Meir klimagassar i atmosfæren i 2020 enn nokon gong før
Karbondioksid, metan og lystgass vart målt til rekordhøge nivå i atmosfæren over Noreg også i 2020.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Sjølv om mange land set seg ambisiøse klimamål, treng vi klimatiltak i stor skala allereie no. Vi ser framleis ingen teikn til at klimatiltaka hittil har ført til at dei globale konsentrasjonane av klimagassar i atmosfæren flatar ut, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet i ei pressemelding.
Målingar av klimagassar i atmosfæren på Svalbard og Birkenes i Agder viser at konsentrasjonen av alle dei viktigaste klimagassane, karbondioksid, metan og lystgass, auka til nye rekordnivå i 2020.
Dette kjem sjølv om pandemi og nedstengingar førte til at dei globale utsleppa av karbondioksid gjekk ned i 2020.
Målingane viser at konsentrasjonen av metan i atmosfæren over Noreg aldri har auka så raskt.
– Dess høgare konsentrasjonen av klimagassar i atmosfæren er, dess tjukkare blir «dyna rundt jorda» som held varmestrålinga tilbake. Det er dette som fører til global oppvarming. Derfor gir den verdsomspennande målinga av klimagassar i atmosfæren svært viktig kunnskap for politikarar og forskarar verda over, seier Hambro.
- Les også reportasjen frå Longyearbyen: – Svalbard er ein varsellampe for kva som kan komme til å skje