Dei yngste på Sametinget er alle frå same parti

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 20.10.2021 14:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Omsider er alle stemmene til sametingsvalet talde, 9 dagar og 18 timar etter at dei første prognosane på valdagen.

Partiet Nordkalottfolket auka mest, med ein oppgang på heile 11,7 prosentpong sidan førre sametingsval, men valsigeren gjekk til Norske Samers Riksforbund. NSR fekk nesten ein tredel av alle stemmene og enda på ein oppslutnad på 31,9 prosent.

Av representantane som no skal ta plass på Sametinget, er seks under 30 år gamle. Alle er frå Norske Samers Riksforbund.

Foto: Privat

Maren Benedicte Nystad Storslett (25)

Frå: Kautokeino
Parti: Norske Samers Riksforbund
Valkrins: Ávjovárri valkrins
Yrke: Internasjonal koordinator i Internasjonalt Samisk Filminstitutt

Maren Benedicte Nystad Storslett er den yngste representanten som kjem inn på Sametinget. 25-åringen frå Kautokeino er innvald for aller første gong, men har møtt på tinget før, både som vara og som trainee.

Storslett har leia ungdomutvalet til Norske Samers Riksforbund sidan 2018.


Foto: NSR

Ole-Henrik Bjørkmo Lifjell (27)

Frå: Bleikvasslia
Parti:
Norske Samers Riksforbund
Valkrins: Sørsamisk valkrins
Yrke: Scenekunstnar

Ole Henrik Bjørkmo Lifjell jobbar med teater, musikk og dans. Han er leiar for Sametingets ungdomspolitiske utval (SUPU) i gjeldande periode.

Han er oppteken av å styrkje samisk kunst og kultur og av psykisk helsetilbod, og har vore prosjektleiar for eit forskingsprosjekt om psykisk helse blant unge samar.


Foto: NSR

Maja Krisine Jåma (28)

Frå: Fosen, men bur på Snåsa
Parti: Norske Samers Riksforbund
Valkrins: Sørsamisk valkrins
Yrke:
Lærar, reindriftsutøvar og rådgjevar for Sametingsrådet

Maja Kristine Jåma kjem inn på Sametinget for Norske Samers Riksforbund i sørsamisk valkrins.

NSR skriv at ho har vore ei profilert sørsamisk stemme i kampen mot utbygging av vindkraft, og vil jobbe mot naturinngrep i reindrifta sine areal.


Foto: NSR / Flickr / Wikimedia Commons

Piera Heaika Muotka (29)

Frå: Oslo
Parti:
 Norske Samers Riksforbund
Valkrins: Sør-Noreg valkrins
Yrke: Kommunikasjonsrådgjevar

Piera Heaika Muotka jobbar i NSR, og er utdanna grafisk designar. Han er tidlegare leiar av ungdomsutvalet til NSR. Muotka har vore sametingsrepresentant sidan 2013.
Han har både sjøsamisk og markasamisk bakgrunn. Hjartesaka hans er samiske barn og unge sin rett til opplæring i og på samisk.
Oppdatert 20. oktober 2021: Sara Katrine Aleksandersen (20) og Mathias Eilert Olsen (26) kjem inn på Sametinget etter at Runar Myrnes Balto og Mikkel Eskil Mikkelsen har fått plass i Sametingsrådet, som fungerer som Sametinget si regjering. Dimed er det seks under 30 på Sametinget.

Åse Kristin Ask Bakke (Ap), Tobias Drevland Lund (Raudt) og Freddy André Øvstegård (SV) er alle inne på Stortinget. Foto: Arbeidarpartiet, Raudt, SV. Kollasj: Framtida.no