Ein tredel av unge vaksne synest det er vanskeleg å henge med i nyheitene
Journalistikk har høg tillit hos unge, men mange synest det er vanskeleg å henge med i nyheitene, viser ei undersøking gjord blant 12 000 personar i Norden.
Undersøkinga som er gjennomført for Nordisk ministerråd, viser at nordbuar har god mediekompetanse, men at det er forskjellar i kunnskapsnivå basert på alder.
I undersøkinga kjem det mellom anna fram at ein tredel i gruppa 16–44 år synest det er vanskeleg å henge med i nyheitene.
Ein femdel i aldersgruppa over 55 år sjekkar ikkje om nyheitsinnhald dei mistenkjer er falskt, er ekte eller ikkje. Yngre deltakarar bruker fleire strategiar for å stadfeste mistenkjeleg informasjon enn det eldre gjer.
TV-nyheiter blir rekna som truverdige
Barn og unge i aldersgruppa 9–15 år reknar nyheiter på TV som truverdige og bra for demokratiet. Samtidig slit den same aldersgruppa med å skilje mellom nyheiter og anna redaksjonelt innhald på nyheitsnettsider.
Dei fleste av dei yngste meiner det er vanskeleg å avgjere kva kjelde dei kan stole på. Ein av fire i denne aldersgruppa unngår nyheiter heilt og fullt.
Styrke demokrati og motstandskraft
Undersøkinga viser at dei nordiske landa generelt liknar på kvarandre – dei største forskjellane er ikkje mellom land, men mellom aldersgrupper.
– Ved å utdanne både barn og vaksne i kjeldekritikk og gi dei verktøy for å kunne oppdage påverknadsforsøk og falske nyheiter, styrkjer vi motstandskraft og demokratiet vårt, seier Finlands undervisningsminister og minister for nordisk samarbeid Anders Adlercreutz i samband med framlegginga av undersøkinga.






