Endeleg er det tid for Oscar-utdeling igjen! Men kan årets utdeling toppa desse hendingane?

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

The Academy Awards, eller Oscar-utdelinga på folkemunne, byr kvart år på underhaldning til det internasjonale publikumet som følgjer med.

Her er hendingane me hugsar best frå åra som har gått, i tilfeldig rekkefølge:

Adele Dazeem

Under Oscar-utdelinga i 2014 skulle Idina Menzel synge verdsplaga «Let it go» frå Frozen som kom ut i 2013.

John Travolta introduserte henne, men gjekk på ein heidundrande namnesmell. Han sa heilt feil namn, og endte opp med å introdusere henne som «Adele Dazeem.»

I 2015 fekk Idina Menzel hemn og kalla han Glam Gazingo. Men reaksjonen hans var minst like klein som feilnamninga hans i 2013. Hjelp.

Jennifer trynar

Sjå for deg at du har vunne din første Oscar, som beste kvinnelege skodespelar. Og så trynar du på veg opp for å ta imot den, med heile verda som publikum.

Dette skjedde Jennifer Lawrence i 2013, då ho vann for rolla i Silver Linings Playbook. I ein gigantisk Dior-kjole, kanskje litt nerver og høghæla sko, fall ho på veg opp trappene til scenen. Verda heldt pusten, men i ekte Lawrence-stil klarte ho seg heilt fint, og fekk ståande applaus då ho takka for prisen.

– De står berre fordi de føler de synest synd på meg for at eg fall, og det er ganske flaut. Men takk.

Feil vinnar

Dette må vel vera det verste som kan skje på ei så stor utdeling. Og dette er den største, sjølve Oscar-utdelinga. Då er det ganske kjipt å vinna – berre for å mista den igjen før du er komen av scenen.

I 2017 var det stor spenning rundt vinnaren av Beste film. La la land var favoritten, men også Moonlight var spådd ein sjanse til å vinna. Så skjedde det utrulege, Warren Beatty og Faye Dunaway gjekk på scenen: med feil konvolutt i handa. Dei hadde med vinnaren for beste kvinnelege skodespelar: Emma Stone i La la land.

Superforvirra gjekk dei berre for filmnavnet og annonserte at La la land hadde vunne årets film. Heile La la land-teamet kom på scena for å takka, før produsent Jordan Horowitz fekk beskjed om at det eigentleg var Moonlight som hadde vunne.

Kaoset råda, men det enda heldigvis venskapeleg.

Ellen-selfie

Kven broke the internet i 2014? Det var sjølvsagt Ellen deGeneres og den famøse selfien.

Det er ikkje ofte ein ser deGeneres, Brad Pitt, Meryl Streep, Jennifer Lawrence, Kevin Spacey, Lupita Nyong’o, Channing Tatum, Bradley Cooper, Jared Leto og Angelina Jolie samla på eitt bilete – kinn mot kinn. Det var ikkje tvil om at internett kom til å eksplodera over dette.

Tweeten med selfien vart delt over tre millionar gonger og tok dimed verdsrekorden.

I mai 2017 var det klart at Carter Wilkerson (Nugget boy) hadde slått rekorden i retweets, i eit forsøk på å sikra seg eit årsbruk av kyllingnuggets frå Wendy’s.

Godteri frå taket og Lion King

Då Jimmy Kimmel skulle vera vert for Oscar-utdelinga i 2017, sørga han for å skaffa seg masse snacks til sitt eige TV-show. Han inviterte ein gjeng med intetanande turistar, sende godteri frå «himmelen» og laga ein fantastisk augneblink med eit ekte Løvenes konge-løft til Circle of life.

Oscar? Nei takk

I 1973 vann Marlon Brando sin andre Oscar, for rolla som Don Vito Corleone i Gudfaren.

I stadenfor tårevåt tale og takksemd, sende han opp urfolksaktivist Sacheen Littlefeather, i ein tradisjonell apache-kjole, på scenen – for å takka nei til prisen.

– Han orsakar at han ikkje kan ta i mot denne generøse prisen. Årsaka er behandlinga av amerikanske indianarar frå filmindustrien, sa ho og fekk både buing og applaus.

Marlon meinte nemleg Hollywood hadde behandla urfolk i USA altfor dårleg. Seinare har me blitt vande med politiske talar frå Hollywood-skodespelarane, men Marlon var den første som gjorde dette.

Roberto Benigni tek ein alternativ veg til scenen

Ein perfekt, crazy, Oscar-verdig augneblink:

I 1999 vann Robert Benigni for beste utanlandske film, med Life is beautiful. Regissøren vart så glad at han klatra over den eine stolraden etter den andre, på veg opp til scenen. Han fekk til og med litt hjelp på vegen frå Steven Spielberg.

Matt Damon og Ben Affleck <3

Litt bromance må med på lista. I 1998 stod unge Matt Damon og Ben Affleck på scenen og strålte av energi og glede. Dei to 26- og 28-åringane vann sin første Oscar for «beste manus» i filmen deira Good Will Hunting. 

Dei lot seg ikkje stansa av press om å halda seg rolege og stilige, eller musikken som kuttar dei etter 20 sekund. I staden fekk me ekte, pur, overveldande, klein glede.

Ja, me óg høyrde at Weinstein blei nemnd. Ting har endra seg på 32 år.

Adrian Brody kyssar Halle Berry

I 2003 vann Adrian Brody for beste skodespelar i The Pianist – og demonstrerer fint kva ein ikkje bør. Kanskje #metoo og litt opplysing gjer at me i dag skjønar at dette er ubehageleg, og ikkje heilt greit – som Brody såg ut til å tenka.

Med hendene rundt fjeset til Halle Berry var det lite ho kunne gjera for å sleppa unna, og seks sekund (!) seinare, slepp leppene hans taket og han seier nøgd:

– Eg veddar på at dei ikkje fortalde deg at dette var i gaveposen.

Hjelpes.

I 2006 fekk Berry spørsmål om Brody var ein god kyssar.

– Sidan me ikkje faktisk kyssa, kan eg ikkje sei kor god han var. Men eg kan sei dette: han var våt.

Ikkje før i 2016 fekk han kritikk for det, i ein artikkel skriven i Slate.

Halle Berry første svarte, kvinnelege hovudrolle-vinnar

I 2003 vann Halle Berry for beste kvinnelege hovudrolle, som den første svarte nokonsinne. Dette for rolla hennar i Monster’s Ball. Same kveld vart også Denzel Washington den første svarte til å vinna for beste mannlege skodespelar, sidan 1964.

Talen til Berry vart for mange uforgløymeleg og emosjonell:

– Denne augneblinken er så mykje større enn meg. Det er for alle namnelause, ansiktslause farga kvinner som no har ein sjanse fordi denne døra i kveld har blitt opna, sa ho gråtande frå scenen.

Til dags dato er ho framleis den einaste svarte som har vunne denne prisen. I 2016 vart ho intervjua på Makers-konferansen, der ho uttrykte kor skuffa ho var over dette.

– Å sitje her, nesten 15 år seinare, og vita at ingen andre farga kvinner har kome gjennom den døra, er hjarteknusande. Det er hjarteknusande å tenka at det kanskje ikkje var større enn meg.

Fleire mørke kvinner har blitt nominert, men ingen andre har altså vunne. I 2020 er Cynthia Erivo nominert for si rolle i Harriet.

The White peoples choice awards

I 2016 var det 20 kvite skodespelarar som var nominerte i hovudrolle- og birolle-kategoriane – for andre år på rad.

Dette resulterte i mykje kritikk mot komitéen, blant anna på sosiale medium der emneknaggen #OscarsSoWhite fekk bein å gå på. Chris Rock var vert for kvelden, og var ikkje redd for å ta opp problemet i sin 11-minutt lange monolog.

– Eg er her på Academy Awards, også kjent som Kvite folks sine val-prisen (White People’s Choice Awards). Ein innser at om dei nominerte vertar også, ville eg ikkje eingong fått denne jobben. De ville site og sett på Neil Patrick Harris no.

Han snakka mellom anna om at i Oscar si 88 år lange historie, har det oftare vore slik at mørke og farga ikkje har vore med i dei store skodespelar-kategoriane.

Problemstillinga kjem jamnleg opp, og også i 2020 er prisen blitt kritisert for å vera for kvit.

Naken på scenen

Ingen «minneverdige augneblink»-lister med respekt for seg sjølv, har ikkje med eit nakenstunt! Det har berre skjedd ein gong, men det har skjedd.

I 1974 var skodespelar David Niven i full gong med å introdusera Elizabeth Taylor – men nokon ville stela showet. Robert Opel, ein proffesjonell «streaker» storma scenen, splitter naken.

– Er det ikkje fascinreande å tenka på at den einaste latteren denne mannen nokon gong vil motta, kom av å strippa seg og visa sine edle delar?, smilte Niven og tok det med stormande ro.

Opel vart verken arrestert eller kasta ut av arrangementet.

– Folk bør ikkje skamma seg over å vera nakne i offentlegheita. Og uansett er det ein heisen måte å starta karriera si på, sa han etter utdelinga.

Leo vinn endeleg

Allereie som 18-åring vart Leonardo diCaprio nominert til Oscar for første gong. Fire gonger til vart han nominert, før den sjette nominasjonen i 2016, 22 år etter den første.

Då vann han endeleg sin eigne vesle Oscar-mann – til heile internett si store glede (og sorg), for hovudrolla i The Revenant.

Taletida brukte han til å takka alle som hadde hjelpt han fram – og snakka om klimakrisa.

– Filmen handlar om menneske sitt forhold til kloden. Ein klode som var på sitt aller varmaste i nedteikna historie i fjor. Me måtte reise heilt sør på planeten for å finna snø. Klimaenringane er ekte og det skjer no. Det er den mest presserande trusselen som trugar heile arten vår. Me må jobba saman og slutta å prokrastinera.

Nicole kan ikkje klappa

Det er ikkje meir å sei. Klippet er frå 2017. Kidman har forklart at denne klappe-teknikken skuldast dyre diamant-ringar.

– Det er ein Askepott-ting. Eg lånte desse dyre smykkene og tenkte «Eg må ikkje skada diamantane», fordi eg måtte gi dei tilbake ved midnatt, sa ho i talkshowet Ellen seinare. Og så viste ho at ho faktisk kan klappa som eit ekte menneske.

Shallow

Lady Gaga og Bradley Cooper framførte Shallow frå A star is born under fjorårets Oscar-utdeling. Ei framføring som burde kvalifisera til ein eigen Oscar-nominasjon.

Er det rart det går rykter om romanse mellom dei to?

Jane Fonda har blitt arrestert fleire gongar etter ho starta Fire Drill Fridays-demonstrasjonane med sivil ulydnad. Taylor Schilling, kjend frå Orange is the new black har også delteke, men vart ikkje arrestert. Joaquin Phoenix, kjend frå Joker, vart arrestert. Foto: AP Photo/J. Scott Applewhite og Fire Drill Fridays.