Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 25.02.2022 14:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– «Sportsvaske» blir brukt når styresmakter i autoritære land bruker store sportsarrangement for å setje seg sjølv i eit betre lys eller søkjer å oppnå det same ved å kjøpe opp eller sponse populære sportsklubbar, seier direktør Åse Wetås til NRK.

I 2022 skal fleire store idrettsarrangement haldast i land som blir kritisert for å bryte menneskerettane.

I samband med dette har orda sportsvaske fått aktualitet og fotfeste i norsk, heiter det i grunngjevinga frå Språkrådet.

Framleis pandemi

I 2020 var det «koronaen» som vann kåringa. Pandemien pregar framleis samfunnet, og fleire korona-relaterte ord er med på årets ti-på-topp-liste, mellom anna TISK (testing, isolasjon, smittesporing og karantene), antivakser og mutantvirus.

– I fjor var å halde meteren, flate ut kurva og sprite på lista over ord som hadde festa seg i språket vårt. Gjennom årets liste ser vi at pandemien er inne i ein annan fase, og orda speglar diskusjonar rundt vaksinar og smitteverntiltak. Dette viser at språket endrar seg i takt med samfunnsendringane, seier Wetås.

Klimakamp og likestilling

Nyorda i år viser til fleire straumdrag i samfunnet. Det er spor av både klimakamp og likestilling blant dei ti utvalde orda.

Mikromobilitet, arealnøytral og biogen er ord som viser at det stadig blir laga nye løysingar for å nå klimamåla. Saman med det grøne skiftet treng vi òg nye ord. På lista finn vi òg sysselmeister, som erstattar stillingstittelen sysselmann. Tittelen blir brukt om den øvste representanten til regjeringa på Svalbard, seier Gisle Andersen, professor ved Noregs handelshøgskole (NHH).

Dette er heile ti på topp-ordlista for 2021:
med skildringar frå Språkrådet.

  • Sportsvaske
    • At styresmakter i autoritære land brukar store sportsarrangement
      for å setje seg sjølv i eit betre lys eller søker å oppnå det same ved å kjøpe opp eller sponse populære sportsklubbar
  • Mikromobilitet
    • At éin person eller nokre få personar brukar små transportmidlar over korte avstandar (til dømes elsparkesykkel).
  • Arealnøytral
    • At eit område er arealnøytralt, vil seie at dersom ein del av naturen blir bygd ned, må eit tilsvarande utbygd område ein annan stad i det arealnøytrale området førast tilbake til naturen. Det inneber òg gjenbruk av allereie utbygde område i staden for utbygging av meir natur.
  • TISK
    • i nemning for ein metode eller strategi brukt til å hindre smittespreiing. TISK er ei forkorting som er laga av første bokstav i orda testing, isolasjon, smittesporing og karantene.
  • Antivakser/antivaksar
    • Omgrep for ein person som er meir eller mindre aktiv motstandar av vaksinar, og det er ei kreativ og interessant samandraging av fleire potensielt underliggjande ord.
  • Halvleder/halvleiar
    • Halvleiarar er stoff med eigenskapar som gjer dei svært viktige for den moderne mikroelektronikken, og auken i bruken av ordet i 2021 har samanheng med stor etterspørsel etter halvleiarar og problem med forsyningskjedene. Dette har særleg råka bilindustrien.
  • Sysselmester/sysselmeister
    • Som eit ledd i arbeidet med å skifte ut kjønnsspesifikke stillingstitlar med kjønnsnøytrale i statlege verksemder avgjorde Justis- og beredskapsdepartementet seint i 2020 at sysselmeister skal erstatte embetsnemninga og stillingstittelen sysselmann frå 1. juli 2021. Tittelen blir brukt om den øvste representanten for regjeringa på Svalbard. Førsteleddet syssel, som er uttrykk for eit administrativt område, er ført vidare frå den gamle tittelen, som er nemnd i Svalbardlova frå 1925.
  • Mutantvirus
    • I takt med at koronaviruset som fører til covid-19, fleire gonger har endra seg og fått eigenskapar som har sett ny fart i smittespreiinga, har ordet mutantvirus vore hyppig brukt.
  • Havnespy/hamnespy
    • I 2021 er det fleire stader langs vestlandskysten funne førekomstar av ein framand vekst som fortrengjer andre naturlege vekstar på sjøbotnen. Det lignar på spy og er uønskt i havområda våre. Veksten blir kalla japansk sjøpung, men Artsdatabanken har òg registrert namnet hamnespy.
  • Biogen
    • Adjektivet biogen har vore ein del i bruk i diskusjonar om CO2-utslepp. Det blir brukt om materiale som ved forbrenning gir mindre utslepp av CO2 enn fossilt materiale, og som dermed gir lite utslag i klimarekneskapen.

Dei siste åra har koronaen, klimabrøl og skjebnelandsmøte blitt kåra til årets ord.

Årets ord

Årets ord blir kåra av Språkrådet i samarbeid med professor Gisle Andersen ved NHH. Viktige kriterium for kåringa er at orda skal vere aktuelle, mykje brukt og levedyktige, og dei skal ha god språkleg kvalitet. Det er også eit poeng å vise at norsk er eit rikt språk der vi enkelt kan lage nye, gode ord på ulike måtar.

I kåringa blir det mellom anna brukt dataverktøy som fangar opp nye ord frå store riks- og
regionaviser. Dataverktøyet er utvikla av Knut Hofland i forskingsselskapet Norce.