Isak (15) hadde arbeidsveke som ordførar

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Al Bayati, frå Kinsarvik i Ullensvang kommune, fortel at han er over snittet interessert i politikk. Då han skulle finne ein plass å ha arbeidsveke, gjekk tankane fort til ordførar Roald Aga Haug (Ap).

– Det er han som er på toppen her lokalt. Eg sendte ein e-post til han og fekk kjapt svar. Det er veldig kjekt at han ville. Han hadde jo ikkje tronge å seie ja, seier Al Bayati til framtida.no på telefon.

Prøvde klubba

Arbeidsveka vart lærerik og kjekk, fortel ungdommen. Mellom anna fekk han vere med på møte med KS i Bergen, med overnatting, i lag med representantar for andre kommunar frå heile Vestland. Han fekk bli med på opninga av Litteratursymposiet i Odda, der mellom anna forfattar Frode Grytten underheldt.

Og så fekk han sitte ved sida av ordføraren i eit formannskapsmøte – og attpåtil slå med klubba i nokre saker.

– Det var veldig stas. Men det kjekkaste må vere turen til Bergen, seier han.

Al Bayati vart også med på folkemøte i fleire grender.

– Nokre møte er jo meir spanande enn andre, men alt i alt lærte eg ein god del om prosessar og avgjerder, seier han.

Harmonisk veke

Al Bayati er fersk Høgre-mann, men han hadde ikkje noko problem med å dele kontor med Ap-ordføraren.

– Det var berre kjekt. I lokalpolitikken er vi ikkje så veldig ueinige. Eg synest ordføraren er veldig flink, og så er det kjekt med diskusjonar der vi ikkje er heilt einige, så ein kan drøfte dei forskjellige sidene, seier han.

– Det vart ikkje krangling mellom dykk?

– Absolutt ikkje. Det var berre harmoni. Roald er veldig dyktig, og på det personlege planet er han ein hyggeleg og snill fyr, seier han.

Ordføraren sjølv, Roald Aga Haug, seier til lokalavisa Hardanger folkeblad at han har prøvd å gjere ordførar-opplevinga så autentisk som mogleg for aspiranten. Al Bayati fekk vere med på alt Haug gjorde i ei vanleg arbeidsveke.

Isak Al Bayati hadde arbeidsveke på kontoret til ordføraren i Ullensvang kommune, Roald Aga Haug (Ap). Foto: Gro Heidi Åsen/Hardanger Folkeblad

Engasjerer seg

Al Bayati fortel at han har følgt med på politikk i fleire år, men at han først i år vart interessert i partipolitikken. I mai melde han seg inn i Unge Høgre. Sidan har det balla på seg, og under valkampen fekk han mellom anna treffe statsminister Erna Solberg.

Han er også ein av pådrivarane for at Unge Høgre om nokre veker etablerer eit lokallag i Ullensvang.

– Sakene eg brenner mest for, er utdanning, samferdsle, skattar og avgifter. Når du engasjerer deg i politikken, får du høve til å påverke, seier han.

Han håpar at det vert litt diskusjon mellom dei lokale ungdomspartia. AUF er godt etablert i kommunen frå før, medan Raud Ungdom vert no lagt ned som følge av at eldsjelene flyttar bort.

Al Bayati vonar at Unge Høgre kan få etablert ein solid organisasjon som ikkje er avhengig av einskildpersonar.

– Viss vi ikkje klarar å rekruttere, fryktar eg at organisasjonen kan forsvinne med folka, seier han.

Vil arbeide først

Sine eigne politiske ambisjonar er han varsam med å kunngjere. Først vil han i alle fall ha ein karriere i arbeidslivet.

– Eg vil jobbe i ei bedrift før eg eventuelt går inn i politikken, seier han.

– Ser vi deg som ordførar i Ullensvang om nokre tiår?

– Det kan eg ikkje svare på no. Tida vil vise, seier han.


Les også: Mangfald i arbeidslivet: – Det held ikkje å vere ikkje-diskriminerande

Masa Paunov og Kimiya Sajjadi. Foto: Big Enough Global