Dette er årets beste Halloween-kostyme

Linn Isabel Eielsen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I år blir tidenes Halloween! Noreg har opna, og absolutt alt ligg til rette for fest, kos og skremming. 

Éin ting eg gler meg maks til, er årets Halloween. Personleg kan eg ikkje feire, ettersom seinverknadane av kyssesjuka har slått meg i bakken, men eg kan likevel dele kostymeidéane mine!

Her har eg samla nokre av mine favoritter, og du står fritt til å setje dei til live som du vil!

Sexy nurse

Ein klassikar, men med ein 2021-vri. Her skal du nemleg ha på deg fullt smittevernutstyr, fordi det er ingenting som er meir sexy enn å redde liv, samstundes som du tek vare på deg sjølv. 

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen

Tomskalle

I løpet av dei siste 20 månadane er det få ting som har vore skumlare enn menneska som ikkje har klart å ta i mot ein beskjed. Dei som, uansett kva ein sa til dei, hadde munnbindet enten under nasen, opp ned, eller i lomma. 

Så kvifor ikkje kle seg ut som ein tomskalle? 

 

Oljeklatt

Skrem alle samfunnsgrupper med eit oljeklatt-kostyme! FN sin klimarapport ga tydleg beskjed om at vi er fucked om vi ikkje gjer noko snart. 

Å kle seg ut som ein oljeklatt kan skremme miljøaktivistar, som med rette er redde for framtida.

Oljeklatt-kostymet kan også skremme ein oljearbeidar/Frp-politikar, med tanke på at du kjem til å minne dei om klimaaktivistar. 

Straumrekning

Dei høge straumprisane kan få det til å gå kaldt nedover ryggen på kven som helst. Både metaforisk og bokstavleg talt.  

Vaksinemotstandarar (familiekostyme)

Vaksinemostandar-kostymet er et perfekt familiekostyme. Du kan spice det opp med å skrive kva du vil på steinane, og til dømes bruke blomster som dekor. 


Treng du meir inspirasjon?