Slett bilete for å ta vare på miljøet
Ein fersk rapport som nyleg kom ut i Storbritannia, viser at det å rydda på mobilen kan ha store positive følgjer for klimaet.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Denne saka vart fyrst publisert hjå Framtida Junior. Der kan du også lese om at Emma Tallulah Behn (13) tok NM-gull, og Ane (13) som vil kjempe for barna på klimatoppmøtet.
I rapporten kjem det fram at server-lagringa av millionar av bilete og videoar, kan vera dårleg nytt for miljøet.
Lagringa skapar faktisk eit karbonfotavtrykk som tilsvarar ei rekkje langdistanseflygningar.
Det skriv TV 2 i ei sak.

Les også: Om ti år kan 8 prosent av verdas energi gå til datalagring
112.500 tur/retur-flygningar
Mange av bileta som ligg lagra og tek opp plass, er av typen som brukaren ikkje set ordentleg pris på. Kvar brite tek nemleg opp mot 900 bilete i året, og fleire like bilete av det same motivet når dei først knipsar i veg.
I tillegg til videoar og bilete, utgjer også unødvendig strøyming av filmar og seriar, nedlastning og lagring av gamle e-postar og meldingar ein stor del av fotavtrykket.
Når forskarane har teke utgangspunkt i dei unødvendig lagra dataa til britane, har dei funne ut at det totale CO2-utsleppet tilsvarar 112.500 tur/retur-flygningar frå London til Australia.
– Fram til no har me hatt stort fokus på at mesteparten av karbonutsleppet kjem frå flyindustrien, transport- og matindustrien, eller løysingar som solcellepaneler, mikrogenerering, eller lagring av energi ved hjelp av kraftverk og varmepumper. Men det er ikkje alt, seier Chris Cartwright, som er ein av leiarane ved IET.

Tips til ein meir berekraftig livsstil på internett:
- Slett unødvendige e-postar, videoar og bilete
- Slå av funksjonar som til dømes automatisk avspeling på podcaster og digitale straumetenester
- Slå av videokameraet under video-samtalar
Les også: Sju tiltak for deg som vil bruke internett meir klimavenleg