LNU-leiaren: «Du treng ikkje vere stjerneelev i samfunnsfag for å ha eit politisk syn»

Isa Maline Isene
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I eit innlegg på NRK Ytring 4. september skriv student Helene Asphaug om at ungdom gjerne har for tynt grunnlag for beslutningane sine. Det er prisverdig at ho vil oppfordre fleire unge til å tileigne seg kunnskap. Vi i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) er likevel ueinige med premisset som ligg til grunn.

Helene Asphaug er skeptisk til at ein «pyntar seg med politikk». Men det må vere greitt å pynte seg med meiningar når dette fører til engasjement.

Terskelen for å delta i demokratiet kan verte opplevd unødvendig høg, men du treng ikkje vere stjerneelev i samfunnsfag for å ha eit politisk syn.

For politikk handlar ikkje først og fremst om kunnskap, men om verdisett. Å meine at det  må verte gjort meir for klimaet, at samfunnet er systematisk rasistisk, eller at bensinen er for dyr – det trengst det ikkje eit stort kunnskapsgrunnlag for å meine noko om. 

Engasjement smittar

Dei siste ti åra har fleire unge enn nokon gong meldt seg inn i organisasjonar, delteke i demonstrasjonar, skrive lesarinnlegg og signert underskriftskampanjar og opprop. Det er nok rett at sosiale medium gjer at dagens engasjement ser annleis ut enn det gjorde då foreldra våre var unge, men det betyr ikkje automatisk at dette engasjementet er dårlegare.

Om ein er kjeldekritisk nok, kan sosiale medium vere ei god kjelde til informasjon og føre til at fleire bryr seg om samfunnet rundt seg.

Heldigvis er det ikkje sånn at ein må ta ein kunnskapstest for å stemme.

Engasjement smittar, og skapar meir engasjement. Å bry seg om samfunnet rundt seg er bra – sjølv om motivasjonen bak engasjementet også kan handle om å framstille seg sjølv i godt lys på sosiale medium. 

Mange av dei unge Helene Asphaug snakkar om i teksten sin har stemmerett, og kjem til å velje det partiet dei identifiserer seg mest med på måndag. Uansett kunnskapsnivå har dei rett til å meine noko om ei sak. Heldigvis er det ikkje sånn at ein må ta ein kunnskapstest for å stemme.

Stemmerett til 16-åringar

Kunnskapsnivå og valdeltaking kan ikkje vere argument mot ungdom når det ikkje er det for resten av befolkninga. Demokratiet vert sterkare di fleire som tek del i det. Difor synest vi det òg er på tide å innføre 16-årig stemmerett.

Det året du fyller 16 år har du på valdagen fullført den obligatoriske grunnskulen, altså har du fått det minimum av demokratiopplæring alle har rett og plikt til. Etter det er det opp til kvar enkelt å tileigne seg meir informasjon om samfunnet vårt.

Barn og unge er politiske aktørar – dei veks ikkje opp i eit vakuum fri for meiningar, men vert forma av samfunnet rundt seg og opplevinga av å vere ung i det samfunnet. Det er grunn nok til å meine sterkt om noko. 

Vi stiller oss bak Helene Asphaug sitt håp om at alle som pyntar seg med politikk også møter opp i vallokala.

Godt val – også til alle unge som ikkje har finlest alle partiprogramma! 


Har du noko på hjartet? Skriv inn til: tips @ framtida.no!

Alle illustrasjon: Linn Isabel Eielsen