«Toleranse er samfunnets berebjelke»

Mads Heggen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Den internasjonale toleransedagen, som for fyrste gong blei halden den 16. november 1995, belyser det som er essensielt for at eit samfunn skal lukkast. Dagen set søkjelyset mot menneskerettar og grunnleggjande menneskelege fridomar. I eit mangfaldig verdssamfunn der ulike menneske lever saman og er avhengige av kvarandre, er toleransen overfor andre ein viktig berebjelke – uavhengig av kva for bakgrunn, kjønn, etnisitet, funksjonsevne eller utdanning ein har.

Diskriminering, ekstremisme og konfliktar er ein direkte konsekvens av intoleranse og mangelfull forståing. Det som er framandt og det ein ikkje forstår fører i sin tur til at både individet og samfunnet skaper stereotypiar og fordommar om medmenneske.

Prinsipperklæringa til FN fortel at toleranse er respekt, aksept og blir verdsett av det rike mangfaldet i alle verdas kulturar, våre uttrykksformer og våre måtar å vere menneske på.

Meir kvardagsleg

Diskrimineringa har etter statistikk frå Likestillings- og diskrimineringsombodet halde seg stabil i løpet av dei siste åra. Sosiale medium har skapt eit offentleg rom der det å uttale seg er enklare for enkeltmennesket. Samtidig har dette også skapt større aksept for det å diskriminere og snakke nedlatande om andre – utan at det får konsekvensar.

Intoleransen overfor andre menneske kjem lettare til syne, og verken politikarar, butikkarbeidarar, minoritetar eller studentar er skjerma.

Denne typen åtferd kjem også til syne på måtar som ved første augekast ikkje er så synlege for det blotte auget. Diskrimineringa er kvardagsleg og forbigåande. Å lese dei berykta kommentarfelta kan også skape inntrykk av at dei ulike synspunkta er meir alminnelege enn dei i realiteten er. I det lange løp er dette farleg for demokratiet, for menneska det gjeld og for samfunnet for øvrig.

Startar i skulen

Alle medlemsland i FN, deriblant Noreg, blir oppmoda til å fremme toleranse. Gjerne til den generelle befolkninga, men kanskje spesielt til skuleelevar. Manglande kunnskap er ein av dei største bidragsytarane til å skape framandfrykt.

At barn lærer om toleranse og menneskerettar, er eit av dei viktigaste våpena vi har i beltet. Kulturelt og samfunnsmessig mangfald, berekraftig utvikling og utdanning er viktige verkemiddel. For å minske og kanskje aller helst fjerne slik åtferd, må ein byrje i skulen. Dette gir dei evne til personleg refleksjon, tilfører kunnskap om kva våre delte rettar er og dannar grunnlaget for framtida.

At barn lærer om toleranse og menneskerettar, er eit av dei viktigaste våpena vi har i beltet.

Alle delar av verdssamfunnet er karakterisert av mangfald. Det er derfor essensielt at verdas land kjem saman for å motarbeide splittingar.

Eit globalt problem som kan løysast lokalt

Toleransen er ei politisk, juridisk og moralsk plikt. Han er heller ikkje avgrensa til ein gitt religion eller samfunnsområde. Dette gjer han til eitt av få globale problem som kan løysast lokalt – for det er hos enkeltindividet at løysinga ligg.

Fremming av toleranse og forming av haldningar som openheit og solidaritet, må skje i dei samfunnsromma folk er i: på skular og universitetet, i heimen og på arbeidsplassen. Det å kunne uttrykke seg fritt og mangfaldig i den offentlege pressa, er også viktig for å kjempe mot intoleranse som blir spreia i dei same media.

Men den aller viktigaste jobben er det du som kan gjere. Bruk stemma di til å spreie gode tonar i samfunnet rundt deg. Spør læraren om sentrale tema og engasjer deg i saker du brenn for.


Lea Synneva Andersland er elev ved Nysæter ungdomsskule. Foto: Privat