Klimaendringane truar ein stadig større del av plantar og dyr

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Raudlista blir revidert kvart sjette år, og kom sist i 2015. Den gir ei oversikt over artar i Noreg som er utdøyande, trua eller som i nær framtid kan bli trua.

– Den største endringa vi ser frå før, er at ein mykje større del av artane blir trua på grunn av klimaendringar, seier Snorre Henriksen, seniorrådgivar for raudlister for artar og naturtypar i Artsdatabanken.

Han stadfestar at villaksen for første gong er kommen inn på raudlista.

Ved vurderinga av statusen for laks er årleg innsig av vaksne laksar frå havet mot elvane lagt til grunn. Med nedgangsraten i perioden 1983–2019 til grunn, blir nedgangen gjennom tre generasjonar mellom 21 og 25 prosent. Dette gir vurderinga nær trua, heiter det mellom anna i Artsdatabankens vurdering.

Lakselusproblemet fører til problem for både oppdrettarar i villaks. FOTO: Colourbox

Også villrein og gråmåse er blant artane som no er raudlista.

Årets raudliste er den fjerde i rekkja. I 2021 blir 211 artar trua av klimaendringane, noko som er relativt få i den store samanhengen. Dette er likevel over ei dobling frå 91 artar i 2015, og Artsdatabanken meiner det er all grunn til å vere merksame på den raske utviklinga.

Utbygging og klimaendringar truar

Menneskelege inngrep i areal er framleis den største trusselen og truar over 2.400 artar. Forureining kjem som nummer to og truar 377 artar.

Arealinngrep kan vere til dømes utbygging av veg eller bustader.

– Mykje av det skjer i sentrale strøk på Sør- og Austlandet, der det er stort artsmangfald, særleg i skogane. Artar som er relativt sjeldne i Noreg, forsvinn fordi vi bruker ein god del av areala deira, seier han.

Når det gjeld klimaendringar, er det særleg høgare temperaturar som speler inn, spesielt for artane i fjellet. Det fører til kortare vintrar med mindre snø og uttørking av snøleiene på sommaren.

– Mange av dei trua artane sit allereie på dei høgaste fjelltoppane, og dei kan ikkje flytte lenger opp i terrenget eller lengre nord etter kvart som det blir varmare, seier Henriksen.

Lundefugl på Runde. Foto: Peder Skjelten / NPK

Maten til sjøfugl forsvinn

Eit anna døme er sjøfuglane. Mange av artane har hatt ein tilbakegang lenge, men effekten har vorte sterkare av klimaendringane. Varmare hav er blant årsakene.

Fiskane som sjøfuglane lever av i hekketida, har flytta seg nordover fordi vatnet har vorte varmare der dei tradisjonelt sett har halde til. Men sjøfuglane blir på same stad, utan fisken til mat.

– Mange sjøfuglar, særleg alkefuglar, er stadstru og sit i dei same fuglefjella. Dei kan bli gamle, rundt 40–50 år.

Forskarane veit ikkje kor mange oterar vi har her i landet.
Foto: Tor Erik Schrøder /NTB / NPK

Oteren ikkje lenger trua

Det er eit stort fagleg arbeid som er lagt ned med raudlista. 95 ekspertar frå 27 ulike institusjonar har samarbeidd om dokumentet. Den neste raudlista kjem i 2027.

Henriksen trur ikkje på revolusjonerande endringar, men trur vi vil sjå ein endå større effekt av klimaendringane.

Nokre gladnyheiter er det likevel. Oter er blant artane som går ut av raudlista og blir no rekna som livskraftig.

Det skjer både fordi nedgangen av otrar har stansa i nokre område, men også i ei viss grad på grunn av spreiing. Mellom anna er det no otrar i Hordaland, eit område dei var borte frå.

– Ei årsak er at det har vorte mindre forureining i elvar. Levevilkåra for oter har generelt vorte betre, seier Henriksen.

Les også: Nytt lovforslag vil stille enkeltpersonar til ansvar for miljømord

Foto: Tingey Injury Law Firm, Matt Palmer, Patrick Hendry, William Bossem/Unsplash.com, kollasj Framtida.no