Gay, hore og harry: «Me likar å setja folk i bås»

Lea Synneva Andersland (15)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Hei ungdom, flyktning og navar.

Hei eldre, muslimar og narkomane.

Ja, for det er vel det de er? De høyrer vel til i ei gruppe?

Kven er det som bestemmer at nokon er betre enn andre? Kvifor er det slik at me trur me veit alt om ein person ved fyrste augekast? Kvifor deler me folk inn i grupper? Og kvifor skal nokon grupper vera betre enn andre?

Me har alle fordommar

«Gjer du det, så er du gay», «hora» – ja, for alle jenter er horer.

Det eg nettopp sa, er eksempel på fordommar. Me har alle fordommar. I større eller mindre grad. Fordommar er meiningar du har om nokon eller noko før du eigentleg kjenner det eller den du har ei meining om.

Eg som ungdom merkar veldig godt at me unge har mange fordommar, me vert påverka av fyrsteinntrykket. Når me møter nye folk gjer me oss opp ei meining om dei ganske raskt. Det er ikkje noko me seier høgt, men inni oss tenkjer me med ein gong kva type person dette er.

«Gjer du det, så er du gay», «hora» – ja, for alle jenter er horer.

Eldre har òg fordommar. Kanskje har dei fordommar mot oss unge. Me som er så slakke, som berre sit inne og spelar, eller kanskje me er ute, men då sjølvsagt med augo langt ned i skjermen.

Vaksne ser på andre vaksne rundt seg i butikken. «Hm… crocs på butikken – dei er harry.» Eller ein ser nokon med flott bil – dei er sikkert overlegne.

Forsking.no seier at til og med barn nede i 3-års alderen stereotypar folk. Er det slik me vil ha det?

Fordommar drep

Fordommar drep. Me har fordommar mot dei som er annleis enn oss. Me likar å setja folk i bås. Du der, du der og de der.

Fordommar fører til diskriminering. At me behandlar ei gruppe menneske på ein urettferdig måte. Men det er aldri slik at alle som høyrer til same gruppe, er like. Og ikkje gløym at alle høyrer til fleire ulike grupper. Til dømes er eg både elev, ungdom, jenta, dotter, syster osv.

Ein form for diskriminering, er rasisme. Opp igjennom historia har det blitt gjort grufulle handlingar med rasisme som bakgrunn. Eg kan nemna Hitler i andre verdskrig, raseskilje i Amerika og dei kristne som framleis vert forfølgde i mange land.

Fordommar er altså negativt, og i verste fall farleg.

Fordommar kan øydeleggja enkeltmenneske. Deg og meg. Dersom me til dømes konstant vert sett ned på, eller får slengt stygge kommentarar etter oss heile tida. Fordommar øydelegg klasse- og arbeidsmiljø.

Ja, fordommar øydelegg samfunnet vårt.

Vil du stoppa fordommar, må du begynne med deg sjølv, tenk over når du har fordommar. Dersom du ikkje er klar over fordommane dine, kan du ikkje gjera noko med dei.

De har kanskje sett statuen i Bergen av ein uteliggjar. Statuen heiter «Uteliggeren» og ved sida av den står det «Ingen er bare det du ser». Me er alle forskjellige, og det er bra. Lat oss heller vera meir opne, lat oss respektera andre og heia fram alle menneske slik som dei er. For ingen er berre det me ser.


Har du noko på hjarta? Send meiningsinnlegg til tips(a)framtida.no! 


Sonja Iren Johnsen (22). Foto: Privat