Milla (12): – Stem for barna

Milla Søreide Charbaut (12)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg heiter Milla og eg er 12 år.

Eg er ein miljøagent og eg sit i Barnas klimapanel. Barnas klimapanel består av åtte barn frå heile Noreg som er valt av miljøagentar over heile landet. Vi fungerer som eit talerøyr for barn og unge til politikarar, organisasjonar og andre beslutningstakarar.

I juni i år møtte vi til dømes Erna Solberg. Då spurde vi om når Norge skal slutte å leite etter meir olje. Da sa ho at vi var så utolmodige. Og ja, Erna Solberg, det er vi. Klart vi er utolmodige!

I april deltok statsminister Erna Solberg på eit digitalt klimatoppmøte. Foto: Arvid Samland, Statsministerens kontor/Flickr/CC BY-NC 2.0

Vi i Barnas klimapanel reiser til Glasgow på FNs klimatoppmøte i november. Der forventar vi faktisk at landets nye statsminister seier at Noreg skal slutte å leite etter nye oljefelt. Det er på høg tid. Det er framtida vår det er snakk om.

Det krevst handling for å redde kloden

FNs nyaste klimarapport, publisert i august 2021, er tydelig på at vi må sette i gang med å redusere klimagassutsleppa med det same. Om vi skal forsette å kunne leve på denne planeten må vi halde Parisavtala frå 2015, og altså avgrense global oppvarming til maksimum 2 grader, og helst ikkje meir enn 1,5 grader.

Det krevst handling for å redde kloden.

Og vi må gjere noko no!

Det er «kode raud» for menneskeslekta, sa nyleg FNs generalsekretær António Guterres.

Men vi må ikkje berre hindre klimakrisa på grunn av oss sjølve, vi må også gjere det for dyras skuld. Det er allereie alt for mange dyrearter som har døydd ut. Enda fleire vil forsvinne viss vi held fram som no. Ingen dyr burde lide slik mange av dei gjer som følgje av måten menneska behandlar jordkloden vår på i dag.

Vi høyrer stadig om nye flaumar, brannar og kraftig vind, altså ekstremvêr. Berre no i sommar har det vore, og er, store øydeleggjande skogbrannar på mange kontinent, for ikkje å snakke om flaumane i Tyskland og Belgia for å nemne nokre.

I juli vart delar av Tyskland og Belgia råka av kraftig regn, som førte til flaum fleire stadar. Foto: AP Photo/Virginia Mayo

Når slike ting skjer tenker du kanskje at det er skummelt, men så gløymer du det ganske fort igjen. Du skjønar aldri kor ille det eigentlig er, ikkje før det skjer med deg, i dine nærområde. Men ein gong om ikkje så lenge, er det kanskje deg eller dine barn det vil skje med. Først da kan det hende du vil skjøne alvoret. Og da er det allereie for seint.

Sjølvsagt er vi barn utolmodige

Tida er inne for handling! Det er nok prat no. Sjølvsagt er vi barn utolmodige. Det dreier seg jo om framtida vår. Og det er mykje vi kan gjere for å hjelpe den fine planeten vår.

Vi må stemme på politikarar som gjer det enkelt for folk å leve miljøvenleg i kvardagen. Miljøvenlege varer bør vere dei billegaste i butikken. Det må lønne seg å handle, ete og vere miljøvenleg. Dette kan politikarane våre fikse viss dei vil.

Dette kan politikarane våre fikse viss dei vil.

Men det er også mange lette ting vi sjølve, du og eg og alle dei andre 7,5 milliardar menneska i verda kan gjere i kvardagen, uavhengig av politikarane. Til dømes kan vi alle ete opp maten vår, bruke mindre straum, plukke opp søppel, kjeldesortere, sykle meir og engasjere oss i ein organisasjon som gjer noko for natur og miljø.

Alle kan vi gjere litt, sjølv om ingen kan gjere alt.

Til dykk som er over 18 år: bruk stemmeretten dykkar – for barna, framtida og kloden si skuld. Godt val 13. september!


Har du noko på hjartet? Skriv inn til: tips @ framtida.no!

– Klimabrølet er klimakampen i eit nøtteskal – hårete mål, og ein fantastisk og variert gjeng med samansette kunnskapar, fortel Even Nord Rydningen. Arkivbilete frå Klimabrøket i 2019. Foto: Andrea Rygg Nøttveit