FHI om svensk Moderna-stopp: Unge menn bør vurdere å ta Pfizer-vaksinen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Myokarditt (hjartemuskelbetennelse) er ein sjeldan biverknad etter mRNA-vaksinar. Biverknaden blir sett særleg hos gutar og unge menn og i hovudsak etter andre dose.

FHI skriv i ei pressemelding at oppdatert kunnskap tyder på at dette hender oftare ved bruk av Moderna sin vaksine enn ved Pfizer-vaksinen.

– Dette ser ut til å gjelde uavhengig av kva mRNA-vaksine som vart gitt som første dose, meiner FHI.

Smitteverndirektør Geir Bukholm i FHI understrekar igjen tilrådinga om at ungdom under 18 år blir vaksinerte med Pfizer-vaksinen Comirnaty uansett kva mRNA-vaksine dei fekk som første dose.

– Menn under 30 år bør òg vurdere å velje Comirnaty når dei skal vaksinere seg, seier Bukholm.

FHIs smitteverndirektør Geir Bukholm. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

Nye data

Det er overvakingsanalysar av melde biverknader frå USA som har antyda at myokarditt kan vere hyppigare ved bruk av Moderna sin vaksine som andre dose enn vaksinen frå Pfizer, men tala har vore små og derfor usikre.

– Nye overvakingsdata frå Ontario, Canada, styrkar at denne observasjonen er rett, og førebelse overvakingsdata frå Noreg, Sverige og andre land kan tyde på det same, skriv FHI.

Samtidig understrekar dei at biverknaden er sjeldan, og at dei fleste som har vorte ramma av han, har fått relativt milde symptom.

Han er òg observert ved vaksinasjon med Pfizer-vaksinen, men i mindre grad.

Sverige går lenger

Medan FHI berre kjem med ei tilråding om at unge menn sjølv bør velje å ta Pfizer i staden for Moderna som andre dose, har Folkhälsomyndigheten i Sverige sett bruken av Moderna på pause for alle under 30 år.

Dette av det dei beskriv som «forsiktighetsgrunner».

– Dei som har vorte vaksinerte nyleg med første eller andre dose av Moderna sin vaksine, treng ikkje bekymre seg. Risikoen er veldig liten, men det er godt å vite kva symptom du må vere årvaken overfor, seier statsepidemiolog Anders Tegnell i pressemeldinga.

I Noreg har FHI òg frå tidlegare tilrådd at Pfizer-vaksinen blir brukt for alle under 18 år. Dette fordi det er større erfaring med bruk av denne vaksinen i aldersgruppa.

Vern mot delta

FHI tilrår framleis Moderna til alle over 30 år, og trekkjer fram at han ser ut til å gi noko betre vern enn Pfizer-vaksinen mot både mild og alvorleg sjukdom forårsaka av Delta-varianten.

– Dei som skal vaksinerast framover kan uansett velje den vaksinetypen dei sjølv ønskjer, både som første og andre dose, seier Bukholm.

– Det er viktig å presisere at Spikevax frå Moderna er ein vel så effektiv vaksine mot covid-19 som Comirnaty, og begge vaksinetypane blir framleis tilrådde til dei over 30 år, seier han.


Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen