Seks Utøya-overlevande på Stortinget

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei seks er Torbjørn Vereide frå Sogn og Fjordane, Nils Kristen Sandtrøen frå Hedmark, Kamzy Gunaratnam frå Oslo, Elise Bjørnebekk-Waagen frå Østfold, Eigil Knutsen frå Hordaland og Åsmund Aukrust frå Akershus.

Vereide og Gunaratnam, som sidan 2015 har vore varaordførar i Oslo, er valde inn for første gong. Sandtrøa, Bjørnebekk-Waagen og Knutsen går inn i sin andre periode, medan Aukrust, som i 2011 var nestleiar i AUF, er vald inn for tredje gong.

– Kjennest viktig å stå i det

77 menneske vart drepne i angrepa 22. juli 2011, 69 av dei på AUFs sommarleir på Utøya.

Ein tredel av dei overlevande oppgav rundt 8,5 år etter angrepet at dei sleit med symptom tilsvarande, eller på grensa til, PTSD. Nesten halvparten var plaga av angst, depresjon og søvnproblem, medan ein tredel hadde vorte utsett for truslar eller hatefulle ytringar, som mange set i samanheng med at dei var på Utøya.

Også Torbjørn Vereide, her med partileiar Jonas Gahr Støre, er vald inn for første gong. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

Vereide seier til Vårt Land at han var redd for å halde fram med politikk.

– Men det er òg vanskeleg å slutte. Vi som overlevde, ber på ei kjensle av ansvar. Det kjennest viktig å stå i det, seier han.

– Du kan byggje murane og gjerda så høgt du vil. Dei som ønskjer å angripe oss, vil alltid komme over. Skal vi stoppe hatet må vi heller byggje levande demokrati og jobbe for å gi alle meiningsfylte liv, seier Gunaratnam.


Foto frå øvst til venstre: Erika Melhus/ Unge Venstre, Markus Endresen/ FpU, Ihne Pedersen/ Raud ungdom, Senterpartiet, AUF, Sosialistisk ungdom, Anders Haukland/ Krfu, Unge Høgre, Grøn Ungdom.