«Skal det bli lov å diskriminere barn?»

Lea Mariero, leiar i Press - Redd Barna Ungdom
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

FNs barnekonvensjon gjeld for alle barn. Uansett. Men slik er det ikkje for ei sårbar gruppe barn i Noreg. Deira rettar har lenge blitt brotne, og no vil regjeringa gjere dette til ei lov.

Mange av oss har høyrt om barnekonvensjonen på skulen, andre har lært om han vidare i livet.

Korleis kan det så ha seg at vår eiga regjering ikkje fattar kva som står i han? Korleis kan dei fremje eit lovforslag som går imot ein ratifisert konvensjon, i tillegg til å føreslå noko som strir imot si eiga Grunnlov?

Korleis kan eit føregangsland som Noreg ikkje leggje vekt på FN sin barnekomité, menneskerettskomité og torturkomité sine bekymringar for vårt omsorgstilbod for einslege asylsøkjande barn – barn på flukt?

Dårlegare omsorgstilbod

For å skrive kort om ei frykteleg sak som fortener fleire ord: regjeringa føreslår no å lovfeste diskriminering og forskjellsbehandling av barn mellom 15 og 18 år som har flykta aleine til Noreg, ved å gi dei eit dårlegare omsorgstilbod enn kva andre barn får.

Dette bryt med barns rettar og strir direkte mot Grunnlova sitt forbod mot usakleg forskjellsbehandling.

Utlendingsdirektoratet (UDI) har nemleg omsorgsansvaret for dei over 15 år, under heilt andre rammer og krav enn det barnevernet sine omsorgssenter har. Det er barnevernet som skal ha ansvar for alle barn under offentleg omsorg. Men dette gjeld ikkje for dei over 15 år som har flykta aleine til Noreg. Og no vil regjeringa lovfeste denne diskriminerande praksisen.

Dette er ei lovfesting av diskriminering.

91 prosent av barn under 15 år som er på omsorgssenter føler seg trygge. Desse sentera blir drivne av barneverntenesta, og her er det høge krav til standard og kompetanse.

For einslege asylsøkjande barn over 15 år er situasjonen annleis. Berre 50 prosent av dei som bur på asylmottak føler seg trygge, og tilsette har sjølv peika på at vilkår for mottaksdrift må endrast. I dag har det ikkje blitt lagt fram eit ønskje om å endre denne praksisen.

Dette er ei lovfesting av diskriminering.

Går imot anbefalinga

Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar kom med ei klar anbefaling i sin rapport frå 2016, Omsorg for enslige mindreårige asylsøkere:

«Norske myndigheter må gi enslige mindreårige asylsøkere over 15 år et omsorgstilbud som både kvalitativt og rettighetsmessig er likeverdig det tilbudet som gis til enslige mindreårige asylsøkere under 15 år og øvrige barnevernsbarn.»

Regjeringa har sjølv anerkjent at omsorgstilbodet for einslege asylsøkjande barn mellom 15 og 18 år har betydelege forskjellar frå omsorgstilbodet til andre barn, men meiner at tilbodet er tilpassa alder.

Dette er ikkje riktig då forsking konkluderer med at omsorgstilbodet uansett ikkje er godt nok. Dessutan grunngir ikkje regjeringa kvifor dei gir barna eit dårlegare omsorgstilbod enn andre barn på same alder.

Barn er barn

Det er på tide at regjeringa forstår at barn er barn – uansett kvar dei kjem frå eller kva slags bakgrunn dei har. Det er direkte skremmande at dei legg fram eit lovforslag som bevisst diskriminerer og forskjellsbehandlar barn.

Barn som har flykta har rett på eit betre liv når dei kjem til Noreg, og barn som søkjer asyl i Noreg og som kjem utan omsorgspersonar er i ein spesielt sårbar situasjon – nettopp fordi deira primære omsorgspersonar ikkje er til stades. Det som ventar dei burde vere tryggheit, trøyst og støtte. Barn er ikkje skuldige i at verda er som ho er.

Vi tenkjer ofte på Noreg som eit samfunn som er trygt, varmt og inkluderande. Dette lovforslaget er alt anna enn det.


Foto: Press – Redd Barna Ungdom.