Denne skrivarkunsten og forteljargleda er så uvurderleg at ho må sjåast av heile verda, meiner meldar Herman August Søberg.

Ruby er 19 år gamal. 19 år og vill, 19 år og ambisiøs, 19 år og lovande, 19 år og med eitt einaste ønske: å bli sett. Men Ruby har noko verd å sjå – noko ingen andre har, det må ho jo ha, ikkje sant – det må ho jo. Ikkje sant?
April Alexandersdottir er tidlegare student ved skrivekunstakademiet i Bergen. Ho har no gitt ut sin aller første roman, Ruby baby: ein enormt sterk debut.
Ruby baby
Forfattar: April Alexandersdottir
Sjanger: Realisme
Sidetal: 208
Forlag: Forlaget Oktober
I boka møter me Ruby som må finne ut av livet som dei fleste 19 åringar må. Eigentleg skal det gå ganske greitt: Ho bur saman med kjærasten, har jobb, har det gøy. Men så er det noko inni ho; eit svolte udyr, eit umetteleg behov. For Ruby, som alle andre, ønsker kanskje aller mest å bli sett. Ho treng at nokon skal ville ha ho, ville vere med ho, trenge ho. For utan det, kva er ho?
Er ho nok? Er ho ekte? Er ho tilfreds?
«Jeg er ikke menneske mer, jeg er kropp.»
Kraftige formuleringar
Kvar ei setning Alexandersdottir skriv har ei makt over seg, som om orda flyt ut i store bilde med mektige fargar. Eg trur ho tenkte veldig godt igjennom kva ho ville fortelje, og på denne måten kunne ho skape dei spektakulære bilda.
«Jeg tror vi er lykkelige der vi står og betrakter kaka, som om den var morkaka, som om den var en lillebror. Kjernekraftulykken har ingenting med oss å gjøre, med kjernefamilien å gjøre. Minnet om bursdagskaka er gylt, solbleka, lykkelig falma som det fotografiet av mamma hvor hun ligger toppløs på et svaberg.»
Å kunne gje eit slikt innblikk i hovudpersonen sine tankar når det ho eigentleg ser på er ei brend kake: Det er imponerande!
Kort men presist
Teksta har ein god flyt. Alt gir meining og alt har ei meining. Mange gonger føler eg at forfattarar prøver å legge på masse fyll, men Alexandersdottir har berre med det nødvendige. Sjølv om dette gjer romanen relativt kort, er ikkje det ein negativ ting i seg sjølv, for han står veldig sterk som han er. Den einaste grunnen til at eg skulle ønske han var lengre, er fordi han er så god!
Kompleks hovudperson
Ruby er mykje meir enn eit namn i ei bokside – ho lever. Det er så mykje djupn i ho, så mange lag, så mange sanningar, så mange løgner.
Ho er sprudlande i live, med alt det inneber. Ho har ville seksuelle førestillingar for å handtere saknet etter å bli ønskt. Ho har venner, men veit ikkje kva dei synest om ho. Ho skjuler at ho ikkje eigentleg veit kva ho vil gjere med livet sitt.
Ho er som du og meg: Ho er ikkje perfekt, og ho er ikkje grufull. Ho er berre menneskeleg.
Ljos framtid
Eg trur at April Alexandersdottir kan vekse seg endå større, for denne skrivarkunsten og forteljargleda er så uvurderleg at ho må sjåast av heile verda. Det gler meg å lese ei så fantastisk bok av ein norsk forfattar, ettersom eg ikkje har komme over så mange av dei før. Alexandersdottir er verkeleg noko for seg sjølv! No ventar eg berre på neste utgjeving!