Fem nyheitssaker du må få med deg frå veka som var

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Friends-Günther er død

Skodepelar James Michael Tyler døydde 59 år gamal denne veka. Han vart kjend for heile verda gjennom karakteren Günther i TV-serien Friends. Han skal ha døydd etter å ha blitt diagnostisert med prostatakreft.

Trump Jr. laga Alec Baldwin t-skjorte 

Donald Trump Jr. held fram med å vere ein skikkeleg grei kar™, og har lansert ny t-skjorte i nettbutikken sin. 

Dei har påskrifta «Guns don’t kill people Alec Baldwin kills people», i etterkant av ulukka der ein filmfotograf miste livet etter at skodespelar Baldwin fyrte av eit skot. 

 

Foto: Skjermdump frå nettbutikken til Donald Trump Jr.

T-skjorta har vekt sterke reaksjonar. 

Trump Jr. skal visst bere nag til Baldwin fordi han parodierte dåverande president Trump på SNL

Josh Cavallo står fram som homofil

Onsdag morgon publiserte det australske fotballaget Adelaide United ein video med Josh Cavallo.

Han kom ut som skeiv, og er dimed den einaste aktive, mannlege elite-fotballspelaren i verda som er opent homofil.

– Eg følte eg måtte skjule kven eg er, for å følgje draumen eg har hatt sidan eg var barn. Alt eg vil er å spele fotball, og bli behandla likeverdig, fortel Cavallo i videoen.

Verdsomspennande leikekrise – berre små leiker?

På grunn av koronapandemien sit ein drøss med containerar frå Asia fast i Europa og USA. Det gjer at ein manglar containerar å fylle med mellom anna leiker og julegåver som er laga i Asia.

Løysinga? Å kasta ut store leiker og ting, til fordel for mindre ting for å få flest mogleg ting på containerane.

Så i år blir det kanskje meir jojo, klinkekuler, fidget-spinner enn hoppeslott, trampolinar og rattkjelkar under juletreet?

Første amerikanske pass utan kjønnsmarkør

Onsdag vart det første amerikanske passet utan kjønnsmarkør skrive ut!

I staden for å velje anten mann eller kvinne, står det no ein X i feltet for kjønn, melder Reuters. Det tyder at passinnehavaren ikkje identifiserer seg som mann eller kvinne.

Pass tilhøyrande Dana Zzyym. Kjønnet er markert med ein X. Zzyym har brukt kvit teip for å skjule personleg informasjon. Foto: AP Photo/Thomas Peipert via NTB

Passet tilhøyrer Dana Zzyym, som er ein 66 år gamal aktivist som saksøkte det amerikanske utanriksdepartementet i 2015. Zzyym identifiserer seg som ikkje-binær, og blei nekta pass då dei ikkje ville velje mann eller kvinne i søknadsskjemaet. Å no få passet med X-markøren skildrar Zzyym som ein spanande augeblink.

– Eg får reise stader og seie, ja, dette er den eg er, fortel Zzyym, ifølgje BBC.


Emilie Hansen orka ikkje tanken på ein lockdown-vinter til i Oslo, så når grensene først starta opne seg igjen så reiste ho til utlandet utan å sjå seg attende. Alle foto: Privat. Kollasj: Framtida.no