Statsbudsjettet

Sametinget får 20 millionar meir

Sametinget, Samisk høgskole og folkehelseundersøkinga Saminor 3 får auka løyvingar etter budsjettsemja.

NPK-NTB
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

SV og regjeringa vart samde om budsjett for neste år, og då vanka det auka tilskot til samiske, skogfinske og kvenske formål, skriv Vårt Land.

– Det er berre å takke SV for at dei har stått på og forhandla fram eit løft til Sametinget og andre samiske formål i budsjettforhandlingane. Dette er gledeleg, seier sametingsråd Runar Myrnes Balto, som representerer Norske Samers Riksforbund (NSR).

Sametinget får 20 millionar kroner meir. Det skal brukast på å dekkje inn ein del av etterslepet hos dei samiske institusjonane, seier Balto.

Saminor er no fullfinansiert etter å ha fått 17 ekstra millionar kroner i budsjettsemja. Samisk høgskole får 7 millionar kroner ekstra.