Vekas viktigaste: Krig i Midtausten og historisk val i Nepal
Kollasj av Framtida. | Foto: AP Photo / Moses Sawasawa / File, Abbas Zakeri / Mehr News Agency via AP, AP Photo/Cristina Quicler, File
Krigen i Iran får konsekvensar over heile verda, og Frankrike snakkar no om å ruste opp atomlagera sine. Les deg opp på nokre av vekas viktigaste nyheiter!
Einar Nygaard
Publisert
Krig i Midtausten
Laurdag førre veke gjekk Israel og USA til angrep mot Iran, skriv NRK. Få timar seinare svarte Iran med å sende sine eigne missil mot Israel og amerikanske basar i Midtausten.
Det totale skadeomfanget er førebels ukjent. Fleire hundre sivile iranarar skal vere drepne, mellom anna 165 barn ved ein skule i Minab.
Den øvste leiaren i Iran, ayatolla Ali Khamenei, vart drepen i eit bombeangrep. Det er også fleire andre toppleiarar i Iran.
Fleire menn ber ei kiste under ei gravferd. Offera skal for det meste vere barn, etter det iranske myndigheiter seier var eit israelsk-amerikansk bombeangrep på ein skule. | Foto: Abbas Zakeri / Mehr News Agency via AP
Trump vil stanse handel med Spania
USAs president Donald Trump truar no med å stoppe all handel med Spania.
Trusselen kjem etter at den spanske regjeringa nekta USA å bruke spanske militærbasar i krigen mot Iran, skriv NRK.
Spanias statsminister Pedro Sánchez har fordømt angrepet på Iran og seier det kan føre til ei meir fiendtleg og usikker verd. Utanriksministeren i landet, José Manuel Albares, har bede om ei varig løysing på konflikten.
Ekspertar meiner det vil bli problematisk for Trump å gjennomføre sanksjonane han trugar med. Som ein del av EU, er Spania beskytta av handelsunionen. Å kutte handel med Spania, utan å ramme andre EU-land, kan vere vanskeleg.
Eit fly tek av frå flybasen Moron i Spania i 2001. | Illustrasjonsfoto: AP Photo/Cristina Quicler, File
Tidlegare rappar kan bli statsminister i Nepal
Torsdag gjekk nepalarane til valurnene, og røystene blir no talde. 19 millionar menneske registrerte seg til å stemme før valet.
Valet er det fyrste sidan eit Gen Z-leia opprør velta den førre regjeringa i september i fjor. Fleire parti lova i forkant av valet å kjempe for meiningane til yngre nepalarar, takle korrupsjon og få fleire ut i jobb.
Balendra Shah har lenge blitt sett på som ein av dei største kandidatane. Som rappar kritiserte han landets elite. I 2022 vann han borgarmeistervalet i Katmandu, hovudstaden i Nepal.
Den tidlegare rapparen Balendra Shah leverer røystesetelen sin. | Foto: AP Photo/Niranjan Shrestha
Gruvekollaps i Kongo
Ein gruvegang kollapsa i ei gruve i Kongo tysdag, skriv VG. Ifølge landets gruvedepartement har meir enn 200 menneske mista livet i ulykka. 70 av dei skal vere barn.
Ulykka skjedde i den opprørskontrollerte Rubaya-gruva. Ho blir kontrollert av den væpna gruppa M23.
Gruppa oppgav fyrst at fem eller seks personar hadde døydd i ulykka.
Gruva er Kongos største coltan-gruve, som blir nytta for å lage tantal. Tantal blir nytta i mellom anna mobiltelefonar, datamaskinar og gassturbinar.
Rubaya-gruva slik den såg ut i fjor. | Foto: AP Photo / Moses Sawasawa, File
Noreg skal diskutere atomvåpensamarbeid med Frankrike
Frankrikes president Emmanuel Macron varsla måndag at Frankrike vil auke antalet atomstridshovud i landet. Han grunngav opprustinga med auka geopolitisk uro.
Macron har snakka om fleire europeiske land som skal få delta i franske «avskrekkingsøvingar». Noreg blei ikkje nemnt blant dei landa.
Likevel seier utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) at dei blei kontakta av Frankrike dagar før fråsegna til Macron.
– Vi er klare til å diskutere dette i ramma av ei partnarskapsavtale med Frankrike. Men atompolitikken vår ligg fast: Vi skal ikkje ha atomvåpen på norsk jord i fredstid, sa utanriksministeren i Stortinget tysdag.
Høgre-leiar Ine Eriksen Søreide er positiv til eit samarbeid.
Frankrikes president Emmanuel Macron varsla opprustinga under ein tale framfor ein av landets atomubåtar. | Foto: Yoan Valat / Pool Photo via AP
Vekas lyspunkt: Danmark har stansa smitte av hiv og syfilis til babyar
Ifølge Verdas helseorganisasjon (WHO) inneber ei «eliminering» at minst 95 av 100 gravide blir testa og får behandling ved behov, og at nye infeksjonar hjå spedbarn blir haldne under 50 per 100 000 fødslar i året.
– Dette er ein stor folkehelseprestasjon for Danmark, uttalar WHOs generaldirektør Dr. Tedros Adhanom Ghebreyesus.
WHO peiker på sterk svangerskapsomsorg, robuste laboratorium og pålitelege datasystem som forklaringar på at Danmark har lykkast.
Danmarks helseminister Sophie Løhde seier dette er ein stolt augneblink for landet. | Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.