Fem bøker du kan lese når hausten nærmar seg

Jannicke Totland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Draum om hausten – Jon Fosse (1999)

Omslag: Samlaget

I dette dramaet møter ein mann og ei kvinne kvarandre tilfeldig på ein kyrkjegard. Sjølv om det ikkje direkte blir nemnd kjem det fram at dei har kjent kvarandre før og mogleg har sakna einannan. På gravplassen får ein vite mykje om livet til mannen der både ekskona og mannen sine foreldre etter kvart også blir involverte i forteljinga. Det gjer stykket til både ein kjærleikshistorie og eit familiedrama.

Med Fosse sitt vakre språk og djupe handling er dette ei poetisk forteljing om det kvardagslege, mirakuløse, livet, døden og kjærleiken.

Omslag: Aschehoug

Nærmere høst – Marianne Kaurin (2013)

Det går mot hausten året 1942 og krigen er blitt kvardag i Noreg. I boka møter ein den jødiske familien Stern – som prøver å leve så normalt som mogleg. Historier om deportasjonar frå utlandet er urovekkjande, og ein morgon rammar tragedien også dei. Tilfeldigvis er ikkje den 15-årige Ilse heime, som er hovudpersonen i boka.

I tillegg til å vera ei gripande historie om jødar under den andre verdskrigen får ein òg høyre om kvardagen til «vanlege» nordmenn. Det gjer boka til ein gripande roman om frykt, sorg og utmatting – men også om samhald, kjærleik og mot.

 

Omslag: Forlaget Oktober

Om hausten – Karl Ove Knausgård (2016)

Denne essaysamlinga er forma som eit brev til ei ufødd dotter og er den første i ein serie på fire bøker. I kontrast til anna litteratur av Knausgård er målet å vise at det er mykje å glede seg over i livet. Sjølv formulerer han prosjektet sitt slik:

«Jeg vil vise deg verden slik den er, rett rundt oss, hele tiden. Bare ved å gjøre det kan jeg selv få øye på den. Hva er det som gjør livet verdt å leve?»

Dette gjer han ved å forklare omgrep som spenner frå tyggegummi, fluger, oppkast og daguerreotypiar. Skildringane er både detaljerte og hyperrealistiske, noko som gjer det til ei bok som får deg til å føle hausten på kroppen.

Omslag: Flamme forlag

Ungdomsskulen – Heidi Furre (2016)

Hausten er tid for eit nytt semester, og markerer for mange ein overgang frå ein utdanninginstitusjon til ein annan. I denne romanen møter ein Maja som er 13 år, har byrja på ungdomsskulen og famlar inn i tenåringslivet.

Boka startar med at far hennar er forsvunnen i ei kajakkulykke, noko som markerer ein raud tråd gjennom forteljinga. Maja tenkjer stadig på faren, men når folk spør hevdar ho alltid at ho har det bra.

Gjennom skildringane av pizza, ballbingar, laurdagsgodt, konfirmasjonsundervising, venninnetrøbbel, skulking og forelskingar er det lett å kjenne seg att i den såre tida som ungdomsskulen utgjer.

Omslag: Forlaget Oktober

Høst – Ali Smith (2018)

I likskap med essaysamlinga til Knausgård er Høst den første boka i ein bokserie som er oppkalla etter ulike årstider.

I romanen møter ein Daniel som svevar mellom liv og daud på eldreheimen. Med jamne mellomrom får han besøk av Elisabeth som han har hatt eit nært forhold til sidan ho flytta inn i nabohuset hans som lita.

Til tross for at det nesten er 70 år aldersforskjell mellom dei handlar romanen i stor grad om relasjonen deira, men set og lys på samfunnsaktuelle tema. Blant desse gjer brexit og innvandring seg særleg tydlege og blir skildra med ein skarp og samfunnskritisk penn.


Les også: Først som 25-åring kom Geir Egil ut av skåpet – via ei Dropbox-lenkje. No har han skrive barneboka han ville ha lest då han forstod han vart forelska i gutar

Då han var ung våga ikkje Geir Egil Eiksund (32) frå Ørsta seie til nokon at han vart forelska i gutar. No er han aktuell med barneboka «Kampen», som han sjølv ville ha lese. Foto: Kristianne Marøy/Samlaget