Emilie Hansen
Publisert
Oppdatert 25.02.2022 14:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– 12. oktober er «El día de Hispanidad», dagen spanjolane kom til Latin-Amerika, forklarar den 20 år gamle studenten Pablo Perez, då Framtida.no møter han i Granada sentrum.

Perez feirar ikkje nasjonaldagen. Han fortel at 12. oktober er ein heilt vanleg dag for han, nasjonaldagen er lik dagen før og dagen etter.

Ifølgje ungdommane Framtida.no pratar med er det stort sett nasjonalistane som feirar denne dagen, dei som er stolte av å vere spanske. Desse møtest på plaza-ar i dei store byane og feirar med spanske flagg.

– Eg er også stolt over å vere spansk, men eg har ikkje behov for å framheve det, seier Perez.

Pablo Perez (20). Foto: Emilie Hansen

Då Christofer Columbus kom til Amerika

12. oktober 1492 kom Christofer Columbus til dei karibiske øyane i Bahamas. 400 år seinare, i 1892, vart det bestemt at Spania sin nasjonaldag skulle finne stad denne dagen. I 1987 vart det vidare lovbestemt at dagen Columbus kom til Amerika, og Spania sin nasjonaldag, skulle feirast på den same dagen.

Ordet «Hispanidad», direkte omsett til «spanskheit», betyr spansk eller nokon som ættar på det spanske, og blir i dag ofte brukt om folk frå Latin-Amerika.

I Spania blir dagen feira med militærparade, fly som lagar gule og raude striper på himmelen, og det spanske flagget heng frå vindauger og balkongar.

Er verkeleg ikkje noko å feire

Ved Plaza Nueva i Sevilla møter Framtida.no venninnene Christina Corrales (20) og Maria Ponce de León (20). Også for dei er nasjonaldagen berre ein heilt vanleg dag.

– 12. oktober er ein dag politikarane går ut og snakkar om kor fantastisk Spania er, fortel Corrales.

Maria Ponce de León (20) (t.v.) og Christina Corrales (20). Foto: Emilie Hansen

Corrales og Ponce de León er imot feiringa av «El dia de Hispanidad». Dei meiner at denne dagen ikkje burde eksistere.

– «Oppdaginga» av Latin-Amerika er verkeleg ikkje noko å feire, seier Corrales medan ho lagar hermeteikn i lufta når ho seier oppdaging.

Corrales og Ponce de León meiner at Christofer Columbus si oppdaging ikkje var noko oppdaging sidan det allereie var etablerte samfunn i den delen av verda.

Ulike syn på nasjonaldagen

Blant dei som er imot feiringa av dagen, blir 12. oktober sett på som starten på noko vondt: mord, valdtekt, etablering av spanske koloniar, og uthenting av ressursar frå Latin-Amerika til Spania.

På den andre sida finn vi dei som feirar dagen. Blant desse er det fokus på ekspansjonen av den spanske kulturen, Spania si storheit, og at ein feirar samhaldet og fellesskapet mellom Spania og Latin-Amerika.

Også i Latin-Amerika har ein feira 12. oktober som «Día de Hispanidad» eller «Día de la raza». Men i dag har fleire av landa bytt namn på dagen, slik feiringa handlar om urbefolkninga som kjempa mot den spanske ekspansjonen og overlevde, kulturelt mangfald, og dekolonisering.

Bruke pengane på noko viktigare

Ungdommane Framtida.no har snakka med deler ikkje heilt det same synet vedrørande nasjonaldagen. Likevel ytrar dei alle synspunkt og meiningar som kan tyde på at feiringa er av mindre verdi for dei yngre generasjonane i Spania.

Om det var opp til ungdommane Framtida.no har snakka med hadde dagen vore annleis. Corrales er ikkje så fornøgd med Spania, og har ikkje behov for å feire landet. Men om det skulle vere ein nasjonaldag, meiner ho ein burde feire den spanske kulturen i Spania, heller enn den spanske ekspansjonen.

Ponce de León, derimot, meiner ein ikkje burde ha ein spansk nasjonaldag i det heile. Medan Perez ikkje har noko i mot dagen i seg sjølv, tenkjer han at Spania kunne ha brukt alle pengane som går med på feiringa til noko viktigare.

– I staden for å bruke pengar på gigantiske flagg og militære framvisingar, kunne staten brukt pengane på område som til dømes utdanning og helse, seier Perez.

Det har vore protestar i Cape Town, Sør-Afrika, mot korrupsjon, sviktande økonomi, kjønnsbasert vald og at styresmaktene ikkje har innført det vedtekne lønnshoppet for offentleg tilsette. Foto: AP Photo/Nardus Engelbrecht