Black Friday: «Ein importert forbruksfest vi eigentleg ikkje har nokon grunn til å feire»

Ingeborg Sævik Heltne
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Den gjennomsnittlige nordmann planla i 2019 å kjøpe julegåver for 6570 kroner.

NHO reknar at nordmenn kjem til å bruke til saman 118 milliardar kroner på julehandelen. Det inkluderer både mat, julegåver og andre julerelaterte innkjøp.

Samstundes veit vi at Noreg allereie 12. april hadde brukt opp sine tildelte naturressursar for året. 

Klima- og naturkrise

Vi står i dag midt oppe i ei klima- og naturkrise. To kriser som gjensidig forsterkar kvarandre. Ein av dei store drivarane av dei to krisene, er nettopp overforbruk.

Overforbruk av olje og gass. Overforbruk av elektronikk, som vi aldri reparerer, og som blir laga for å måtte bli erstatta etter få år, slik at produsenten tener meir. Overforbruk av mat, der vi i Noreg åleine kasta 417 000 tonn mat i 2019. 

Ein av dei store drivarane av dei to krisene, er nettopp overforbruk

Det er heilt openbert at vi ikkje kan halde fram slik, dersom vi ønskjer å handtere klimakrisa. I 2020 slapp vi i Noreg ut 49,3 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Det er alt for mykje dersom vi skal bidra til å nå klimamåla.

Noregs klimagassutslepp har blitt reduserte med 4,2 prosent frå 1990 til 2020. Dette er langt bak mål. Våre naboland Sverige og Danmark har redusert sine med høvesvis 29 og 28 prosent i same periode, i følgje European Environment Agency.

Kvifor klarer ikkje Noreg gjere det same?  

Brukt opp ressursane

Difor er ikkje det store problemet mormor som vil gje noko fint i julegåve til dei åtte barnebarna sine. Det er ikkje familiane som heng lys i juletreet og pyntar busken utanfor inngangsdøra med ei lyslenke, som tippar oss over på feil side av forbruksskalaen.

Tilbake til 12. april. Då hadde Noreg allereie brukt opp dei ressursane vi har til disposisjon. Frå den datoen og utover gjer vi to ting:

For det første  bruker vi ressursane som andre menneske treng for å leve gode liv. For det andre brukar vi dei ressursane som dei kommande generasjonane treng, slik at også dei kan leve gode liv i framtida. 

Julehandel berre ein liten bit

Det er vanskeleg å finne gode tal på kor mykje forbruksfesten rundt jul utgjer i form av klimagassutslepp i Noreg. Mykje fordi mange av tinga vi kjøper vert produserte i andre land, og dimed ikkje tel inn i vårt klimareknskap.

Men overforbruk er ikkje berre relevant i juletider. Noregs overforbruk skuldast også meir enn god mat, juletradisjonar, og julegåver til kjente og kjære.

Noregs overforbruk skuldast også meir enn god mat, juletradisjonar, og julegåver til kjente og kjære

I det store biletet utgjer julehandelen berre ein liten bit av vårt totale overforbruk. Det betyr ikkje at vi skal droppe å vere bevisste på vårt eige forbruk. Det betyr berre at det åleine ikkje er nok. 

Droppe julegåvene for klima?

Med klimakrisa på døra og varselrop frå aktørar som FN, International Energy Agency, og klimaforskarar over heile verda, klarer politikarar og store bedrifter framleis ikkje å ta ansvar.

For nokre år sidan viste ein rapport at kun 100 bedrifter står ansvarlege for 71 prosent av verdas utslepp.

Dette er mellom anna dei bedriftene som produserer varene vi står i kø for å kjøpe til ein alt for billig pris på Black Friday – ein importert forbruksfest vi eigentleg ikkje har nokon grunn til å feire.

Når dei som har moglegheit til å gjere noko med dei store utsleppa, heile 71 prosent  av verdas utslepp ikkje tek ansvar, korleis kan vi då forvente at mormor skal droppe julegåvene for å redde klima? 


Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til tips (a) framtida.no eller på DM på Instagram

Foto: Tingey Injury Law Firm, Matt Palmer, Patrick Hendry, William Bossem/Unsplash.com, kollasj Framtida.no