«Om ikkje vi kan hjelpe, kven kan då?»

Synne Steinsrud
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette bidraget fekk heider frå juryen i Framtida.no og Magasinett sin skrivekonkurranse om håp for framtida.

Talet på menneske på flukt har auka betydeleg det siste tiåret, men likevel vel Noreg å ta imot berre 3000 kvoteflyktningar kvart år.

Det tilsvarar 0,004 prosent av til saman 82,3 millionar menneske som er på flukt i verda i dag.

Er det då verkeleg rettferdig at vi som bur i eit av verdas rikaste land, og som har det så godt, ikkje kan gjere meir for å hjelpe?

For meg som er oppvaksen i Noreg, er eit trygt og godt liv sjølvsagt, men slik er det absolutt ikkje for alle.

Millionar av menneske må kvar dag kjempe på flukt i håp

Millionar av menneske må kvar dag kjempe på flukt i håp om å få eit betre liv i eit anna land.

Kvoteflyktningar er dei mest sårbare, men likevel gjer vi ikkje meir for å hjelpe desse.

Er det fordi vi ikkje ønskjer å bruke meir pengar og ressursar på å hjelpe menneske som treng det mykje meir enn oss?

Noreg kan gje dei uendeleg med moglegheiter som dei ikkje ville fått elles, spesielt for kvinner.

I Noreg vil alle få moglegheita til å ta ei god utdanning og moglegheiter til å bli kva ein vil, som er noko dei aller fleste flyktningar ikkje ville fått i sitt eiga heimland.

Mitt håp for framtida er derfor at vi greier å ta dei rette vala og prioritere det som er viktigast, nemleg menneskeliv.

Norske politikarar forsvarar seg med at vi ikkje kan ta imot fleire kvoteflyktningar enn kva vi har kapasitet til.

Det er vi jo alle einige i, men som eit av verdas rikaste land vil det vel vere mogleg å auke kapasiteten?

Noreg tek imot færre asylsøkarar samanlikna med andre europeiske land på grunn av geografiske avstandar, noko som i utgangspunktet gir oss meir kapasitet til å ta imot fleire kvoteflyktningar.

Noreg tek imot færre asylsøkarar samanlikna med andre europeiske land

For oss som land er det fleire fordelar med å ta imot fleire kvoteflyktningar samanlikna med asylsøkarar.

Nokre av desse er at det er ei trygg ordning som sikrar dei mest sårbare flyktningane, og behovet er i dag mykje større enn talet på ledige kvoteflyktningplassar.

Kommunane gir sjølve uttrykk for at dei kan og ønskjer å ta imot fleire flyktningar, noko som får meg til å konkludere at det er norske politikarar på Stortinget som sørger for at vi som land hjelper færre.

Det er likevel ikkje slik at vi berre kan ta imot fleire flyktningar utan å sette inn ulike tiltak.

Å skape eit godt liv og sørge for god integrering for nokon som kjem utanfrå til Noreg krev ein del ressursar og tidsbruk.

Mange av dei som kjem som flyktningar har opplevd traumatiske hendingar, og fleire har derfor eit behov for psykisk hjelp, slik at dei kan komme seg vidare og fungere godt i samfunnet.

Med den hjelpa vil flyktningar få det best mogleg i Noreg, men for å kunne tilby dette har vi behov for at staten vel å ofre meir pengar til dette, og gje meir pengar til kommunar som vel å ta imot fleire flyktningar.

Kommunane må vere innstilte på å bruke pengane dei får i støtte frå staten på å gje flyktningar ein best mogleg tilnærming til den norske kulturen.

For å sikre god integrering er det viktig at flyktningane lærer seg norsk og lærer seg korleis det norske samfunnet, kvardagen og kulturen her fungerer.

Berre på denne måten vil flyktningar få eit best mogleg liv i Noreg, og det å ta imot flyktningar går frå å vere kostnadar til å bli ressursar.

Godt integrerte flyktningar kan også gje Noreg mykje.

Dei er med på å skape eit meir mangfaldig samfunn med større forståing for andre kulturar, i tillegg til at dei er god arbeidskraft.

Å ta imot fleire flyktningar vil vere til fordel for begge partar.

Å ta imot fleire flyktningar vil vere til fordel for begge partar.

For å oppsummere ser eg ikkje korleis vi som eit av verdas rikaste land, ikkje kan gjere nokre justeringar for å hjelpe dei som treng det mest.

Av alt det staten brukar pengar på, vil ikkje eit større beløp til flyktninghjelp skade på det luksuslivet vi uansett lever i Noreg.

Det er på tide at norske politikarar får auga opp for det som verkeleg betyr noko, og brukar pengar på noko som har verdi for alle.

For om ikkje vi som eit av verdas rikaste land kan stå fram som eit godt eksempel, kven skal då gjere det?

Mitt håp for framtida er derfor at dei som styrer Noreg sluttar å komme med dårlege unnskyldningar, når det eigentleg handlar om prioriteringar.

Vi har kapasitet og pengar til å gjere mykje meir enn kva vi gjer i dag!


Juni Sletten Sætervik vann skrivekonkurransen om håp for framtida. Foto: privat