– Det er inga tvil om at ein har å gjere med ein tydleg engasjert avsendar. Og det er inga tvil om at engasjementet smittar, skriv bokmeldar Jannicke Totland.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Jostein Gaarder fekk stor internasjonal merksemd etter at han i 1991 gav ut suksessromanen Sofies verden, ei ungdomsbok om filosofien si historie. Sidan har han gitt ut fleire bestseljarar og har delteke aktiv i samfunnsdebatten.
No er han ute med ei ny bok som tek opp viktige spørsmål om samtida.
Brev til barnebarna
Det er vi som er her nå er forma som eit ope brev til barnebarna sine, der Gaarder vidareformidlar innsiktene og perspektiva han har fått etter eit nesten 70 år langt liv.
Boka startar i forfattaren sin barndom der han skildrar ei rekkje viktige hendingar som bidrog til at han forstod at han var ein del av noko større. Slike opplevingar dannar grunnlaget for Gaarder si nyfikne på- og respekt for livet. Og på den måten utgjer refleksjonane over eige liv, forfattarskap og verdshistorie ein livsfilosofi tufta på erkjenninga av at menneska berre er små brikker i eit stort kosmos.
Små, men forplikta til å handle
Likevel er bodskapen klår. Sjølv om menneska er små, er dei likevel spesielle. Og det gjer oss forplikta til å ta val med tanke på komande generasjonar. Dette er då:
Mennesket er kanskje det eneste levende vesen i hele universet som har en universell bevissthet, altså en svimlende fornemmelse av hele dette veldige og gåtefulle verdensaltet vi er en essensiell del av.
Ifølgje forfattaren, gjer det oss forplikta til å handle etter det han omtaler som det viktigaste filosofiske spørsmålet i tida vår: Hvordan skal vi klare å bevare menneskehetens sivilisasjon og selve livsgrunnlaget på vår egen planet?
Og då er det ikkje berre eit globalt ansvar å ta vare på livsgrunnlaget på jorda: Det er et kosmisk ansvar.
Eit engasjement som smittar
Det er inga tvil om at ein har å gjere med ein tydleg engasjert avsendar. Og det er inga tvil om at engasjementet smittar.
Formidlinga og innhaldet er både vakkert og sympatisk. Dessutan er det høgst relevant og tek opp viktige spørsmål. Dette er særleg tatt dei moralfilosofiske partia i betraktning, med tanke på menneskeskapte klima- og miljøproblem. For korleis skal ein kunne gjere vurderingar mellom fridom og tvang for menneska i framtida, når livsgrunnlaget er truga?
- Les også intervjuet med Jostein Gaarder: – Heilt grotesk at vi som verdas rikaste land skal drive å grave oss ned etter meir olje etter kvart som isen smeltar.
Ei anbefaling med forbetringspotensiale
Med eit lett og munnleg språk, er boka er lettlesen i kontrast til dei store spørsmåla som ho behandlar.
Refleksjonane får lesaren til å tenkje og leve seg inn i det som blir fortalt, noko som gjer at eg vil tilrå boka til både unge og vaksne. Gjennomgangen og refleksjonane kring dei filosofiske, men likevel universale spørsmåla gjer at eg særleg vil tilrå boka til dei som ynskjer å utforske ulike livssyn og er motiverte til å utvikle perspektiva sine på verda.
Likevel, gjer dei personlege anekdotane og dei stadige tilvisingane til barnebarna at boka blir litt for nær, noko som gjer at den ikkje kjennest like aktuell for den utanforståande målgruppa. Det er då utfordringa blir det private, noko som kan synast irrelevant for lesaren og skaper ein motsett effekt enn intendert.
Denne boka passar for: Deg som vil utforske ulike livssyn og er motivert til å utvikle perspektivet ditt på verda.
Vil du heller få eit innblikk i ein skjult del av samfunnet? Då tilrår bokmeldaren denne boka!
- Les også intervjuet med bokaktuelle Ella Marie Hætta Isaksen: – Eg håpar eg kan bidra til eit skifte som gjer at samisk ungdom ikkje i like stor grad må vere leksikon for andre.
Det er vi som er her nå - En livsfilosofi
Forfattar: Jostein Gaarder
Utgitt: 2021
Sjanger: Sakprosa
Forlag: Kagge
Sider: 206