Utviklingsminister Kala (12) tek eit oppgjer med korleis vi snakkar om jenter

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi må ha meir fokus på korleis vi snakkar om jenter. For ord betyr mykje for korleis jenter har det, seier Kala Johansen Drammeh (12) i ei pressemelding frå Utanriksdepartementet.

Måndag er det ho som styrer skuta som utviklingsminister, ein ministerpost Dag-Inge Ulstein (KrF) til vanleg skjøttar.

Ei av sakene Drammeh vil kaste lys over medan ho sit i ministerstolen er korleis jenter vert omtalt. 12-åringen fortel at ho går på barneskulen og høyrer stygge ord om jenter kvar dag, noko som er sårande. Difor er det viktig at politikarar vel orda sine med omhu når dei snakkar om jenter.

Jentedagen

Kala Johanen Drammeh sin debut som utviklingsminister føregår i samband med Den internasjonale jentedagen, som har vorte markert årleg sidan 2012.

Gjennom Girls Takeover gjev bedrifter vekk sjefsstolen til ei ung jente for éin dag.

– Engasjement for jenters rettar må vi ha kvar einaste dag, men denne dagen gjev oss alle ei ekstra mogelegheit til å sikre at fleire får vete kva utfordringar jenter har verda over, seier utviklingsminister Dag-Inge Ulstein (KrF) i pressemeldinga.

Jentedagen er til for å rette merksemd mot utfordringane jenter møter rundt om i verda, og som hindrar dei i å få oppfylt rettane sine.

I 2021 peikar FN på dei digitale kjønnsforskjellane som eksisterer, og korleis jenter i større grad risikerer å stå utan internett og har mindre sannsyn for å få tilgang til teknologiske ferdigheiter og jobbar.

Vil få slutt på tvangsekteskap

Som utviklingsminister vil Kala Johansen Drammeh setje søkjelyset på menneskehandel og menneskerettar, i tillegg til å ta eit oppgjer med korleis vi omtalar jenter.

12-åringen meiner det er viktig å få ein slutt på tvangsekteskap, ein ambisjon ho deler med Girls Takeover-iniativtakar Plan International Norge.

Organisasjonen er òg tildelt årets TV-aksjon, der pengane skal gå til å nedkjempe barneekteskap i Bangladesh, Nepal, Mali, Niger og Malawi. Ifølgje Plan vert 12 millionar jenter gifte vekk kvart einaste år, og ytterlegare fleire millionar barn risikerer å verte gifte grunna koronapandemien.

Kala Johansen Drammeh peikar på at jenter som vert gifta vekk mister skulegang, og såleis også mange mogelegheiter for framtida og for å få oppfylt draumane sine.

– Vi har det så bra her heime. Men tenk på at når vi et frukost, så vert jenter gifta vekk. Det er skremmande. Det er viktig å bry seg om dei vi ikkje ser, seier Drammeh og poengterer at ho ikkje berre vil sitje heime og ønske at andre gjer noko med det som er gale i verda.


Chan (12) er ein av dei heldige, som ikkje har vorte gifta vekk. Foreldra hennar mista jobben i Dhaka, grunna koronakrisa, og familien måtte flytte heim til landsbygda. Dei har likevel hatt råd til å betale for noko undervisning til Chan frå ein privatlærar, slik at dottera kan halde fast ved legedraumen. Foto: Plan International Norge