Yrket mitt: Marianne (27) er sjukehusklovn

Karine Jonsrud Pedersen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Barn er heltar og det er ei ære å få lov til å vere med i universet deira, fortel Marianne Hetland (27).

På jobb er ho kjend som klovnen Alfakrøll som kan symje på land og elskar popcorn. Ho jobbar mest på Akershus universitetssykehus, men er også rundt i heile Noreg for å besøke barn på andre sjukehus.

Klovneutdanning

Vegen til å bli ein sjukehusklovn starta i 2014. Då gikk dama frå Grue i Innlandet på ei toårig skodespelarutdanning ved Nordic Black Theatre i Oslo. Etter ei førestilling tok dåværande leiar i Sykehusklovnene kontakt.

– Det blei starten på min veg inn til Sykehusklovnene, skriv Hetland på ein e-post til Framtida.

Ho fortel at det var etter eit klovnekurs på skulen med ein sjukehusklovn at ho blei ekstra entusiastisk og kjende at dette måtte ho berre seie ja til. I 2016 var ho ferdig med utdanningsløpet i Sykehusklovnene og klar for jobb.

Men ho følte seg ikkje heilt ferdig med skodespelarutdanninga.

– Sykehusklovnene var ein stor faktor i at eg ønskte meg meir utdanning innan skodespel og såleis enda opp med å søka meg inn på bachelorstudiet Det Multinorske på Det norske teatret. Eg blei inspirert av mine faglege kollegaar og såg kor viktig utdanning er for kvaliteten på arbeidet vi gjer.

– Ein møter mange barn og pårørande som er i ein kamp for livet

Hetland hadde ingen kunnskap om yrket før ho plutseleg var i det. Fyrste dag på jobb gjekk ho i sivil og følgde ein klovneduo. Dette beskriv ho som ei sterk og kjensleladd oppleving.

– Eg hadde forventa at det kunne bli det, men det var sterkt å vere der og sjå kva som oppsto mellom klovnane, barna, pårørande og helsepersonell. 

Alfakrøll og kollegaen Yep i ein reklamefilm for Sykehusklovnene. – Det er godt å vere to på jobb, fortel skodespelar Marianne Hetland til Framtida. Foto: Sykehusklovnene.

Noko av det mest utfordrande med jobben til Hetland er dei sterke møta som kan vere vanskeleg å leggje frå seg etter ein arbeidsdag.

– Ein møter mange barn og pårørande som er i ein kamp for livet og i situasjonar som er vanskelege å førestille seg.

Ho er glad for at ein alltid er to på jobb slik at ein kan snakke om inntrykka når dagen er over.

Kjem utan å melde ifrå

Men sjølv om det er mange inntrykk, kunne ikkje grusokningen tenkje seg å gjere noko anna. Draumen hennar er å leve vidare på skodespelar- og sjukehusklovn-vegen, og klare å stoppe opp i blant og verkeleg kjenne på kor godt det er å gjere noko ein elskar.

– Kva er det beste med jobben?

– Dei små men mange augeblinkane ein opplever med barn, pårørande og helsepersonell. Det at magi kan oppstå mellom vilt framande i ein situasjon som kjennest håplaus. Fantasien som barna deler med oss og som omfamnar alle i rommet.

Marianne Hetland er ikkje i tvil om kva det beste med jobben hennar er. Ho beskriv augeblinkane som oppstår mellom alle inne på sjukehusrommet når klovnane kjem inn. Nokre gongar overraskar ho til og med seg sjølv om kva Alfakrøll kan få til. Foto: Sykehusklovnene.

Ein vanleg arbeidsdag for ein sjukehusklovn startar med oppmøte med partnaren ein skal vere i duo med den dagen. Deretter går dei i sivil på sjukehusavdelinga dei skal vere på og får pasientlista av helsepersonell. Så er det oppvarming før dei nok ein gong entrar avdelinga, denne gongen i kostyme.

– Vi kjem inn til kvart enkelt rom utan å melde i frå og treffer barnet på premissane deira. Dagen er over når vi har treft alle barna på dei forskjellige avdelingane, forklarer Marianne.

Ho fortel at det er gjerne her mange misforstår kva ein sjukehusklovn gjer:

– Fleire eg møter tenkjer at vi tilbyr barna eit show eller ei fastsett førestilling, og ikkje det at vi jobbar improvisatorisk, treffer barnet på premissane deira og stimulerer dei positive kreftane til barnet. Vi er ikkje der for å vere morosame, men for å løfte barnet og gje eit avbrekk til alle i rommet.

Ny løysing etter pandemien

Som fleire andre møtte også sjukehusklovnane på utfordringar under korona, men med digitalklovning fekk barna på sjukehusa i landet likevel møte dei fargerike klovnane.

– Er det ein ting Sykehusklovnene har klart under pandemien, er det å tilpasse seg. Med digitalklovning som blei eit nytt tilbod under pandemien, kunne vi framleis kome inn og skape noko med barna rundt om på sjukehus i Noreg, fortel Hetland.

Og sjølv om klovnane er fysisk tilbake på alle sjukehusa no, er det digitale tilbodet framleis tilgjengeleg for barn i isolasjon.

Vi er ikkje der for å vere morosame, men for å løfte barnet og gje eit avbrekk til alle i rommet.

Viktig verktøy som ein treng på golvet

– Kven passar yrket for? 

– Det er eit vanskeleg spørsmål. Alle sjukehusklovnane er skodespelarar, med forskjellige skodespelarutdanningar, alder, familiar og liv. Det vi alle har til felles er eit ønskje om å løfte barna og vere med på å skape noko fint med og mellom menneske. Skape noko som ikkje handlar om ein sjølv, men om relasjonane ein skaper.

Sjølv kjenner Hetland på at utdanninga hennar er med på å gjere ho til ein trygg og lyttande klovn for barna. Ho seier at skodespelarutdanninga er eit viktig verktøy, og noko som gjer at klovnane kjem med erfaring og tryggleik som ein treng på golvet.

Det vi alle har til felles er eit ønskje om å løfte barna og vere med på å skape noko fint med og mellom menneske.

Overraska heile rommet

Marianne Hetland fortel at ho aldri drøymde om å bli skodespelar, men det var dit vegen gjekk. Ho er veldig fornøgd med yrket sitt, og både ho og Alfakrøll trivst veldig med å møte barn på sjukehus over heile Noreg.

Vi avsluttar med å spørje om kva som er det mest utrulege som har hendt Marianne på jobb.

– At Alfakrøll fekk beskjed om å ta med seg døra då klovnane skulle forlate eit rom. Så ho løfta døra av hengsla og bar ho fysisk med seg. Alfakrøll og heile rommet var overraska over at ho klara det!


Benjamin Silseth arbeider som psykolog. Foto: Fenomen

Marianne Hetland

Alder: 27

Frå: Grue, Innlandet

Yrke: Sjukehusklovn

Utdanning: Bachelor i skodespel v/ Det Multinorske