Meir is enn vanleg i Arktis

Men trenden med mindre is er ikkje i ferd med å snu.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utbreiing av is i Arktis ser ut til å vere godt over det som har vore minimum dei seinaste åra.

Kaldt vêr har hjelpt å behalde ein del av isen i Arktis gjennom sommaren, skriv NRK Nordland. Det gjer at det er uvanleg mykje is i Arktis i september.

Maria Sand, forskar ved Cicero Senter for klimaforsking, seier til NRK at trass i at det er meir sjøis enn vanleg dei siste åra, er det ikkje slik at trenden med mindre is i Arktis er i ferd med å snu.

– Temperaturstigning vil halde fram i åra som kjem og sjøisen vil halde fram å smelte. Om eit par tiår vil september månad vere omtrent isfri.


Dette er ikkje den første symjeturen Pugh legg ut på. Mellom anna har han vore i Noreg og sumt Sognefjorden på langs. Foto: Twitter @LewisPugh