Dette er dei kulaste OD-jobbane

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Årets OD-dag går av stabelen torsdag 4. november og skal støtte ungdom frå Sør-Afrika i kampen mot sosial urettferd.

Det er berre fantasien som set grenser for kva du kan ta deg til.

Er du ein meister på gjærbakst? Bollesal! Ei kreativ sjel? Heimelaga kort! Eller er du eit arbeidsjarn? Vaske bilar til du får permanent svømmehud på nevane.

Men nokre heldige elevar har fått testa ein meir uvanleg arbeidskvardag.

Kanskje finn du inspirasjon til neste OD-dag blant nokre av favorittane til Framtida.no:

? OD-dagen sikra lærlingsplass som utviklar

Maximillian Øystå Lloyd treivst ikkje på skulen, men hadde hekta på programmering. Vegen ut frå ein trist skulekvardag fekk han gjennom OD-dagen, ifølgje Aftenposten.

Den då 17 år gamle Lloyd fekk prøve seg reklamebyrået Good Morning, og imponerte så veldig at han fekk lærlingplass som utviklar. Når skulen ikkje ville gå med på at han vart deltidselev, så pakka Max skulesekken og såg seg ikkje attende.

No arbeider kodaren fulltid som sjølvstendig konsulent!

? Ordførar for ein dag

Har du ein liten politikarspire i magen? Då er jo OD-dagen eit ypparleg høve for å sjekke kva det vil seie å vere folkevald. Og det har opptil fleire testa allereie!

I fjor følgde Mathilde Tolstad og Andrey Fjeldstad ordføraren i Skien kommune ein heil dag, og nokre år før det igjen var 10. klassingen Nazrawi Tedros ordførar i Vestre Slidre for Operasjon Dagsverk.

Om du allereie har dansekortet fullt på OD-dagen, så kan du alltids gjere som Isak (15) og bruke arbeidsveka til å vikariere som kommunens øvste folkevalde!

Isak Al Bayati hadde arbeidsveke på kontoret til ordføraren i Ullensvang kommune, Roald Aga Haug (Ap). Foto: Gro Heidi Åsen/Hardanger Folkeblad

?️ Forsking

I 2019 brukte to 8. klassingar OD-dagen på å bidra til forskingsprosjektet Natur i endring hjå Naturhistorisk museum!

Elevane Eldar Poorkand Tjøtta og Erling Bryn Folvik var detektivar for ein dag, og gjekk gjennom 130 år gamle registreringar av tre- og skoggrenser i Nord-Noreg. Det er ikkje berre berre når stadnamn har endra seg, og teksten er skriven på ei gammal målform.

? Krabbefiske

Er du heldig nok til å bu med havet som nabo, kan du gjere som Sofie (14) i 2013 og drive krabbefiske på OD-dagen!

Sofie hadde med seg lokalavisa Vesterålen Online på sjøen, og var med å drage inn heile 500 kilo krabbe før ho vende snuten mot land.

?‍? Operasong på Aker Brygge

17-åringen Oda Berg skapte sin eigen arbeidsplass på OD-dagen i 2017 – ho stilte seg nemleg opp på Aker Brygge og sang opera for morgonpendlarane på veg til jobb!

Om du ikkje er velsigna med like fager røyst som Berg, så er du kanskje drivande god på eit instrument?

Oda Berg under OD-dagen 2017. Skjermdump frå video.

? SoMe-tips til utviklingsministeren

Om du siktar endå nokre knepp høgare, så har også utviklingsministeren tilsett elevar på OD-dagen!

I 2019 bytte Sunniva (15) og Maja (14) ut klasserommet med utanriksdepartementet, og arbeidde saman med dåverande utviklingsminister Dag-Inge Ulstein ein heil dag.

Dei gav Ulstein nokre sosiale medium-tips og fekk møte dåverande statsminister Erna Solberg. Vinn-vinn!

Det å ta over sjefsstolen frå ein næringslivsleiar eller verte rådgjevar for ein toppolitikar har vorte stadig meir populært dei siste åra, så kvifor ikkje ta sjansen?

? Drive hotell

I 2017 tok faktisk ein heil klasse frå Oslo Handelsgymnasium over drifta av Scandic Vulkan på Operasjon Dagsverk!

Stephanie var hotelldirektør, og elevane fekk jobb i ulike avdelingar – frå kjøkenet til resepsjonen og til salsavdelinga – slik at dei kunne sjå korleis eit hotell vert drive.

? Teatersjef

Det Andre Teateret i Oslo har opptil fleire gongar lyst ut sjefsstillinga si i samband med OD-dagen.

I 2017 hevda Mats Eldøen at han skulle til Sverige på litt Svinesund-shopping og difor trong ein teatersjef-vikar som kunne ta seg av førestillingane på OD-dagen. Den heldige utvalde var 17 år gamle Sofie Sleipnes som var dramaelev ved Ski videregående skole.

Sofie tok seg av regien på teaterkvelden med temaet «Gullrekka», og heiv seg i kast med dei profesjonelle improskodespelarane! For ein OK+ fredag!


Der kan du lese om Kristian (25) som er gravferdskonsulent, Karoline (23) som er teiknspråktolk eller om kvardagen til Norges tøffeste-Isak på sjark

Isak Dreyer er inne i sin tredje sesong som fiskar. Livet på havet er tydelegvis like god trening som ein får på treningsstudio, for Dreyer kunne nyleg hente heim tittelen Norges tøffeste. Foto: Michael Schult Ulriksen/NRK