Meir is enn vanleg i Arktis
Men trenden med mindre is er ikkje i ferd med å snu.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Utbreiing av is i Arktis ser ut til å vere godt over det som har vore minimum dei seinaste åra.
Kaldt vêr har hjelpt å behalde ein del av isen i Arktis gjennom sommaren, skriv NRK Nordland. Det gjer at det er uvanleg mykje is i Arktis i september.
Maria Sand, forskar ved Cicero Senter for klimaforsking, seier til NRK at trass i at det er meir sjøis enn vanleg dei siste åra, er det ikkje slik at trenden med mindre is i Arktis er i ferd med å snu.
– Temperaturstigning vil halde fram i åra som kjem og sjøisen vil halde fram å smelte. Om eit par tiår vil september månad vere omtrent isfri.