Då sametingspresidenten var 20 år høyrde ho på Björk og vart veldig forelska i sin framtidige ektemann.

– Den viktigaste personen i livet mitt då var nok Yngve. Vi var nyforelska, budde saman i Tromsø, og han studerte engelsk og historie.
Det skriv Silje Karine Muotka i ein e-post til Framtida.
I dag er ho sametingspresident, og representant for partiet Norske Samers Riksforbund (NSR). Då ho var 20, budde ho i Tromsø, var ferdig med Ex. phil og hadde starta på fyrste avdeling juss.
Museumsguide og musikk
Året var 1995, EU-debatten herja, Noctrune vann Melodi Grand Prix, og kvardagen til Muotka var fylt av studium.
– Eg jobba òg som guide ved Várjjat Sámi Musea / Varanger Samiske Museum, fortel Muotka, som ikkje er så reint lite stolt over at Riksantikvaren har tilrådd at museet blir oppført på Noregs tentative liste for framtidig verdsarv.
Muotka var allereie aktiv i NSR sitt landsstyre og ungdomsarbeid, men ho hadde også tid til andre ting. På filmfronten minnest ho å sjå Braveheart på kino, og det var nok av musikk å glede seg over.
– Musikken som dominerte livet mitt på den tida var mellom anna Björk – spesielt Army of Me og It’s Oh So Quiet. Eg hugsar òg Shy Guy av Diana King, Take That – Back for Good, Wonderwall av Oasis og ’74-’75 med The Connells.
I tillegg hadde samisk musikk ein viktig plass, og ho lytta mykje til Mari Boine.
Pulp Fiction og nasepiercing
Muotka er ikkje heilt sikker på korleis bursdagsfeiringa var det året.
– Eg hugsar ikkje 20-årsdagen min heilt nøyaktig, men eg veit at det var påske, og då var eg sikkert på fjellet med venner.
Det er derimot andre minne som er sterkare.
– Eg hugsar veldig godt då Yngve dansa Pulp Fiction-dansen på diskotek. Det var ikkje akkurat ein kjempesuksess, men det var heller ikkje den falske nasepiercingen min.
TV-juss i Tromsø
At ho skulle bli politikar, var ikkje opplagt for Muotka i 1995.
– Eg studerte juss, men det var eigentleg litt tilfeldig at eg valde det. Eg var delvis inspirert av TV-serien Lov og rett i L.A., men eg syntest ikkje jusstudiet i Tromsø levde heilt opp til forventningane mine. Det viste seg nemleg at juss på TV og juss på universitetet ikkje var heilt det same.
– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?
– Eg var oppteken av samepolitikk og sat i landsstyret til NSR. Elles hadde eg ein ganske kortsiktig tankegang – eg levde studentlivet og var fornøgd med det.
Muotka brukte mykje av tida si på å tenke på veslebror sin, og om han kom til å lære seg samisk. Det var også andre bekymringar.
– Eg hugsar òg nokre episodar der eg var ekstra redd, som då han fekk ein pinne i auget, og eg trudde han kom til å miste det. Eg var òg bekymra for mamma, som hadde knust kneskåla si.
Ein engasjert Cyndi Lauper
– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?
– Trur eg ville ha tenkt at det var ei engasjert, eksentrisk og ganske fargerik ung kvinne. Alle var på ein måte mini-Cyndi Lauper på den tida.
– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?
– Følg med på vennene dine, og stå opp for dei. Drikk vatn, puss tennene – og mobiltelefonen kjem til å bli viktigare enn du trur.