedagskvelvet som ligg ved sida av frøkvelvet på Svalbard.

– Barnekonvensjonen vert dermed det første offisielle dokumentet som vert lagra på denne måten, seier Viken.

Naturens eigen harddisk

Barnekonvensjonen vart einstemmig vedteke av generalforsamlinga til FN den 20. november 1989. I åra etter har den vorte ein av FN-konvensjonane med breiast tilslutning. Alle FN-medlemmane har ratifisert konvensjonen, med unntak av USA.

– Barnekonvensjonen er eit av verdas viktigaste dokument, så viktig at den bør vere ein del av vårt DNA. Den tek vare på det viktigaste vi har – barna våre og deira rettar, seier generalsekretær Viken.

Som så mykje anna i dagens samfunn, vert Barnekonvensjonen oppbevart digitalt.

UNICEF fryktar den difor er sårbar, både fordi teknologien bak digital lagring kan verte utdatert – tenk berre på all informasjonen som ligg på diskettar(!) – og fordi den ikkje er trygg. Hardiskane til «dataskyer» kan verte øydelagde av straumbrot og naturkatastrofer, eller dei kan verte eit mål for terror, krig og hacking.

Organisasjonen tyr difor til naturens eigen harddisk, DNA. Det krev verken straum, nett eller annan teknologi, og ein kan lese informasjonen i all framtid.

Sjå informasjonsvideoen her: 

– Som å omsetje frå kinesisk

Nick Goldman er seniorforskar ved EMBL’s European Bioinformatics Institute ved det britiske universitetet Cambridge, og har vore ansvarleg for å kode Barnekonvensjonen.

I informasjonsvideoen frå UNICEF forklarar han at syntetisk DNA kan lagre informasjon i millionar av år. Dette utdjupar han i pressemeldinga frå organisasjonen:

– I dag er det faktisk lettare å hente ut informasjon frå forhistoriske levningar enn frå ein gammal mobiltelefon. Å lagre digitale data i syntetisk DNA er som å kode i vanlege datamaskiner, det er berre eit anna språk, det er akkurat som å omsetje frå kinesisk til engelsk.

For å gjere Barnekonvensjonen om til arkiveringskopiar i DNA, vert dei digitale filene konverterte frå dataspråk til DNA-språk – frå binær kode med 0 og 1 til sekvensar av A, C, T og G.

Det ferdiglaga syntetiske DNAet, vert så plassert i eit DNA-skjell. Det er ein liten rustfri stålkapsel som er laserforsegla.

Endeleg, onsdag 20. november, vert DNA-prøva lagra i permafrosten på Arctic World Archive på Svalbard – ein av verdas sikraste stadar.

UNICEF vil sikre at alle framtidige generasjonar kjenner til Barnekonvensjonen, difor lagrar dei no ein variant i dommedagskvelvet på Svalbard. Foto: UNICEF