Økonomisk krise, store klasseforskjellar, politisk uro og turbulente maktkampar: 30 år etter apartheid-regimet sitt fall slit Sør-Afrika med store utfordringar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den norske solidaritetsaksjonen Operasjon dagsverk (OD), skal i år samle inn pengar til ungdom i Sør-Afrika.

Vi skal difor ta ein nærare titt på tinga sin tilstand i republikken lengst sør på det afrikanske kontinentet.

Eit land i krise

I juli 2021 opplevde Sør-Afrika nokon av dei verste opptøyane sidan apartheid-tida. Over 300 menneske vart drepne og infrastruktur verd millionar av kroner vart øydelagde i Durban og Johannesburg.

Rettsaka og fengslinga av den tidlegare presidenten Jacob Zuma utløyste opptøyane, men bakgrunnen for og årsakene til opptøyane er meir samansett:

  • Konfliktar og maktkampar i og rundt regjeringspartiet African National Congress (ANC)
  • Ulike befolkningsgrupper som er vortne sett opp mot kvarandre (primært afrikanarar og indarar)
  • Frustrasjon i ei befolkning som framleis ikkje ser fruktene av demokratiet og som under pandemien har fått forverra levekår
  • Folk som utnytta kaoset til å stele det dei kunne få tak i

Uansett årsak, er opptøyane eit resultat av fleire politiske og økonomiske utfordringar som har bygd seg opp over tid.

Rasistisk politikk

Det er ikkje mogeleg å snakke om forskjellar i dagens Sør-Afrika utan å trekkje linjer tilbake til apartheid, som er ein politikk som vart ført av Nasjonalistpartiet etter valet i 1948.

Då hadde afrikanarar vortne diskriminert og undertrykt i hundreår allereie, heilt sidan Nederland og seinare Storbritannia koloniserte landet på midten av 1600-talet.

Apartheid tyder åtskiljing, og var eit rasistisk samfunnssystem som skulle sikre den kvite befolkninga maktposisjon og overlegenheit. 

Ulike befolkningsgrupper skulle ikkje leve saman, og ei rekkje rasistiske lover vart innført. Kvite fekk fulle rettar, medan andre delar av befolkninga hadde få eller ingen rettar avhengig av kva «rase» dei tilhøyrde.

Eit bilete av eit skilt som synte kor det «kvite området» var, frå 23. juni 1976. Foto: AP Photo

Utover å vere billeg arbeidskraft for regimet, vart afrikanarar ikkje rekna som medborgarar av det kvite Sør-Afrika. Dei skulle tilhøyre eigne oppretta «bantustanar» eller heimland basert på etnisk tilhøyrsle.

Idéen var at dei ulike gruppene kunne utvikle seg utfrå sin kultur gjennom det dei kalla for separat utvikling.

Etter apartheid

Då apartheid-regimet måtte vike i 1994, etter mange års motstandskamp nasjonalt og internasjonalt var det stor optimisme og framtidstru. Alle sørafrikanarane vart no medborgarar i ein ny demokratisk stat, som hadde høge ambisjonar for den sosiale og økonomiske utviklinga av landet.

Men sigeren førte ikkje til dei revolusjonerande endringane mange hadde håpa på. 

Ei av forklaringane på kvifor ulikskapen framleis er så høgt i dag, er at dei politiske endringane ikkje vart følgt av tilstrekkelege sosiale og økonomiske endringar. Det vart rett nok innført ei rekkje velferdsytingar til dei fattigaste. Millionar av hus har vorte bygd, og langt fleire har tilgang til reint vatn og elektrisitet enn før.

Men trass desse framstega klarte ein ikkje utfordre dei underliggjande forskjellane.

Steven Friedman, ein sørafrikansk statsvitar, skriv at eit feilslege prinsipp frå overgangsperioden til demokratiet var at ein i staden for å reformere det politiske og økonomiske systemet, inkluderte dei tidlegare ekskluderte befolkningsgruppene inn i det eksisterande.

Dette tente nokre grupper godt, ikkje minst den politiske eliten, men framleis vart store delar av befolkninga ekskludert frå arbeidsliv, tilgang til helsetenester og utdanningsmogelegheiter.

Born free-generasjonen

Dei som er unge i Sør-Afrika i dag er fødde etter at landet vart eit demokrati i 1994. Dei veks opp i eit land som har gått gjennom store endringar til det betre, men der arven frå apartheid framleis er tydeleg.

Sør-Afrika er eitt av landa i verda med størst forskjellar mellom folk. Klasseforskjellar følgjer hovudsakleg dei gamle raseskilja frå apartheid, sjølv om biletet er meir samansett.

Under apartheid vart det bygd eigne bydelar for dei ulike befolkningsgruppene i utkanten av byane, og denne geografien pregar framleis byar som Cape Town, Durban og Johannesburg. Her veks barn og unge opp med mykje usikkerheit i fattige område prega av høg kriminalitet og gjengar som styrer mykje av kvardagen.

Det er eit stort spring mellom rike og fattige i Sør Afrika. Biletet syner Liyabola Ndyumbu og Aphiwe Stokwe på veg til skulen utanfor Cape Town i 2014. Foto: AP Photo/Schalk van Zuydam

Dei har eit dårlegare skule- og velferdstilbod enn rikare bydelar. Ein stor del ungdom avsluttar aldri skulegangen sin, noko som gjer det vanskeleg å få jobb i den formelle økonomien, altså den som vert skattlagd og kontrollert av styresmaktene.

Det er fleire enn tidlegare som får mogelegheita til å studere, men høge kostnadar og avgrensa studiefinansiering gjer det vanskeleg for dei frå fattige familiar å gå på universitet og høgskular.

Ei kartlegging fra 2017 viste at berre 7,4 prosent av dei med bachelorgrad kjem frå familiar innanfor den lågaste inntektskategorien.

I tillegg har pandemien forsterka forskjellane, og arbeidsløysa blant unge sørafrikanarar i dag er rekordhøg.

Ungdom utgjer nesten 60 prosent av alle arbeidsledige i landet. Ifølgje det sørafrikanske statistikkbyrået står litt over 32 prosent av ungdom mellom 15 og 24 år utanfor både utdanning og jobb. Arbeidsløysa i aldergruppa 15 til 34 år ligg på 46,3 prosent.

Ungdom utgjer nesten 60 prosent av alle arbeidsledige i landet.

Ifølgje nye tal, har talet elevar som droppar ut av skulegang auka kraftig, og sørafrikanske medium rapporterer om at 10 millionar sørafrikanarar har opplevd svolt i løpet av pandemien.

Styresmaktene har freista å bøte på noko av dette, mellom anna ved å innføre ei eiga støtteordning for dei fattigaste, i tillegg til eksisterande ytingar som barnetrygd og pensjon.

Etterdønningane etter Zuma si presidentperiode

Opptøyane i juli, som vi nemnde innleiingsvis, må verte sett i lys av dei ni åra under leiarskapet til den tidlegare presidenten Jacob Zuma.

Den politiske situasjonen har i mange år vore prega av maktkampar i regjeringspartiet ANC. Zuma vann den interne kampen mot dåverande president Thabo Mbeki i 2007, takka vere støtte frå fagrørsla, ungdomspartiet og andre krefter som håpa at han ville realisere ein meir radikal politikk til det beste for den fattige delen av befolkninga.

I staden fekk dei ein president som brukte sin posisjon til å styrke si eiga personlege makt og økonomi, blant anna gjennom å plassere sine eigne folk i viktige stillingar. Dette gjorde det vanskeleg for statlege institusjonar å gjere jobben sin. I staden klarte Zuma-lojale politikarar og byråkratar å tappe statlege ressursar til eiga vinning.

Den tidlegare sørafrikanske presidenten Jacob Zuma i retten 26. oktober 2021. Zuma krev å verte frikjend frå skuldingane om korrupsjon, kvitvasking og utpressing. Foto: Foto: AP Photo/Jerome Delay, Pool

Zuma og hans allierte tok også meir eller mindre kontroll over dei statlege sikkerheitstenestene. Etter opptøyane er rolla til fleire personar i desse institusjonane med sterk lojalitet til Zuma, under etterforsking.

Zuma vart avsett i 2018, og etterfølgd av Cyril Ramaphosa, som no er leiar av ANC og president i Sør-Afrika. Han har sett i gang ei rekkje prosessar for å rydde opp i korrupsjon, og attreise statlege institusjonar som vart svekka under Zuma.

Men mange spør seg om desse forsøka på å rydde opp i eigne rekkjer er nok til å gjenskape tilliten til politikarar, og til staten. Oppløpet til lokalvala 1. november viser at dei har ein lang veg å gå.

Lokalval i 2021

Økonomisk krise, politisk uro og konsekvensane av pandemien har sett agendaen for dei lokale vala 1. november.

I åra etter 1994 var det mykje fokus på lokal utvikling, der lokale styresmakter og sivilsamfunnet saman skulle skape ein betre kvardag for folk. Deltaking er eit viktig prinsipp for å utvikle demokratiet. Målet var at innbyggjarane skulle vere medborgarar og aktive deltakarar i beslutningsprosessane som angjekk dei.

I staden ser vi at mekanismane som skulle sikre demokratiske prosessar mellom vala og bidra til å halde lokalpolitikarar ansvarlege, har forvitra. Lokale styresmakter står mange stadar på randen av kollaps, og klarar ikkje lenger å levere og oppretthalde velferdstenester til befolkninga.

Tilliten til politikarane har aldri vore så låg som no, og i førekant av valet vert det skrive meir om kor mange som ikkje kjem til å stemme, enn kva dei skal stemme på.

Måndag 1. november gjekk sørafrikanarar til stemmeurnene i lokalvalet. Foto: AP Photo/Jerome Delay

Den låge valdeltakinga blant unge vekker særleg bekymring.

13 millionar sørafrikanarar (av kring 40 millionar med stemmerett) har ikkje registrert seg som stemmegjevarar, noko ein må gjere for å stemme på valdagen. 60 prosent av desse er under 29 år.

Det at ungdom ikkje stemmer ved val, betyr ikkje at dei ikkje er oppteke av politikk. Ungdom diskuterer politiske spørsmål, organiserer seg ved utdanningsinstitusjonar og er aktive i eigne lokalsamfunn.

I tillegg er det ei rekkje sivilsamfunnsorganisasjonar, slik som dei som vert støtta av årets OD-kampanje, som driv viktig demokrati- og menneskerettsopplæring blant unge sørafrikanarar.

Kva no?

Trass i for mykje sosial og politisk uro og store klasseforskjellar, så er det viktig å hugse på at Sør-Afrika er ein betre stad enn det var for 30 år sidan. Det er mykje som har gått gale, men landet har ressursar og kapasitet, eit samansett og fungerande medielandskap og eit folkeleg engasjement.

Det er eit aktivt sivilsamfunn som utfordrar den sitjande eliten og gjer ein uvurderleg innsats i lokalsamfunn landet over. Og trass store svakheiter og tallause historier om korrupte politikarar og statstilsette, så er det framleis statlege institusjonar som fungerer.

Den vidare utviklinga er avhengig av fleire forhold. Det er avgjerande at den politiske eliten vinn att tilliten i befolkninga, som i dag er rekordlåg. Sør-Afrika har ei lang historie med grasrotorganisering, som ideelt også skulle vore eit viktig element i lokaldemokratiske prosessar.

Fleire analytikarar meiner tilliten til demokratiet berre kan verte vunnen att gjennom å styrke banda mellom folk og politikk. Det kan verte gjort på fleire måtar, og slik OD vel å støtte ungdom i å lære seg å påverke politikk, er ein nyttig måte å starte på.


Soldatar frå Nordalliansen ser amerikanske styrkar angripe Taliban i Kunduz-provinsen i Afghanistan 19. november 2001. Foto: AP Photo/Ivan Sekretarev