Sitjande statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg og utfordrar Jonas Gahr Støre (Ap) svarar på spørsmål frå born. Foto: NTB/Terje Pedersen. Kollasj: Framtida Junior.
Erna og Jonas svarar – om skulen, klimakrisa og psykisk helse
Kva meiner Erna Solberg om klimarapporten frå FN? Og korleis vil Jonas Gahr Støre hjelpe barn som hatar kroppen sin?
Janne Nerheim
Publisert
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Framtida Junior har stilt statsministerkandidatane spørsmål lesarane har sendt inn! Her kan du lesa kva Erna Solberg (H) og Jonas Gahr Støre (Ap) svarar.
? Skule
– Kva meiner du om gratis skulemat?
GAHR STØRE:– Skulemat er sunt, bra for læring og byggjer gode, inkluderande fellesskap. Arbeiderpartiet vil at alle elevar skal få eit sunt og enkelt skulemåltid kvar dag, med brødmat, mjølk, frukt og grønt.
SOLBERG: – Eg meiner at det er andre ting som er viktigare enn gratis skulemat. Til dømes gode lærarar og moglegheit til å delta på fritidsaktivitetar. Derfor har regjeringa satsa på det, i staden for gratis skulemat.
– Synest du me bør ha heimelekser?
GAHR STØRE: – Ja, Arbeiderpartiet vil at me halda fram med heimelekser, men meiner unødvendig leksepress i skulen må dempast. Me vil at leksene som hovudregel gjerast i løpet av skuledagen. Lekser kan gjera at du lærer meir, men det må ikkje bli til eit leksepress. Me vil ha gode lekser, som ikkje tek for mykje tid.
SOLBERG: – Ja, det synest eg. Heimelekser er ein god måte å læra på.
– Kvifor leikar me så lite på skulen?
GAHR STØRE: – Skulen har blitt veldig opptatt av å måla elevane, gjennom testar og karakterar. Det er dumt, for då gløymer ein kor mykje barn lærer og utviklar seg gjennom leik. Me vil ha fysisk aktivitet på skulen kvar dag, og ha meir tid til leik i skulen – det er òg bra for læring!
SOLBERG: – Me er på skulen for å læra og bli god i lesing og rekning og andre ting. Det er også friminutt på skulen der ein kan leika og vera i aktivitet saman. Det er masse tid til leik og moro når ein ikkje er på skulen.
– Kvifor er det så kaldt i klasserommet på vinteren?
GAHR STØRE: – Klasseromma skal ikkje vera kalde. Nokre skular er nye, og andre er gamle. Gamle bygg held som regel dårlegare på varmen, for eksempel fordi dei er dårlegare isolert. Derfor er det viktig at kommunane har god økonomi slik at dei kan bygga nye skular, og pussa opp dei som er gamle. Me vil gje meir pengar til kommunane.
SOLBERG: – Viss det er kaldt i klasserommet på vinteren, er det viktig å seia ifrå til læraren, slik at han eller ho kan gjera noko med det. Samtidig er det slik at ikkje alle likar å ha det like varmt, så nokre gonger kan ein ta på seg ein varm gensar om ein frys, i staden for å setja opp varmen.
– Kvifor har me ikkje kantine og varm mat på skulen?
GAHR STØRE: – Det kostar ofte mykje pengar. Arbeiderpartiet vil derfor ha eit sunt og enkelt skulemåltid gratis for alle elevane – det kan jo vera godt sjølv om det ikkje er varm mat.
SOLBERG: – Nokre skular har kantine på skulen, men ikkje alle. Eg meiner matpakka er like god som varm mat, og at det er viktigare at barn og unge har gode lærarar på skulen enn kantine og varm skulemat.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.