«Espen Barth Eide, det er politikken di regjering fører som er ein farleg kurs»

Simen Bondevik
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) gjekk laurdag ut i NRK og kritiserte Greta Thunberg for å vere inne på ein «farleg kurs» med sin kritikk mot klimatoppmøtet i Glasgow.

Det er ei merkeleg utsegn frå ein statsråd i ei regjering som ikkje tek innover seg alvoret i klimakrisa og ikkje følgjer tilrådingane frå FN sitt klimapanel.

Det er ikkje Greta Thunberg som er inne på ein «farleg kurs», det er det regjeringa sin klima- og oljepolitikk som er.

Merkeleg kritikk

Barth Eide framhevar i sin kritikk av Thunberg at «engasjementet for at det skal skje noe må konverteres til politisk handling, ikke til å avvise hele ideen demokratisk politisk forandring».

Denne kritikken finn eg litt merkeleg ettersom Thunberg brukar enormt mykje tid på å forsøke å overbevise politikarane om ein meir offensiv klimapolitikk, har inspirert mange unge til å engasjere seg politisk og alltid følgjer dei demokratiske spelereglane i sitt engasjement.

Illustrasjonsfoto frå då Greta Thunberg heldt tale under markeringa av eittårsjubileet for den første sveitsiske skulestreiken. Foto: Markus Schweizer/Wikimedia Commons/CC BY-SA 4.0

Eg er sjølvsagt samd med Barth Eide i at arbeid for tillit til styresmaktene og demokratiske prosessar er veldig viktig. Det finst ikkje noko alternativ til politiske løysingar, det er berre slik vi får stoppa klimakrisa. At klimaengasjementet vert kanalisert inn i politiske forum er også ekstremt viktig.

Men det som likevel irriterer meg er at Barth Eide brukar tida si på å kritisere ein klimaaktivist, samstundes som han er statsråd i ei regjering som ikkje lyttar til tilrådingane frå FN sitt klimapanel.

Ein oljegrå politikk

Arbeidarpartiet og Senterpartiet slår fast i regjeringsplattforma at «norsk petroleumsindustri skal utvikles, ikke avvikles». Stikk i strid med kva generalsekretæren i FN gjekk sterkt ut og tilrådde etter klimapanelet sin siste hovudrapport.

Dei ber alle land stoppe leiting etter olje, gass og kol. Men her vel det politiske fleirtalet i Noreg å gå ein heilt annan veg.

Vår statsminister stod på talarstolen og uttalte at norsk gass er ein del av løysinga på klimakrisa. Kvifor brukar våre politiske leiarar i Noreg så mykje tid på å kritisere Greta Thunberg og forsvare ein oljegrå politikk?

Om Barth Eide verkeleg er så uroa over utsegnene frå Thunberg burde han heller gå i bresjen for ein politikk som gjev unge tru på framtida og viser at politikarane gjer det dei kan for å redde livsgrunnlaget til framtidige generasjonar.


Har du noko på hjarta? Send meiningsinnlegg til tips(a)framtida.no! 


Illustrasjonsfoto frå klimademonstrasjon framføre Stortinget 1. oktober 2021. Arkivfoto: Birgitte Vågnes Bakken